Derimot: Skal alliansen gå til krig mot Russland eller overlate dette til de enkelte medlemslandene.Natos og Norges dilemma. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Vil medlemsstatane i NATO gå individuelt eller felles til krig mot Russland?

VOLTAIRE NETWORK | 31. MAI 2024

Talsmann for den tyske regjeringa Steffen Hebestreit sa at landet hans var imot utplassering av NATO sine anti-missilsystem på ukrainsk territorium.

Tysklands standpunkt er eit svar til alliansens generalsekretær Jens Stoltenberg, som i eit intervju med The Economist sa at: «Tida er komen for dei allierte å tenke på om dei bør lette på nokre av restriksjonane på bruken av våpen gitt til Ukraina (…) Spesielt no, når mykje av kampen skjer i Kharkov, nær grensa, gjer det å nekte Ukraina evna til å bruke desse våpena mot legitime militære mål på russisk territorium det svært vanskeleg å forsvare seg.»

Han sa og: «Vi har ingen intensjon om å sende NATO-bakkestyrkar til Ukraina, for målet vårt … er tofaldig: å støtte Ukraina slik vi gjer, men også å sikre at det ikkje eskalerer til ein full-skala konflikt.»

Ifølge New York Times, er USAs utanriksminister Antony Blinken for dette forslaget. Steffen Hebestreit, for sin del, unnveik journalistanes spørsmål om emnet.

☞ Å utvide det atlantiske anti-missilskjoldets vern til ukrainsk territorium betyr å kollektivt gå til krig mot Russland. Men å la Ukraina angripe Russland med våpen som NATO-medlemsstatar har forsynt dei med, betyr at desse individuelt går inn i krigen mot Russland.

Italias visestatsminister Matteo Salvini kommenterte: «Denne herren [Jens Stoltenberg] er farleg, for det å snakke om Tredje verdskrig, Vestlege våpen som kan råke og drepe inne i Russland, synest meg vere svært, svært farleg og tankelaust (…) NATO kan ikkje tvinge oss til å drepe i Russland. Heller ikkje kan nokon tvinge oss til å sende italienske soldatar til å kjempe eller døy i Ukraina.»

Russlands president Vladimir Putin fortalde reportarar: «Denne konstante eskaleringa kan føre til alvorlege konsekvensar. Korleis vil USA te seg dersom desse konsekvensane skjer i Europa, med tanke på kor jambyrdige vi er på området strategiske våpen? Det er vanskeleg å seie. Er dei ute etter ein verdsomfemnande konflikt?». «La dei [europeiske NATO-medlemsstatane] hugse på at territoriet deira er lite og tettbefolka,» heldt han fram.

Den russiske senatoren Dmitry Rogozin, tidlegare direktør for Roscosmos, kom med ei direkte åtvaring til Washington: «Vi står ikkje berre på terskelen, men allereie på kanten. Viss fienden ikkje blir stoppa før han trør over, vil det føre til at den strategiske tryggleiken til atommaktene byrjar å irreversibelt kollapse.»

Mest sannsynleg blir Polen den første NATO-medlemsstaten til å tillate Ukraina å angripe Russland med våpena dei har levert. Moskva vil då måtte gjere gjengjeld ved å i det minste angripe NATOs logistikksenter på polsk territorium i Rzeszów. Det vil bli opp til dei andre NATO-medlemsstatane å vurdere om dei vil aktivere Artikkel 5 av Atlanterhavspakta og starte Tredje verdskrig..
Frå eit strategisk synspunkt vil ei utplassering av US-amerikanske mellomdistansemissil på grensa til Russland og Kina opne for denne moglegheita. Det var derfor Russlands utanriksminister Sergej Lavrov kunngjorde at dei to landa hadde kome fram til ein felles forsvarsavtale under president Vladimir Putins siste besøk til Beijing. I tillegg gjennomfører no Russland, saman med Belarus, simuleringar på bruken av taktiske (ikkje strategiske) atomvåpen.

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article220954.html

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar