Derimot: Smarttelefoner og mye «online-liv» er ikke bra psykisk viser undersøkelse. Erfaring fra den faktiske verden er viktig for psykisk helse. – Derimot

derimot.no:

Bruk av smarttelefon fører til aggresjon og HALLUSINASJONER hos tenåringer

Innlegget er hentet fra Saksyndig

At for mykje bruk av smarttelefonar ikkje er bra for helsa, er gammalt nytt. Under «pandemien» levde barn og unge stort sett liva sine innandørs med fjeset klistra til ein smarttelefon eller datamaskin, og resultatet er no at mange slit med synet. No viser ein ny studie frå Sapien Labs at bruk av smarttelefon i barndommen fører til alvorlege problem i tenåra: auka aggresjon, hallusinasjonar og fråkopling frå røyndommen.

Ja, de las riktig. Hallusinasjonar og røyndomsfråkopling, som vanlegvis er symptom på alvorleg psykisk liding. 37% av 13-åringar rapporterte om sjølvmordstankar, og nesten halvparten følte seg kopla frå røyndommen. Mentalhelsa ser ut til å gå kraftig ned for kvar yngre generasjon, spesielt blant jenter – 65% av tenåringsjenter er klassifisert som psykisk slitande.

Til trass for at smarttelefonar i våre tider er å finne overalt i samfunnet, tilrår ekspertar at barn og unge ventar til dei er fylt 13 med å bruke smarttelefon. På den måten vil ein kunne fremje sunnare utvikling, både sosialt og av sjølve hjernen.

Og kva er årsaka til desse alvorlege psykiske problema? Kanskje elektromagnetisk stråling.

Cassie B. i Natural News skriv (mi omsetjing):

«I ei verd der smarttelefonar er å finne overalt, avslører ein banebrytande ny studie ein urovekkjande samanheng mellom tidleg mobilbruk og ein auke av aggresjon, hallusinasjonar og fråkopling frå røyndommen blant tenåringar. Forskinga, som vart utført av Sapien Labs, spurde 10 475 ungdommar i alderen 13 til 17 i USA og India, og avdekte ein generasjonsmessig nedgang i mentalhelse som ekspertar åtvarar kan få alvorlege konsekvensar for samfunnet.

Funna, som vart publiserte i januar [2025], viser at tenåringar som får smarttelefonar i ung alder har større sannsyn for å oppleve sinne, irritabilitet og til og med valdelege tendensar. Alarmerande nok rapporterte 37% av 13-åringane sjølvmordstankar, medan nesten halvparten følte seg fråkopla røyndommen. Når mentalhelsa blir nedover blant yngre generasjonar, stiller studien hastespørsmål om når – og dersom – tenåringar burde få smarttelefonar.»

Studien bekreftar det mange mistenkjer, at mentalhelse og mentalt velvære blir stadig verre for kvar yngre generasjon:

«Historisk følgde psykologisk velvære ein u-forma kurve, der yngre og eldre generasjonar hadde det betre enn middelaldrande vaksne. Derimot har den kurven kollapsa, der dagens tenåringar rapporterer om dårlegare mentalhelse enn unge vaksne, som i sin tur har det verre enn eldre generasjonar.

‘Trenden er spesielt utprega hjå jenter,’ skreiv forfattarane, der 65% av kvinnelege informantar er klassifiserte som å slite sopass mykje psykisk at det vekkjer klinisk bekymring. Denne nedgangen er knytt til den stadig yngre alderen der barn får smarttelefonar.

Studien fann ut at 13-åringar har betydeleg større sannsyn for å oppleve aggresjon, sinne og hallusinasjonar samanlikna med 17-åringar. Til dømes rapporterte 37% av 13-åringane kjensler av aggresjon, samanlikna med 27% av 17-åringar. Likeins opplevde 20% av 13-åringane hallusinasjonar, eit tal som fell til 12% blant 17-åringar.

‘Desse raskt aukande problema med aggresjon og sinne og irritabilitet, spesielt hjå hokjønn, kan i stor del tilskrivast den stadig yngre alderen der barn no får ein smarttelefon,’ skreiv forfattarane. Dei skreiv at 13-åringar typisk får sin fyrste telefon i ein alder av 10, medan 17-åringar fekk sin når dei var 11 eller 12.

Forskarane fann òg ut at nesten halvparten av tenåringane følte seg fråkopla røyndommen, der over halvparten rapporterte at kjensler av tristheit, skuld og angst forårsaka alvorlege problem i dagleglivet.»

Den elektromagnetiske strålinga som smarttelefonane sender ut kan føre til åtferdsendringar og redusert kognitiv aktivitet hjå barn, hevdar W. Scott McCullough, som jobbar i Children’s Health Defense (CHD), organisasjonen til Robert F. Kennedy Jr. Miriam Eckenfels, direktør i CHD sitt EMR & Wireless-program (program for elektromagnetisk stråling og trådlaus teknologi), seier at strålinga i sjølve apparata er like skadelege som innhaldet som brukaren ser på.

Avhengigheitspsykolog dr. Nicholas Kardaras (som ikkje hadde noko med studien å gjere), går so langt som å seie at «skjermtid oppfører seg rett og slett som eit giftstoff som forstyrrar både hjerneutvikling og sosial utvikling». Dess yngre eit barn er når dei får apparatet, dess større er sannsynet for utvikling av mentalhelseproblem seinare.

Det største problemet er, slik sjefsforskar Tara Thiagarajan i Sapien Labs framstiller det, at smarttelefonar ser ut til å erstatte sosiale samhandlingar med menneske i det verkelege livet. Mindre menneskeleg samhandling fører til at ein blir mindre integrert i den ekte sosiale veven. Og dermed oppstår kjensler av å vere «fråkopla røyndommen». Ein heil generasjon som lever liva sine på smarttelefonen, og som i tillegg slit med alvorlege psykiske og kognitive problem, er neppe folk som i framtida vil bli i stand til å overta samfunnet med alt dette inneber av ansvar, plikter og samarbeid.

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar