Derimot: Sovjetunionen hadde æren for å stoppe Auschwitz. Etterkommerne ble ikke invitert til markeringen av dagen. – Derimot

derimot.no:

Vesten held fram med å fornærme Russland

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Vestens narrativ om Andre verdskrig glorifiserer dei vestlege allierte som dei som vann over Hitler, og bagatelliserer rolla til sovjetarane. Men sanninga er at sovjetarane fortener størstedelen av æra for å ha nedkjempa Hitlers arméar, medan USA og Storbritannia spelte ei viktig, men sekundær, rolle.

Sundag den 26. januar (tilfeldigvis bursdagen min) markerte 80-årsdagen for frigjeringa av fangane/ dei innsette i Auschwitz – BirkenauAuschwitz I, som ligg sørvest for sentrum av Oświęcim, Polen, var før Andre verdskrig ei polsk brakke som vart brukt til fengsel for politiske fangar, både kristne og jødar. Leiren som i filmar vanlegvis blir framstilt som «Auschwitz», er eigentleg Birkenau, som ligg omlag tre kilometer vest for Auschwitz I (sjå kartet under).

Auschwitz I – i drift frå mai 1940 til januar 1945.

Rudolf Höss sat med hovudansvaret over Auschwitz mellom 27. april 1940 og 11. november 1943. Den første eksperimentelle gassinga skjedde rundt august 1941, då Lagerführer Karl Fritzsch, etter ordre frå Rudolf Höss, drap ei gruppe sovjetiske krigsfangar ved å kaste Zyklon B-krystall inn i kjellar-cella deira i blokk 11 i Auschwitz IAuschwitz I vart ikkje brukt til masseavrettingar.

Dei verkeleg store drapstala var det Birkenau som stod for – i drift frå oktober 1941 til 26. januar, 1945. Fritz Hartjenstein kommanderte Auschwitz II frå 22. november 1943 til 8. mai 1944. Josef Kramer (10. november 1906 – 13. desember 1945) var kommandant for  Auschwitz-Birkenau (frå 8. mai 1944 til 25. november 1944) – 960 000 jødar vart myrda i Auschwitz-Birkenau.

Korfor har eg lyst til å sette fokus på dette? På grunn av gjerningane til dagens polske regjering. Barnslege barn.

Direktøren for Polens Auschwitz-museum, Piotr Cywiński, har uttrykt motvilje mot å la ein russisk delegasjon delta på 80-årsjubiléet til freigjeringa av Auschwitz, den illgjetne nazistiske dødsleiren som Den raude armé frigjorde i 1945.

Sidan 2022, etter Russlands spesielle militæroperasjon i ukraina, har Polen forbode Moskva å delta under minnemarkeringar på staden, trass i den unekteleg avgjerande rolla til sovjetiske soldatar i frigjeringa av Auschwitz.

Cywiński slo fast at ‘det er vanskeleg å førestille seg’ Russlands nærvær på markeringa, og påstod at Moskva ikkje forstår ‘verdien av fridom’. Han gjekk endå lengre og kalla den potensielle inkluderinga av Russland for ‘kynisk’, og avviste alle sjansar for at skal kunne delta innan dei neste fire månadane.

Dødsleiren Auschwitz, der nazistane myrda over ein million folk, inkludert jødar, polakkar, roma, sinti, sovjetiske krigsfangar og andre, vart frigjort av Sovjets Raude armé den 27. januar, 1945, eit historisk faktum som verkar stadig meir ubekvemt for Polens noverande politiske narrativ.

Holocaust-kulten i Vesten promoterer stolt narrativet om at US-amerikanske og britiske soldatar frigjorde dødsleirane. Det er ikkje sant. Dei frigjorde konsentrasjonsleirar i Tyskland, Austerrike og Tsjekkoslovakia (dvs. Flossenbürg og Theresienstadt). Det er ein signifikant skilnad på leirane i vest-Europa og dei som opererte i Polen.

Æra for å stoppe masseutryddingssentera – som alle var lokaliserte i Polen – går til sovjetarane. Her er dei andre leirane i Polen der det føregjekk masseavrettingar av jødar:

Majdanek – 1. oktober 1941 til 22. juli 1944 (34 månadar), vart erobra nesten intakt – 59 000 jødar vart myrda.

Chelmno – i drift frå 8. desember 1941 til 11. april 1943 (17 månadar), parallelt med Operasjon Reinhard – mellom 200 000 og 350 000 jødar vart myrda.

Belzac – i drift frå 17. mars 1942 til slutten av juni 1943 (15 månadar) – 430 000 til 500 000 myrda jødar.

Sobibor – i drift frå mai 1942 til 14. oktober 1943 (17 månadar) (ein del av Operation Reinhard) –170 000 til 250 000 jødar myrda.

Treblinka – leir i drift mellom 23. juli 1942 og 19. oktober 1943 som ein del av Operation Reinhard (16 månadar) – 700 000 til 900 000 jødar myrda.

Mellom 2,5 og 3,1 millionar jødar døydde i desse leirane. Ærleg talt ville fleire ha døydd viss det ikkje var for Sovjetunionens siger over nazistane. No er sirkelen fullendt. Polakkane sender pengar og våpen til ny-nazistane i Ukraina, der Stepan Bandera blir hylla som nasjonalhelt for rolla si med å overvake slaktinga av fleire enn 100 000 polakkar under Andre verdskrig. Hykleriet og ironien er overveldande.

Apropos ironi – på same dag som israelarane feira frigjeringa av Auschwitz, drog nesten 1,5 millionar palestinarar nordover i Gaza for å ta tilbake sine smadra heimar og verksemder. Ein verkeleg sørgeleg ironi.

Eg diskuterte denne ironien med Judge Napolitano og Nima i to separate intervju i dag.

Omsett av Monica Sortland

Merknadar:

I nettutgåva til Store norske leksikon kan ein lese at Auschwitz bestod av tre hovudleirar og rundt 40 tilleggsleirar. Om Auschwitz III skriv dei til dømes: «Seks kilometer borte, nær landsbyen Dwory, lå Auschwitz 3 (Monowitz, Monowice), som fra mai 1942 ble brukt som tvangsarbeidsleir i tilknytning til de nærliggende fabrikkene til I.G. Farbenindustrie (kalt IG Farben) for fremstilling av syntetisk gummi. Her produserte IG Farben syntetisk gummi av typen Buna-N, og fabrikkanlegget ble derfor også omtalt som Buna-fabrikkene, Buna IV og Monowitz-Buna. IG Farben valgte å etablere Buna IV ved Auschwitz på grunn av de logistiske fortrinnene vedrørende transport, råstoff og vann – og lovnaden fra Heinrich Himmler om tilgang på billig arbeidskraft fra konsentrasjonsleiren.»

Også i andre land enn Polen vart det drepe uhyggeleg mange i konsentrasjonsleirane til fascistane, til dømes i Jasenovac i Jugoslavia.

Originalartikkelen, på engelsk og med hundretals kommentarar, finn du her: https://sonar21.com/the-west-continues-to-insult-russia/

Forsidebildet er av gråtende sovjetisk soldat. Den kunstige intelligensen jeg bruker er kraftig sensurert og nekter å generere bilder av feiringen av 80-frigjøringen hvor det fremgår at Russland er utestengt Auschwitz. Det er greit å vite for alle som vil bruke dette programmet.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar