Derimot: Starmer i Labour styrer perfekt mot avgrunnen. Nå faller Labour som følge av grådighet. – Derimot
derimot.no:
Dette er grunnen til at arbeidarklassen ikkje lenger stolar på Vestens venstrepolitikarar
Storbritannias statsminister Keir Starmer er det perfekte dømet på grådigheita som har korrumpert parti som liksom skal representere den vanlege velgaren
RT, 2. okt, 2024
Av Graham Hryce
Det har alltid eksistert korrupte politikarar – til og med blant leiarane for sosialdemokratiske parti – sjølv om det er umogleg å førestille seg Jeremy Corbyn eller Harold Wilson ta imot merkeklede til titusentals pund, gåver og gratis luksuslosji frå ein milliardærforretningsmann.
Starmers rovgriskheit er typisk for tida vi no lever i, og den avslører ei fundamental sanning om moderne sosialdemokratiske parti i Vesten – nemleg at desse partia for lenge sidan har slutta å representere interessene til arbeidarklassen og mannen i gata, og i dag berre gjer det dei globale elitane som styrer og kontrollerer dei fleste landa i Vesten ber dei om.
Når det er slik det er, er det neppe overraskande når desse elitane dusjar gode i overflod over politiske leiarar som så iherdig vernar om den massive rikdommen, sosiale statusen og makta deira.
Dette er sjølvsagt ikkje eit særbritisk fenomen. I Australia er det til dømes legendarisk kor glad Labor-statsminister Anthony Albanese er i å akseptere korporativ rausheit – sjølv om gåvene som Albanese regelmessig mottar (inkludert gratisbillettar til australsk-fotballkampar og Taylor Swift-konsertar) verkar avgjort fattigslege i forhold til luksusbyttet som Starmer og familien hans nyleg sikra seg.
Det bør heller ikkje overraske nokon at desse medgjerlege politiske leiarane prøver å etterlikne den luksuriøse livsstilen til herrane sine – sjølv når dei ikkje heilt har råd til det.
Korleis har denne fundamentale politiske transformasjonen skjedd?
Den har hovudsakleg blitt driven fram av framveksten til dei globale elitane og den nye økonomiske verdsordenen som dei har skapt sidan 1980-talet. På det politiske nivået starta denne transformasjonen med Margaret Thatcher og Ronald Reagan – som øydela den sosialdemokratiske konsensusen som hadde vunne grunn i dei fleste av Vestens liberale demokrati fram til 1980-åra.


Denne progressive konsensusen prøvde å inkorporere arbeidarklassen i Vestlege nasjonsstatar ved å introdusere velferdsstatsreformar og høgare levestandard for arbeidarane. Denne prosessen starta først i Australia – med føderasjonen i år 1900. I USA starta det med Franklin Roosevelts New Deal på 1930-talet, og i Storbritannia oppstod det med velferdsreformane til David Lloyd-George på tidleg 1900-tal og vart fullført med etterkrigsregjeringa til Clement Attlee.
1900-talets arbeidarparti i Storbritannia og Australia, og Det demokratiske partiet i USA, skapte og heldt ved like den sosialdemokratiske konsensusen.
Desse progressive partia leverte substansielle økonomiske og sosiale gode til arbeidarklassen og vanlege folk fram til 1980-talet, og dei sikra fleire tiår med politisk stabilitet i sine nasjonar.
Thatcher og Reagan løyste opp denne sosialdemokratiske konsensusen og innvia dei økonomiske endringane som raskt skauv ut den tradisjonelle arbeidarklassen økonomisk og kulturelt. Desse endringane, saman med den påfølgande framveksten av ein ny økonomisk verdsorden, transformerte den progressive politikken i Vestlege demokrati radikalt.
Dei gamle arbeidarpartia hadde på 1990-talet kome heilt på linje med dei nye globale elitane – noko ein kan sjå ved at dei fullstendig adopterte elitens woke-ideologiar, til dømes identitetspolitikken og [teoriar om] katastrofale klimaendringar.
Desse partia engasjerte seg i politikk som samsvarte med dei økonomiske interessene til dei globale elitane – minimal selskapsskatt; eit regressivt skattesystem for vanlege folk; massive subsidiar til fornybar-energi-selskap; privatisering av energimarknaden; vedlikehald av ein overprisa eigedomsmarknad; og løyve til massiv innvandring.
Det stemmer at desse partia framleis held ideologisk hevd på å handle i arbeidarklassens interesse — sjølv Starmer opprettheld denne illusjonen – men innan 1990-talet handla dei nesten utelukkande i samsvar med dei nye globale elitane sine interesser.


Dermed unngjekk sosialdemokratiske parti radikale økonomiske reformar og byrja i staden å gi privilegium til diverse statusgrupper – vanlegvis definerte biologisk i form av rase eller kjønn – og med det skapte dei ettergivande elitar innanfor desse gruppene som no ukritisk støtta den nyoppstandne globale økonomiske verdsordenen.
Den merkverdige transformasjonen av sosialdemokratiske parti blir gjenspegla i dei respektive ideologiske disposisjonane til partias eldre og nyare leiarar.
Michael Foot og Tony Blair har ingenting til felles ideologisk Det har heller ikkje dei australske Labor-leiarane Arthur Caldwell og Bob Hawke, eller for den saks skuld Lyndon Johnson og Barack Obama eller Hillary Clinton.
Foot, Caldwell og Johnson hadde alle forplikta seg til å betre kåra til arbeidarklassen ved hjelp av genuine økonomiske og sosiale reformar. Det er utenkeleg at dei ville ha støtta til dømes transkjønnsrettar eller nokon av dei andre eliteideologiane som moderne sosialdemokratiske leiarar så eldhuga kjempar for.
Men, dessverre for dei moderne sosialdemokratiske politiske leiarane: engasjementet deira i splittande og irrasjonelle ideologiar, saman med ønsket deira om å bevare rikdommen til dei globale elitane og det at dei nektar å vurdere grunnleggande økonomiske reformar, har ført til at dei samfunna dei gir seg ut for å styre blir stadig meir politisk ustabile og dysfunksjonelle.
Denne prosessen med politisk oppløysing har kome lengst i Amerika – driven framover av framveksten til Trumpiansk populisme som har øydelagt det tradisjonelle Republikanske partiet, har til hensikt å demontere den liberal-demokratiske ordenen i sin heilskap, og har fostra ein hittil ukjend grad av splitting og rasespenningar.
I Storbritannia blir levekostnadskrisa – kode for at vanlege arbeidarar ikkje greier å betale husleiga, kjøpe nok mat eller betale straumrekningane sine, for ikkje å ein gong tenke på å kjøpe hus – intensivert dagleg. Rase- og antiimmigrasjonsopptøyer er blitt vanlege, og den britiske økonomien fortset sin uunngåelege nedovergåande spiral.
I Australia finst det liknande ustyrlege problem, men den typen alvorleg politisk ustabilitet og splitting som karakteriserer Storbritannia og USA, har enno ikkje slått ut med full kraft. Utan tvil vil det det med tida.


Det underliggande problemet som konfronterer sosialdemokratiske politiske leiarar i Vesten, er at dei globale elitane – med dei økonomiske og kulturelle interessene som politikarane styrer etter – ikkje er villige til å gi opp sin rikdom og status eller i det heile tatt overvege den typen økonomiske reformar som ville ha løyst dei presseranda problema som konfronterer Vestlege samfunn.
I sine bedagelege kokongar av irrasjonelle ideologiar, uvillige til å kompromisse og umedvitne om historia, nektar dei globale elitane å inkorporere den tradisjonelle arbeidarklassen tilbake inn i samfunna som er gjort dysfunksjonelle, og på toppen av alt behandlar dei dei med openlys forakt. Dermed rek arbeidaklassens røyster over til høgre-populistiske parti som lovar å reversere arbeidaklassens økonomiske og kulturelle fordriving.
Hillary Clintons skildring av den amerikanske arbeidarklassen som “deplorables” fangar perfekt verddsynet til dei noverande globale elitane. Samanlikna med desse elitane, var progressive element innan 1800-talets bursjoasi reine førebilde på dygd, sjølvoppofring og politisk sunn fornuft.
Endå meir urovekkande er det faktum at leiande sosialdemokratiske politikarar i Vesten, etterapande sine globale elite-herrar, er fast innstilte på irrasjonell utanrikspolitikk – som t.d. å støtte radikalt høgreorienterte politiske regime i Israel og Ukraina som er innstilte på å provosere fram større krigar i Midtausten og Europa.
På slike feilretta utanrikspolitiske program er Starmer, Biden og Harris, og Albanese fullstendig og rasande einige.
Det tar oss tilbake til Starmer.
Dette er politikaren som var ein ivrig støttespelar for Corbyn heilt til han tapte valet i 2022, som så, seint ute, oppdaga at Corbyn hadde vore anti-semitt i fleire tiår og gjekk hardt til verks for å drive han og støttespelarane hans ut av Labour party.
Dei nye avsløringane om hans griske åtferd har, forståeleg nok, fått Starmers popularitet i Storbritannia til å stupe. Men leiarskapet i Labour Party har halde fram med å støtte han. Starmer er trass alt ikkje den einaste prominente Labour-politikaren som har mottatt gåver frå sin generøse velgjerar – Angela Rayner innrømde tidlegare denne veka at også ho hadde vore ein mottakar.
Kven er så denne fyrstelege og generøse donoren?


Ingen annan enn milliardærforretningsmannen Waheed Ali – ein ope homofil mediemogul som vart utnemnd til baron på livstid («life peer») av dronninga etter Tony Blairs tilråding i 1998. Dette er sjølvsagt eitt av svært få statusgode som politikarar kan gi til medlemmar av den globale eliten. Det overraskar derfor ikkje at takksemda ikkje kjenner grenser.
Etter at Starmer til sist vart tvinga til å avsløre den nøyaktige mengda gode som han og familien hans hadde mottatt frå den rause baronen tidlegare denne veka, prøvde han å rettferdiggjere det at han hadde budd ein månad i Alis luksusbustad til £3.5 millionar med å seie at han gjorde det fordi tenåringssonen hans trengde fred og ro medan han las til eksamen.
«Kva far som helst ville ha gjort det same for sonen sin,» sa Starmer – fullstendig umedviten om det faktum at dei fleste fedrar i Storbritannia ikkje har enkel tilgang til dei luksuriøse bustadane til slike velståande velgjerarar som denne godhjarta baronen.
Dei medgjerlege mainstream-media i Storbritannia har ikkje vore overveldande kritiske til Starmer denne veka – dei har jo gjort han til statsminister – men éin person har hatt mot til å offentleg stille han til ansvar for den skammelege og skamlause åtferda.
Tidlegare denne veka trekte venstrevings-Labourparlamentarikaren Rosie Duffield seg frå Labour Party. I resignasjonsbrevet skreiv ho til Starmer «din umoral, nepotisme og openlyse grådigheit sprenger skalaen … eg er så skjemd over det du og din indre sirkel har gjort for å flekke til og audmjuke vårt ein gong så flotte parti.»
Duffield påpeika og det motbydelege hykleriet i det at ein person som er «langt over gjennomsnittet rik» har «akseptert dyre personlege gåver av designer-dressar og -briller» samtidig som han avskaffar pensjonistane si statsstøtte til oppvarming av bustaden sin om vinteren («winter fuel payment»).


Ho avslutta brevet med å seie «eg håpar eg kan returnere til partiet i framtida, når det igjen liknar det partiet eg elskar, som set behova til dei mange framfor grådigheita til dei få.»
Det er passande at denne treffande fordømminga av Starmer og det moderne Labour-partiet som han leier vart levert av ein politikar som framleis hugsar dei progressive verdiane som sosialdemokratiske parti brukte å stå for – før dei vart fanga og korrumperte av dei globale elitane.
Men eg mistenker at Starmer og hans grådige kollegaar sannsynlegvis ikkje forstår kva Duffield snakkar om – og at, sjølv om dei skulle gjere det, rett og slett ikkje bryr seg.
Ytringar, synspunkt og meiningar uttrykte i artikkelen tilhøyrer berre forfattaren, og representerer ikkje nødvendigvis RT sine.
Omsett av Monica Sortland
https://www.rt.com/news/605105-uk-keir-starmer-western-leftists-pawns