Derimot: Spådommer som ikke slår til: Isen vokser rundt Antarktis.
derimot.no:
Antarktis-sensasjon: iskanten rundt kontinentet vaks i total storleik mellom 2009 og 2019
Kolozeg, 09/06/2023
Isen som dekkar farvatna rundt Antarktis auka i total storleik under dei 11 åra fram til 2019, ifølge dramatiske, nye bevis som tre klima-vitskapsfolk frå Universitetet i Leeds (England) har publisert. Veksten var signifikant , med ein auke på 5305 kvadratkilometer is-areal, eller 0,4% meir enn det var 11 år før. Rapporten frå studien har nett blitt publisert av den innflytelsesrike Unionen for europeisk geovitskap (European Geosciences Union), men den reiser spørsmål kring det ’etablerte’ klimavitskapsnarrativet, så det er svært usannsynleg at den vil bli dekka av mainstream-media.
Leeds-forskarane granska satellittdata for å måle årleg kalvings posisjon og arealet til 34 is-«flak»/isfjell som dekkar 80% av Antarktis si kystlinje. Dei fann at reduksjonar i arealet på Antarktis-halvøya og i vest-Antarktis med høvesvis 6693 km2 og 5563 km2 vart vege opp for av veksten i aust-Antarktis på 3532 km2og 14 028 km2 i dei store isflaka Ross og Ronne-Filchner. Den største tilbakegangen skjedde då 5917 km2av Larsen C-iskanten gjekk tapt i ei einaste kalving som skapte alarm-overskrifter rundt om i verda. Den største auken, som har fått mindre mediedekning, skjedde på Ronne-plattformen med pluss 5889 km2 .
Iskanten rundt kysten av Antarktis speler ei viktig rolle i syklusen til is-produksjon, sidan den ofte fungerer som støtte for isbreane bak seg (på land). Drar ein ut pluggen, kan isbreane drive raskare mot kysten. Iskanten viser betydeleg naturleg variasjon, og dét lar alarmistane velge det som passar dei (altså større kalvingar) til promotering av hypotesen om at heile klimaet er i ferd med å bryte saman. Typisk for denne dekninga, var ein artikkel av BBCs vitskapskorrespondent Jonathan Amos i 2021, under ‘klimaskifte’-overskrifta «Kystisen på Antarktis i skytselden». I 2017 rapporterte i News kommentarar kringkasta av sir David Attenborough som dei påstod åtvara om at «Antarktis sin smeltande is kan oversvømme Londoninnan slutten av hundreåret».
Kartet over viser i blått areala til kyst-isen som har auka i storleik, og i raudt dei som har minka. Dei to svære blå areala er Ross og Ronne-Filchner-områda. Lite tap er synleg på austsida av kontinentet; mesteparten av nedgangen ligg i vest. I alt seier forskarane at totalt 18 isflak har minka og 16 større plattformar har auka i areal. Den totale is-massen har auka med 661 gigatonn (661 milliardar tonn, eller 661 billionar kilogram) i løpet av tiåret. Forskarane seier at dersom ein brukar ein ikkje-dynamisk algoritme, som ikkje tar omsyn til endringar i variablane, så vil ein ende med eit estimat som viser betydeleg tap under perioden. Dei argumenterer for at arbeidet deira demonstrerer kor viktig det er å bruke «tidsvariable observasjonar av kalvingsflyten til å måle endring».
Kort sagt, og i mindre vitskapelege ordelag: sjekk dei faktiske observasjonane, og ignorer skinn-datamodellane og dei resulterande historiene som klima-alarmistane publiserer for å promotere det kollektivistiske Net Zero-prosjektet.
Det overraskar ikkje at kyst-isen no blir tynnare i delar av vest-Antarktis. Området er gjennomhola av nedsnødde vulkanar. Den siste oppdaginga av 91 nye, gir ein total på 138 kjende. I Riftesystemet i vest-Antarktis har dei ei høgd som strekk seg frå 300 til 12 600 fot. I tillegg har områda rundt Thwaites-Pine Island/Pope-isbreen ei tynn jordskorpe som fekk ei gruppe vitskapsfolk til å seie at det «opphøgde geotermiske varmeflyt-bandet» utøver ein «djup innverknad på flyt-dynamikken til den vest-antarktiske kyst-isen».
Ved fleire høve har Daily Sceptic referert til det nylege arbeidet til Singh and Polvani som viser at oppvarminga no berre skjer på den delen av kontinentet. Over dei siste sju tiåra har oppvarming i Antarktis vore «nær ikkje-eksisterande», påpeikar dei. Den ikringliggande hav-isen sitt omfang har «moderat ekspandert». Hos NASA har vitskapsfolk estimert totale is-tap på 0,0005% per år.
I fjor skreiv J. Ray Bates, hjelpeprofessor ved University College Dublin, ein rapport med tittelen ‘Polar hav-is og klimakatastrofe-narrativet’. I Antarktis, har meteorologane observert, har det vore «inga signifikant»endring i den årlege gjennomsnittlege utstrekninga til hav-isen sidan ein starta med pålitelege satellitt-målingar. Tvert imot klimamodell-spådommane om ein nedgang.
Han publiserte grafen over, som viser utstrekninga til kyst-isen frå 1979 til 2021 langs den horisontale aksen. Tvert imot det som modellane har føreslått, så viser trenden for periodens seinvinter-maksimum (i september) ei svakt oppovergåande linje, altså at Sørpol-isen aukar i omfang. Professor Bates konkluderer med at klimamodellar har mislykkast i å føreseie veksten til kyst-isen i Antarktis, og dei har ikkje fått med seg den nylege markerte nedsakkinga til kyst-is-nedgangen i Arktis. «Det skulle vere uforsvarleg å tru at dei kjem til å få rett over dei neste 30 åra,» sa han.
Han konkluderer: «Desse kjensgjerningane fortener merksemd, når no idéen om ei klimakrise som krev dei mest drastiske og umiddelbare endringane i verdsøkonomien blir pressa fram. Dei involverte kunne også vise litt omsyn for den aukande øko-angsten som blir påført den yngre generasjonen.»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: NOAA