Derimot: Strømprisen i Storbritannia: Nå sliter millioner briter mens landet ledes av en milliardær.
derimot.no:
To millionar britiske hushaldningar koplar ut kjøleskapa sine fordi straumen er so dyr
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Det er ikkje berre folket i det tidlegare demokratiet Noreg som slit med høge straumprisar. Òg i Storbritannia ser dyr straum ut til å vere eit stort problem for dei med låg inntekt. Ein studie utført av Joseph Rowntree Foundation (JRF) avdekkjer at rundt to millionar fattige hushaldningar i øyriket slår av kjøleskapa og frysarane sine i eit desperat forsøk på å spare straum. Dette er det Natural News som melder. Dei skriv (mi omsetjing):
«Den uavhengige organisasjonen for sosial endring ‘som arbeider for å løyse britisk fattigdom’ sa i oktober at ein fjerdedel, eller 2,8 millionar, av hushaldningar med låg inntekt hadde sete seg sjølve i gjeld for å betale for mat, ein tredjedel hadde selt eigendelar for å få pengar, og ein av seks hadde brukt sokalla offentlege ‘varmestover’. I tillegg måtte fire av fem hushaldningar med universal credit [økonomisk støtte frå staten; oms.an.] greie seg utan mat, skru av varme og ikkje erstatte utslitne kle. Nesten ein million hushaldningar sa at dei sidan mai månad måtte kople frå kjøleskap eller frysar for fyrste gong.
‘Millionar av familiar kopar frå kjøleskap og frysarar i dette nyaste kapittelet i ei lang historie av prøvelsar,’ er Peter Matejic, sjefsanalytikar i JRF, sitert på å seie. ‘Folk risikerer å bli sjuke av å ete utgått mat og gå utan sunn, fersk mat. Dette risikerer varig helseskade på millionar.’ Han sa òg at biletet ikkje blir betre for fattige familiar sjølv når inflasjonen byrjar å søkkje. ‘For mange tek opp lån for å betale for mat, dei sel eigendelane sine og bruker varmestover for å prøve å halde det gåande,’ sa han.»
Veldedige organisasjonar bekymrar seg over at ministrar ser ut til å ha intensjon om å redusere finansiell hjelp til familiar med låg inntekt; dei har tenkt å fryse verdien av trygdeytingar for dei i arbeidsfør alder frå og med neste april, noko som vil føre til at ni millionar hushaldningar i snitt går glipp av 460 pund (6200 kroner) kvar i støtte. Dermed vil familiar som allereie tener lite, få det endå verre. Sjølv om regjeringa hadde øyremerkt 12 milliardar pund til støtte for fattige, har 7,3 millionar hushaldningar gått utan mat og andre livsnaudsynte varer dei siste seks månadene.
Meir enn 4000 hushaldningar vart undersøkt i studien til JRF. Dei som mottek statleg støtte er for det meste svarte, asiatiske og av blanda etnisitet, i tillegg til familiar med ein ufør medlem og familiar med barn.
Ein talsperson i Department for Work and Pensions (arbeids- og pensjonsdepartementet) seier at støttepakken på 94 milliardar pund har gjeve vesentleg finansiell støtte til millionar av hushaldningar. Den statlege støtta vart auka med 10,1% tidlegare i 2023, og det skal i tillegg investerast 3,5 milliardar pund for å hjelpe tusenvis med å finne lønt arbeid, noko talspersonen seier er den beste måten å sikre deira finansielle tryggleik på lang sikt.
Og i mellomtida sit fattige, britiske familiar med avslåtte kjøpeskap. Tragisk nok speler det ikkje so stor rolle om kjøleskapa er av dersom det ikkje er mat i dei.
Og stoda i Noreg? Ikkje nemneverdig betre, sjølv om dei fleste norske kjøleskap og frysarar førebels er på.
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst