Derimot: Studie:Etter covid-injeksjoner økning i nevrologiske lidelser. – Derimot

derimot.no:

Det kommer nå hele tiden meldinger om økninger av ulike helseplager i etterkant av covid-vaksineringene over hele verden. Spørsmålet er når våre helse myndigheter skal reagere og ta disse meldingene på alvor. Det vil kunne komme til et kritisk punkt der tvilen om deres faglige troverdighet blir så stor at alt smeller i ansiktet deres.

Men det ser ut til at strategien er å sitte stille i båten og håpe at det hele går over. Her enda en ny rapport om ettervirkningen av covid-vaksineringen. Det begynner å bli ganske mange av dem.

Knut Lindtner
Redaktør

Ny studie: Covid-injeksjonar forårsakar nevrologisk sjukdom – deretter DØD

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Unge vaksne mellom 15 og 44 år opplever meir nevrologisk sjukdom enn nokosinne i amerikansk historie. Og data frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC) peiker ut Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar» som syndebukken.

Phinance Technologies samla saman ein studie som bruker desse CDC-dataa til å vise ein skarp auke i nevrologisk sjukdom-indusert død i denne gruppa, som byrja i 2020. Tilstandar som Guillain-Barré-syndrom (GBS) og akutt disseminert encefalomyelitt som vanlegvis blir assosiert med vaksinasjon, byrja plutseleg å påverke dei i aldersgruppa 15-44, der mange vart tvinga til å bli injisert mot covid for å kunne arbeide eller gå på skule.

Pre-print-studien [ikkje formelt fagfellevurdert eller publisert studie; oms.an.] målar det som Great Game India skildrar som «eit urovekkjande bilete av det nevrologiske helselandskapet i USA». Den viser ein tydeleg auke i dødelegheit av nevrologisk sjukdom akkurat på den tida då Trump-regimet lanserte Operasjon Warp Speed.

Ed Dowd, ein tidlegare Wall Street-guru som no er ein leiar ved Phinance, sa at «resultata viser eit tydeleg brot med den tidlegare historiske trenden i dødsratar av nevrologiske sjukdommar». […]

Ta sprøyta, døy tidleg

Til forskinga si såg Carlos Alegria og Yuri Nunes i Phinance på nevrologisk sjukdomsrelatert dødelegheit i alle aldersgrupper, og frå 2000 til 2023. Dei skilde spesifikt mellom dødsfall der nevrologiske sjukdommar var underliggjande dødsårsak (UDÅ), og dødsfall der nevrologiske sjukdommar var indikerte som ein av fleire årsaker (FÅ) basert på dødsattestar. So samanlikna dei dødelegheitsratar med ei grunnlinje for å kunne oppfange overtalsdødsfall.

I 2020, før dei sokalla «vaksinane» vart sleppte laus, men etter at covid-biovåpenet var i fullt omløp, auka dødsfall av nevrologisk sjukdom med 4,4%. I 2021, året med sprøytene, gjorde dei same dødsfallstypane eit hopp med ytterlegare 10%.

Året 2022 var ikkje mykje betre, med ein auke på 9,9% i dødsfall forårsaka av nevrologisk sjukdom, følgt av ytterlegare 8,1% auke i 2023. Sidan vi framleis skriv år 2024, vil ikkje data for det året bli tilgjengelege før neste år.

Sjølv etter at dei fjerna dødsfall der ein påstått covid-infeksjon vart rapportert, kalkulerte teamet ein tydeleg og merkverdig auke i dødsfall forårsaka av nevrologisk sjukdom blant dei i alderen 15 til 44.

«Styrken til den statistiske betydelegheita til overtalsdødsfall av nevrologiske sjukdommar var særs høg, og blir sett på som ekstremhendingar, noko som indikerer ei tydeleg endring frå trenden mellom 2010 og 2019,» sa Phinance om funna.

Det burde òg bli merkt at verda endra seg dramatisk under «pandemien» på måtar som truleg forverra underliggjande nevrologiske sårbarheiter hjå enkelte.

Phinance-teamet forklarte at kanskje dei beskjedne 2020-auken av dødsfall forårsaka av nevrologisk sjukdom var på grunn av «helseeffektar relatert til pandemihandteringstiltak slik som nedstengingar og mangel på medisinsk omsorg, eller andre relaterte faktorar slik som stress, mindre trening, verre matvanar eller underdiagnostisert covid-19 i seg sjølv, eller relaterte biverknader.» Men kva med etterpå? Her er kva dei hadde å seie:

«Den markante auken av overtalsdødsfall av nevrologiske sjukdommar i 2021, 2022 og 2023 er vanskelegare å forklare på grunn av covid-19 åleine. Med tanke på kasusstudiar av nevrologiske biverknader etter covid-19-vaksinasjon som blir sitert i litteraturen, kan ein mogleg faktor vere biverknader av covid-19-vaksinane. Vidare må ein òg ta med i reknestykket moglegheita for vedvarande covid-19-infeksjonar eller long covid.»

Covid-sprøyte-agendaen ville aldri ha vore mogleg utan Operasjon Warp Speed.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...