Derimot: Studie fra Japan: Økning i noen kreftformer etter 3. dose. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Tre stikk og du er DØD! Operasjon Warp Speed, kreft og folkemord

Ethan Huff i Natural News skriv:

Forskarar frå Japan har funne ut at kreftdødelegheita er spesielt høg etter at ein person blir «vaksinert» mot Wuhan-koronaviruset (covid-19) – og spesielt etter ein tredje «oppfriskningsdose».

Innlegget er hentet fra Saksyndig

John Campbell, som har doktorgrad, analyserte nyleg den fagfellevurderte studien på sin podcast – sjå den her:

Han diskuterte kva den avslører med Angus Dalgleish, professor i onkologi [læra om kreftsjukdommar] ved St. George’s University of London.

Campbell la merke til frå funna i studien at auken i dødelegheit av alle årsakar gjekk opp i Japan frå 2021 og til i dag. Studien vart utført i Japan, som er grunnen til at den fokuserte berre på det landet, men funna kan nesten heilt sikkert overførast til USA og andre «fullvaksinerte» land òg.

Alt i alt identifiserte studien ein 2,1% auke i dødelegheit i 2021, følgt av ein mykje meir betydeleg auke på 9,6% i 2022, året med «oppfriskningsdosane».

I 2020, før Operasjon Warp Speed og den særs forhasta utrullinga av dei sokalla «vaksinane», var der ingen betydeleg overtalsdødelegheit. Men i 2021 og etter at to tredjedelar av den japanske befolkninga fekk ein tredje «oppfriskningsdose» mot covid, var der ein betydeleg auke i overtalsdødelegheit. […]

Folk døyr av covid-injeksjonar, ikkje av covid

I enkelte tilfelle auka førekomsten av visse krefttypar med nesten 10% etter Operasjon Warp Speed. Følgjande er ei spesifisering av auken av dei og dei krefttypane:

  • Eggstokkreft: auke på 2,5% i 2020, 7,6% i 2021, og 9,7% i 2022.
  • Leukemi: auke på 0,2% i 2020, 1,7% i 2021, og 8% i 2022.
  • Prostatakreft: auke på 1,2% i 2020, 5,3% i 2021, og 5,9% i 2022.
  • Munn- og strupekreft: auke på 0,6% i 2020, 1,3% i 2021, og 5,5% i 2022.
  • Hudkreft: auke på 0,6% i 2020, 0,1% i 2021, og 3,2% i 2022.
  • Livmorkreft: nedgang på 1,1% i 2020, nedgang på 1,3% i 2021, og ein auke på 2,5% i 2022.

Som du kan sjå, auka kreftførekomsten eksponentielt for kvart år sidan lanseringa av Operasjon Warp Speed. Det er venta at i 2024 og framover vil den auken bli endå meir merkbar.

«So igjen ser vi denne sterke korrelasjonen i tid som blir temmeleg betydeleg auka… førekomst av eggstokkreft med vaksineutrullinga her,» kommenterte Campbell, og kalla kvar tilleggskorrelasjon for «nok eit ‘underleg’ samantreff».

«Alle kreftdødsfall er statistisk betydelege. Overtals[dødsfall] dukka opp i 2021, og auka vidare i 2022. I tillegg observerte ein betydeleg overtalsdødelegheit etter august 2021, medan massevaksinasjon av folk flest byrja rundt april 2021.»

Sidan enkelte typar av kreft kan ta fleire år å utvikle seg, vart dei ekskluderte frå forskinga til Campbell, som sannsynlegvis vil bli følgt opp dei neste åra (om verda slik vi kjenner den i det heile kjem til å vare so lenge).

Sidan dei tidlege dagane i den sokalla «pandemien», har Dalgleish åtvara om desse og andre risikoar assosiert med RNA-baserte injeksjonar – men få høyrde på han. No får millionar av menneske kreft, der mange òg kjem til å utvikle den i næraste framtid.

«Dette er eit brotsverk mot menneskeheita utan sidestykke,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om den reinspikka vondskapen bak Operasjon Warp Speed. «Alvorleg straff for gjerningspersonane må følgje. Dei veit, og dei burde betale for det.»

«Det faktum at Bill Gates kallar det ‘den endelege løysinga’ burde ha alarmert folk,» skreiv ein annan. «Tragisk nok veit få i dag om holocaust, elles ville dei ha sett det kome. Vil gjerningspersonane bli stilt for retten for brotsverka sine? Kven veit, men dommens dag vil definitivt kome til dei dersom rettssystemet ikkje gjer det.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: Olga Kononenko

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar