Derimot: Snur stemning i USA nå?Vaksinene: Det Trump sin skyld!

Derimot.no

derimot.no:

Dei er i ferd med å endre den offisielle forteljinga når det gjeld mRNA-injeksjonane: «Trump tvinga oss til det! Alt er hans feil!»

Media snur tvert om; dei gjer scena klar for å skulde på Trump for det enorme talet vaksineskadar og dødsfall

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News.

Omsett og noko forkorta av og henta frå saksyndig.

Nok ein gong avslørte uavhengige media dette lang tid i forvegen, og åtvara om at president Trump vandra strake vegen mot ei felle ved å fremje covid-vaksinar og ta æra for å få dei ut til folket sopass raskt via Operasjon Warp Speed.

No når hundretusenvis av amerikanarar er døde av vaksinane – og millionar skadde – er «Trump-fella» sett opp. Under leiinga av manusforfattarar frå etterretningstenester, naturlegvis, rapporterer det venstreorienterte media no at Trump pressa FDA til å autorisere dei dødelege vaksinane som del av eit politisk knep for å vinne 2020-valet.

Politico og The Hill ber begge historia som aktiverer denne kritiske faktoren. Nøkkelseksjonen i reportasjen til The Hill er:

«Det kvite hus prøver å blokkere FDA frå å samle inn tilleggs-tryggleiksdata frå den fyrste koronavirus-vaksinen i eit forsøk på å sikre seg at den kunne bli autorisert før presidentvalet i 2020.

Select Subcommittee sine funn om at Trumps Kvite Hus-tilsette med vilje og gjentekne gonger prøvde å bøye FDA sitt arbeid med koronavirus-behandling og vaksinar etter Det kvite hus sin politiske vilje, er eit døme på korleis den tidlegare administrasjonen sette politikk over folkehelse,» sa republikanar James Clyburn, leiaren i panelet, i ei melding.»

Fauci, Walensky, Birx og andre vil leggje skulda framfor Trumps føter

Medan Fauci går av, CDCs Walensky tryglar om tilgjeving for feila som byrået gjorde, og dr. Birx no innrømmer offentleg at dei visste at vaksinane ikkje kunne stoppe covid-smitte, ser vi scena bli klargjort for tidspunktet når dei alle peiker på Trump og seier «han tvinga oss til å ta snarvegar».

Alle amerikanarane som har blitt skadde eller drepne av covid-vaksinar er i ferd med å bli lagt framfor Trumps føter, og Trump sjølv vil bli demonisert som den vitskapleg udugelege politikaren som tvinga Pfizer, Moderna, FDA og CDC til å haste eit medisinsk inngrep inn i produksjon, eit produkt som viste seg å vere dødeleg.

Anthony Fauci
Den øverste medisinske rådgiver for USAs president

Heile konsernmedia, tru det eller ei, er på nippet til å starte å innrømme at desse vaksinane drep folk. Og alle fingrane vil peike på Trump.

Dei har endeleg funne ein måte å skilje Trump frå støttespelarane hans

Interessant nok er ikkje dette argumentet feil, og det vil finne fotfeste blant mange konservative og tidlegare Trump-støttespelarar. Trump pressa visseleg Operasjon Warp Speed gjennom, og pressa byrå til å ta snarvegar. Trump lovde ei vaksine-utrulling etter eit sinnssjukt, ufatteleg skjema som rett og slett er uforeinleg med grundige kvalitetsstandardar og stor-skala, langsiktig klinisk testing. Tydelegvis vart Trump lovt av vaksineindustrien at han ville få æra for å «redde USA» på rekordtid ved å rulle ut desse naudgodkjende vaksinane utan skikkeleg testing, men det var alt ein del av fella. Trist nok lét Trump seg lure i si jakt på valsiger i 2020 (som han faktisk vann, men vi veit no at det vart stole med stemmesetel-bedrageri og tusenvis av «muldyr»).

Interessant nok vart Demokratane ført bak lyset òg. Då Trump var i Det kvite hus, sa dei fleste Demokratar at dei ikkje ville stole på vaksinen fordi det var «Trumps vaksine». Joe Biden, Kamala Harris og mange andre prominente Demokratar seier i opptak at dei ikkje ville ta vaksinen dersom Trump hasta den gjennom. Men so fort valet vart fiksa og stole, og Trump vart kasta ut frå makta og Joe Biden vart installert som stadleg statsoverhovud, byrja dei same Demokratane som påstod at dei aldri ville stole på Trump-vaksinen, plutseleg å stole på nøyaktig den same vaksinen fordi Biden no var den som sat på Det ovale kontor.

Det høyrest dumt ut, ja, men det er måten dei uvetande massane prosesserer informasjon på (eller mislykkast i å gjere det).

Då Biden inntok presidentstolen, snudde media manuset tidleg i 2021, og påstod at vaksinen var den største medisinske intervensjonen som nokosinne hadde blitt skapt, og alle vart pressa til å ta den. Trass alt var Biden i Det kvite hus, og Demokratane gløymde raskt at vaksinen var Trumps verk via Operasjon Warp Speed.

Vaksinasjonsprosenten var svært høg blant Demokratar, der somme blå byar oppnådde over 90% vaksinerte. I LGBT-samfunnet var prosenten visstnok 95% eller høgare. Konservative var i mellomtida langt meir skeptiske til vaksinen, og hadde det ikkje vore for ekstrem tvang og trugslar om å misse jobbane sine, ville mange konservative aldri ha teke «proppsprøytene» i fyrste omgang.

I det siste halvanna året har media, staten, Big Tech og utdanningsinstitusjonar alle pusha dei eksperimentelle medisinske mRNA-injeksjonane som «trygge og effektive», og skjelt ut alle som våga å stille spørsmålsteikn ved tryggleiken og effektiviteten deira. Til og med viss du stilte spørsmålsteikn ved vaksinen, vart du deplattformisert frå sosiale media, av-invitert frå familietreff og sparka frå jobben din. Vaksinelydigheit vart om til ei slags sekt over heile USA, der Demokratar leia veg, og hevda å bere «vitskapen» sitt banner.

Men i røynda pusha dei Trumps Operasjon Warp Speed-fiasko, som enda opp med å skade og drepe millionar av amerikanarar, inkludert store mengder Demokratar.

Innan tredje kvartal i 2021 hadde overdødelegheita i USA nådd over 200% i visse aldersgrupper, via gruppelivsforsikringar (kjede: SOA Research Institute-rapporten, januar 2022). (Vi har konstruert dette diagrammet ved å bruke data frå SOA-rapporten.)

For å setje dette i perspektiv døyr det rundt 7500 menneske i USA på ein vanleg dag. Dersom du har overdødelegheit på 100%, vil dette utgjere 7500 ekstra menneske per dag. Det tilsvarer to 11.september-katastrofar kvar einaste dag.

Ymse forsikringsselskap har i løpet av det siste året rapportert overdødelegheitstal i området 20 til 40%, men SOA Research Institute genererer data frå mange ulike forsikringsselskap, og dei rapporterer overdødelegheitstal i prosenttal som 217% eller 208%. Det er verdt å leggje merke til at dette ikkje er dødsfall blant eldre heller. Dette er dødsfall blant menneske i 20-åra, 30-åra og 40-åra.

Investeringsguru Ed Dowd la ut i detalj om alt dette i eit intervju tidlegare denne veka med Alex Jones. (Eg skulle etter planen faktisk vere programleiar i det innslaget og intervjue Dowd, men til min store anger hadde eg problem med dyra mine på ranchen og måtte handtere den krisa i staden. Til min store frustrasjon har eg enno ikkje intervjua Dowd, men er likevel bestemt på å gjere dette fordi eg elskar å snakke med verkeleg smarte menneske…)

Denne bomba via Ed Dowd avslører at Trumps vaksine bokstavleg tala drep tusenvis av amerikanarar kvar dag i USA. Du kan sjå intervjuet her.

Konservative er forbanna på Trump for at han held fram med å støtte massevaksinasjon med avfolkings-biovåpen

Endå meir forbløffande, som Demokratar no er i ferd med å innsjå, er det at Alex Jones, Mike Adams [forfattaren av denne artikkelen, oms.an.] og mange andre som stemte på Trump òg er einige om at skjer. Med andre ord, har Demokratar endeleg funne eit problem som kan skilje Trump frå hans støttespelarar: vaksinar.

Alt Demokratar treng å gjere no, er å ofre Moderna til løvene, byrje å rapportere at vaksinar drep menneske, og leggje skulda framfor Trumps føter. Å framstille Trump som verre enn Stalin eller Hitler. Å byrje å dekkje alle dei mystiske dødsfalla og dei aukande dødelegheitstala frå forsikringsindustrien.

Trass alt kan dei ikkje skjule likposar for alltid. Dei kan like godt bruke krisa til å demonisere Trump og Det republikanske parti generelt.

Konsernmedia treng ikkje eingong å kaste heile vaksineindustrien ut med badevatnet heller. Dei kan påstå at alle vaksinane var trygge og effektive fram til Trump tvinga industrien til å ta snarvegar. Berre «Trump-vaksinen», vil dei hevde, er den farlege. Og det er ikkje Pfizers skuld, vil dei forklare, fordi Pfizer vart tvinga til dette av Trump som prøvde å vinne 2020-valet. Dette er forteljinga som blir sleppt laus no.

Merk at VAERS-data faktisk støttar denne forteljinga. Covid-vaksinane er farlegare og dødelegare enn alle andre vaksinar kombinert, gjennom heile historia til VAERS-databasen. Medan ein ikkje ærleg kan fastslå at alle andre vaksinar er «trygge» samanlikna med covid-sprøyter, kan det bli sannferdig fastslått at dei er «tryggare» (relativt tala).

Trump leggjer på kvar gong nokon tek opp vaksineemnet under telefonsamtalar

Eg intervjua Peter Santilli i går kveld [24.august 2022]. Det intervjuet kan sjåast her. Santilli informerte meg at når nære samarbeidspartnerar er på telefonen med Donald Trump, og dei tek opp problemet med desse vaksinane, legg Trump på røyret. Han ønskjer ikkje å høyre noko som helst om vaksinane. Han ønskjer ikkje å snakke om dei i det heile, og vil definitivt ikkje sjå på si eiga rolle i å haste dei ut på marknaden, noko som so langt har resultert i døden til 600 000 amerikanarar og millionar av skadde.

Det som er endå verre, som vi har etablert gjennom omfattande laboratorieanalyse og forsking, er desse vaksinane veksande «biostrukturar» – ikkje-blodproppar som tettar blodårene og arteriane, noko som drep menneske over tid.

Desse proppane held fram med å byggje seg opp av seg sjølv, og veks i storleik for kvar veke som går. Dette tydar at millionar fleire amerikanarar sannsynlegvis vil døy av desse vaksinane det komande tiåret, og der finst ingen kjende inngrep som kan reversere desse proppane. (Blodfortynnande legemiddel gjer ingenting, fordi desse ikkje er blodproppar.)

Konsernmedia førebur seg på å skulde Trump for kvart einaste av desse dødsfalla som finn stad det neste tiåret. «Døydde brått» vil snart bli erstatta med «drepen av Trump», og med mindre han går til handling for å motverke dette dei komande vekene, vil Donald J. Trump gå inn i historia som mannen som ofra millionar av amerikanarar for å prøve å vinne eit presidentval, ved å tvinge FDA til å haste gjennom ein farleg medisinsk intervensjon som viste seg å vere eit medisinsk holocaust. Thalidomid-fiaskoen vil vere knøttliten i forhold. Det er forteljinga som blir sleppt laus akkurat no. Faktisk starta den i går [24.august 2022].

Sean Hannity blir kalla «USAs dummaste legemiddelseljar»

Sean Patrick Hannity er en amerikansk høyreorientert radiovert og programleder

Eit anna teikn på at ting endrar seg raskt: Fox News og Sean Hannity ryggar plutseleg unna vaksinar i ein fæla fart. Hannity, ein av dei mest produktive, krigsstøttande journalist-prostituerte vaksinehallikane i historia, påstår no at han aldri bad nokon om å ta vaksinane. Dan Bongino har offentleg stått fram, og innrømte at det å ta vaksinen var den «største feilen i mitt liv». Tucker Carlson har slått i veg mot vaksineindustrien sine bedrag i vekevis no (og han gjer ein jækla god jobb òg), og den konservative rørsla har nådd eit vippepunkt der coivd-vaksinar endeleg blir sett på som utrygge og ineffektive. Dette er etter to års ustanseleg pro-vaksinepropaganda på Fox News, forresten.

Emerald Robinson sa det best i sin Substack-artikkel, og forklarte: «Straumen av vaksinepegar til Fox News har stoppa opp! Sean Hannity vil no at de skal gløyme rolla hans som USAs dummaste legemiddelseljar.»

Visseleg får alt dette meg til å undrast over eit større spørsmål. Dersom Alex Jones kan bli saksøkt og beordra til å betale 45 millionar dollar til to av foreldra til Sandy Hook-barna som hevda at dei led «emosjonelt ubehag» på grunn av Alex si rapportering om Sandy Hook, kor mange millionar amerikanarar har lidd emosjonelt ubehag fordi dei vart skadde av vaksinar fremja av Fox News og andre mediekanalar? Kjem dei no til å saksøkje alle mediespelarane, og påstå at dei vart betalt av Big Pharma for å pumpe ut den dødelege, farlege «Trump-vaksinen»?

Som Emerald Robinson skriv:

«Dette er det største og mest omfattande brotet på journalistetikk som nokosinne har funne stad. Nesten kvar einaste konsernmedia-formidlar tok imot pengane. Nesten alle konsernmedie-formidlar laug om vaksinane (med eller utan vilje). Nesten alle konsernmedie-formidlarar nekta å rapportere noko negativt om vaksinane – fordi dei vart betalte for å lukke auga. Nesten alle konsernmedie-formidlarar er impliserte.»

Trump vart spelt, og støttespelarane hans prøvde å åtvare han

Alex Jones har forresten offentleg åtvara Trump om hans rolle i denne dødelege vaksinefiaskoen, og oppmoda Trump til å stå fram med sanninga om det som han vart logen til av vaksineindustri-ekspertar som lovde rask utvikling av trygge og effektive vaksinar (men som faktisk leverte til han eit biovåpen for å redusere befolkninga). For alle dei som trur at Trump speler 4D-sjakk og alltid ligg eit trekk framfor fienden, vart Trump i dette tilfellet spelt av avfolkingsglobalistar. Trump enda opp med å støtte og presse gjennom eit avfolkingsvåpen som i skrivande stund drep millionar av menneske rundt om i verda. Det er eit av dei mest vellykka globalistbedrageria i historia, og Trump gjekk rett inn i det og ønskjer framleis ikkje å vedkjenne seg si rolle i forsøket på å utrydde menneskeheita.

Du er akkurat no vitne til eit av dei mest episke bedrageria i verdshistoria, og Big Pharma, media, CDC, FDA, Pfizer, Moderna og andre spelarar spelte Trump som om han var ei fele. No, når dei har oppnådd masseinjeksjonen av meir enn 200 millionar amerikanarar – og over 5 milliardar på verdsbasis – kan dei alle påstå «Vi vart tvinga av Trump!» og peike på Den oransje skurken for massedøden og lidinga som berre kjem til å bli verre det neste tiåret.

Folk som Alex Jones (og eg sjølv) åtvara offentleg Trump om dette fleire gonger. Nok ein gong hadde Alex Jones rett. Men Trump nekta å høyre etter – og nektar framleis å høyre etter – sjølv når Ron DeSantis kjempar hardt mot Big Pharma sitt forsøk på å massevaksinere barn og småbarn, blant mange andre problem.

Trump har posisjonert seg sjølv som Big Pharma sin frontfigur medan DeSantis kjem til å ende opp på rett side av dette når sanninga om vaksineskadane når hovudstraumsmedia (noko som allereie har byrja).

I mellomtida er uavhengige forskarar som eg sjølv, dr. Jane Ruby, balsamerarar som Richard Hirschman og den tyske forskargruppa kjent som The Working Group for COVID Vaccine Analysis (sjå denne framrakande Epoch Times-artikkelen for detaljar), i ferd med å grundig analysere både covid-vaksinane og dei resulterande dødelege proppane som veks inni kroppane på folk, og vi kjem til å få spikra fast alle svara på dette lenge før FDA, CDC, NIH [det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.] eller nokon andre frå hovudstraums-vitskapen gjer det same. Det er uavhengig, sjølvfinansiert vitskap, med andre ord, som vil ende opp med å redde menneskeheita, ikkje statsfinansiert vitskap (som aldri var ekte vitskap i fyrste omgang).

Trump har eit smalt vindauge til å frigjere seg frå denne fella og endre historia, men han verkar handlingslamma og merkeleg knytt til Pfizers interesser, ute av stand til å kritisere det sjølvsame farmasiselskapet som donerte millionar til innsetjingsseremonien hans i januar 2017.

Dersom Trump ikkje riv seg laus frå Pharma, vil han bli øydelagt og for alltid hugsa for si rolle i vaksine-holocaust.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 25.august 2022.

Forsidebilde: rob walsh

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 13

Les artikkelen direkte på derimot.no