Derimot: Storbritannia er ikke den sjømakten landet en gang var. Tigeren er blitt en pusekatt.
derimot.no:
Storbritannia er ein dårleg spøk, særleg militæret deira
av Larry Johnson 7. januar 2024
Då eg såg nyheitene på Andrei Martyanov sin siste podcast, om at Storbritannias Royal Navy hadde lagt ut ein stillingsannonse for ein admiral som skal leie Storbritannias ubåt-teneste, trudde eg han hadde blitt narra av Babylon Bee. Neida! Andrei er, som alltid, oppdatert på dei siste utviklingane. Fleire mediekanalar rapporterer at:
Royal Navy var nøydd til å avertere etter ei toppstilling på sosiale medium i eit trekk skildra av militære kjelder som «totalt skammeleg». Marine-leiinga la ut annonsen for stillinga som kontreadmiral til ei årsløn på £150 000 på LinkedIn i desember, då dei sleit med å finne folk til jobben internt. … Den utvalde kandidaten skulle erstatte kontreadmiral Simon Asquith som direktør for ubåtar og ha ansvaret for «elite-operasjonar» og nasjonens kjernefysiske avskrekking.
Fekk du det? Det er for tida ingen i Den kongelege marinen som blir vurdert til å ha kompetansen og kvalifikasjonane til å kommandere ubåtane, som er det primære leveringssystemet for Storbritannias atomvåpen. Så ein eller annan tulling i marinen tenkte «Hei, la oss legge ut ein annonse på LinkedIn og sjå kva vi får.» Er britane på jakt etter ein snasen transperson med lilla hår som er flink på bruk av pronomen?
Eg har ein idé. Eg nominerer admiral Rachel Levine:
Ved første augekast skulle ein tru dette var ein av Monty Python-gjengens ufine spøkar. Eller kanskje Benny Hill har gjenoppstått frå dei døde og bestemt seg for å kødde med the Royal Navy. Absurditeten kan ikkje beskrivast med ord, men den tvingar klarttenkande analytikarar til å konkludere med at imperiet Storbritannia si ein gong så mektige militærmakt har blitt eit klovne-show.
Eg antar at vi no berre må akseptere det faktum at den ikoniske songen «Rule, Britannia» er rein satire. Storbritannia styre bølgene? Storbritannia har ikkje ein gong nok sjøfolk til å bemanne sin puslete flåte, som elles har ein tendens til å bryte saman.
Ifølge Independent (ei britisk avis):
Den britiske marinen var tvungen til å ta ut av drift to krigsskip – HMS Westminster og HMS Argyll – fordi dei hadde for få sjøfolk til å bemanne dei.
Ikkje berre greier ikkje den kongelege marinen å rekruttere nok sjøfolk til sine kampstasjonar; dei slit og med å halde skipa sine flytande og til sjøs. Hugsar du denne frå august 2022?
Storbritannias krigsskip HMS Prince of Wales til £3 milliardar blir strippa for delar etter ein større mekanisk svikt i fjor. Hangarskipet braut saman etter at tekniske problem med ein styrbord-propell i august førte til kansellering av ein lenge planlagt visitt til USA. Hendinga, utanfor kysten av Isle of Wight, skjedde mindre enn eit døgn etter at dei la ut på turen over Atlanterhavet. Krigsskipets babord-propell treng og erstattast, då den lir av dei same problema, ifølge Mail on Sunday.
Mens det ligg i tørrdokk i Skottland, blir delar av HMS Prince of Wales fjerna og brukt til å erstatte kaputte delar på søsterskipet, HMS Queen Elizabeth.
Når ein marine ikkje skikkeleg kan vedlikehalde og reparere sine skip, så er det ein marine som er på veg inn i gløymselen. Det er ikkje berre Den kongelege marinen som er ein katastrofe. Heile det bitiske militæret blør personell og lir tosifra nedgang i rekrutteringa, ifølge Independent:
Inntaket til Navy og Royal Marines fall med 22,1 prosent samanlikna med fjoråret, medan flyvåpenet, RAF, fall med nesten 17 prosent og hæren med nesten 15 prosent.
La oss innføre ein ny regel – ingen medlemmar av den britiske arméen, marinen eller flyvåpenet bør få lov til å kommentere på sosiale medieplattformar om den bedrøvelege tilstanden til det russiske militæret. Ha anstendigheita til å halde kjeft. Fiks dykkar eige hus før de legg ut for å instruere andre. Men det finst eit anna problem.
Veit du namnet på landet som hadde regien med opptreninga av ukrainske styrkar til motoffensiven som gjekk så dårleg? Om du gissa Storbritannia, kan du gi deg sjølv ei gullstjerne. Ikkje rart ukrainarane vart smadra.
Sjå Andrei rive i stykke Storbritannias militære etablissement med velfortent kritikk. Storbritannia er ein militær lettvektar. Russiske og kinesiske militæranalytikarar må le seg forderva når dei ser det britiske militæret spankulere rundt og late som om dei er ei formidabel makt. Det er dei ikkje.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/britain-is-a-bad-joke-especially-its-military/
Forsidebilde: Casey Horner