Derimot: Statistiske data fra mange land. Dramatisk økning i dødstall etter vaksineringen. – Derimot

derimot.no:

Steve Kirsch sine analysar av covid-«vaksine»-statistikk viser dramatisk auke av dødsfall over tid

Steve Kirsch sit dagleg og analyserer covid-«vaksine»-data frå heile verda, gjeve til han av modige varslarar som risikerer karriere, fridom (og i ekstreme tilfelle liv) for å vidareformidle det faktum at mRNA-injeksjonane er dei farlegaste og dødelegaste i historia. I motsetnad til trygge vaksinar, held dødelegheita etter administrasjon av injeksjonane berre fram med å halde seg høgt – og til no har overtalsdødelegheita auka i meir enn eit år.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Natural News skriv (mi omsetjing):

«Sensurerarar på nettet har gjort sitt beste for å forsikre seg om at folket ikkje høyrer om dei potensielle farane til covid-19-vaksinar frå hovudstraumsmedia eller sosialmedieplattformer, men etter kvart som tida går sidan vaksinane fyrst vart rulla ut, blir evidens mykje enklare å finne – og mykje vanskelegare å ignorere. Rådata fortel i aukande grad historia om akkurat kor mykje desse sprøytene skader helsa hjå menneske.

Steve Todd Kirsch er en elektroingeniør og gründer fra USA. Kirsch er mest kjent for å være en av de to oppfinnerne av den optiske datamusen. Wikipedia

Gründer Steve Kirsch, som har lagt ut grundige analysar av covid-19-vaksinedata på Substack, har delt ein sjokkerande ny rapport basert på Medicare-dødsdata som han seier bekreftar utan ein skugge av tvil at desse vaksinane drep folk.

Han forklarte at då han laga eit enkelt plott som inneheld det absolutte talet av menneske som døydde kvar dag etter ein vaksine vart gjeven, samanlikna med talet dagar som hadde gått sidan dei fekk sprøyta, fell talet døde per dag alltid over tid når det gjeld trygge vaksinar, etter ein 21-dagarsperiode rett etter administrasjon av vaksinen.

Når det derimot gjeld covid-vaksinane, har talet faktisk stige over tid i eit heilt år. Dette er noko Kirsch seier har funne stad i kvart einaste land som han har fått tak i data frå etter kvar dose av vaksinen. Han insisterer at dette berre burde skje dersom der gjekk føre seg noko stort i bakgrunnen, noko som ikkje var tilfellet her.

Kirsch sa at det å observere denne oppgangen i dette plottet i eit heilt år etter vaksinasjon, er «hittil usett» og kan berre tyde éin ting: covid-19-vaksinar drep folk. […]

(Sjå òg «Newzealandske styresmakter i panikk etter at varslar Barry Young offentleggjorde data som viser særs høg dødelegheit til covid-19-‘vaksinar», publisert 16.desember 2023.)

Han forklarte at data frå New Zealand i alle aldersgrupper og dosar viser ein auke i dødelegheit på 49% mellom veke 5 og 23 – men dødelegheitsraten skal alltid vere flat for trygge vaksinar. Han skreiv: ‘Ein auke på 49% dødelegheit på fem månader i ei befolkning på to millionar menneske utvald frå fem millionar menneske i landet er rett og slett forbløffande.’

Han sa at han har sett den same effekten i alle landa som han har desse dataa frå: Storbritannia, Israel, USA, New Zealand og Maldivane.

Når det gjeld Medicare-dataa, for å seie det igjen, skal linja alltid gå nedover frå og med dag 28, men det er ikkje det han observerte i analysen sin. I staden er linja positiv. Det som gjer det endå meir gripande er det faktum at dataa som vart brukte som grunnlag kjem frå ei diger undergruppe; nesten 80% av Medicare-benefisientar har fått minst éin dose av covid-19-vaksinane, ifølgje Centers for Medicare & Medicaid Services.

Ifølgje analysen hans er denne effekten på ingen måte førekome før, og er ikkje ein bakgrunnseffekt. Den har samanheng med administrasjonen av covid-19-vaksinar og ein ser den ikkje med nokon andre vaksinar, og det skjer i fleire land. Der er inga anna forklaring på desse dødelegheitsdataa bortsett frå sprøytene.

Kirsch skreiv: ‘Eg veit ikkje korleis legar kan ignorere dette; det er krystallklart. Linja av dødsfall per dag etter sprøyta går opp. Den skal eigentleg gå ned. Du kan ikkje ignorere dette. Du kan ikkje forklare det’. […]

På slutten av analysen forklarte Kirsch kvifor han trur legar kjem til å ignorere funna. Det er eit fenomen som vi stadig har sett sidan byrjinga på vaksine-utrullinga, der legar som burde vete betre driv og insisterer at vaksinen er fullstendig trygg, endå enkelte av dei frå privat hald nektar å ta den sjølve, og åtvarar familiane sine om å ta dei.

Kirsch forklarte at legar rett og slett må tene til livets opphald, og dei som vågar å seie noko mot covid-vaksinane, står overfor tap av jobb og spesielt legeautorisasjonen, som dei jobba so hardt for å få i si tid.

‘So drepinga vil halde fram på ubestemt tid fordi legar har fått munnkorg. Det er rett og slett slik stoda er,’ klaga han.»

Forsidebilde: Claudia Wolff
Tidligere publisert på derimot.no

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar