Derimot: Sist helg pakket de reiseveskene sine.Men de vet ikke hvor de skal dra. – Derimot

derimot.no:

Augevitne Syria, dei siste 12 dagane

av Rick Sterling

Global Research, 11.desember, 2024

Venen min bur i Damaskus. Eg vil kalle han Qusay for å beskytte identiteten hans. Qusay er fødd og oppvaksen i Aleppo, og han har framleis familie der. Han er ein omsettar på høgt nivå og universitetsprofessor. Frå familien sin fekk han vite kva som skjedde i Aleppo etter invasjonen som starta den 27. november. Han var personleg vitne til hendingane i Damaskus, der han framleis oppheld seg. Det følgande er det Qusay fortalde meg om hendingane i Syria dei siste 12 dagane.

Styrtinga av Aleppo

Marsjen mot og styrtinga av Aleppo vart gjort av syriske og mange utlandske krigarar som fekk forsyningar og generell støtte frå tyrkisk etterretning og militær. Syrisk militær kommunikasjon vart jamma ved hjelp av elekronisk krigføring. Dei som invaderte brukte dronar til å overvake og angripe syriske styrkar. Jihadistane var trente i bruken av dronar av NATO-finansierte ukrainarar. Tyrkia og andre NATO-styrkar leverte dronane og allslags andre avanserte våpen. Dei hadde tanks i tillegg til køyrety med påmonterte maskingevær.

Jihadistane var nøye førebudde av tyrkiske / US-amerikanske styrkar. Dei sende ut folk til å snakke med folk med påverknadsmakt i Aleppo, og lova hundretals dollar og anna løn i byte mot medverknad eller ingen opposisjon. Legar, ingeniørar og offentlege tenestemenn vart kontakta personleg. Det er svært sannsynleg at militære tenestemenn også vart kontakta. Då invasjonen, støtta av det tyrkiske militæret, starta den 27. november, kollapsa det syriske forsvaret av Aleppo.

Qusay trur den syriske arméen var utmatta etter 13 år med krig pluss konstante angrep frå israelske kampfly dei ikkje kunne stoppe. Dei hadde, på lik linje med resten av Syria, blitt utarma av intense sanksjonar frå Vesten, kombinert med ranet av livsviktige naturressursar. Dei beste landområda til å dyrke kveite og dei beste olje- og gassproduserande regionane har vore okkuperte av US-amerikanske styrkar og deira kurdiske proksyar sidan 2016. Derfor har dei fleste syrarar elektrisitet berre nokre få timar i døgnet, og dei har problem med å sette mat på bordet. Før «den skitne krigen» starta i 2011 var Syria sjølvforsynte på mat og energi. Syria hadde inga statsgjeld, og syrarar hadde gratis helsevesen og utdanning.

Dei som invaderte Aleppo prøvde å overtyde folket om at dei ikkje er som dei gamle «rebellane» som forfølgde og drap kristne og alawittar og tvangsinnførte sharia-lover. I Aleppo delte dei ut gratis brød til familiar og sette raskt opp elektroniske kommunikasjonsknutepunkt slik at alle kunne ha internett og dei kunne kringkaste meldingane sine.

Kollaps i Damaskus 

Medan invasjonsarmeen i nord gjekk mot sentral-Syria, gjekk ei anna angrepsgruppe inn frå sør. Først angreip dei og tok over Deraa på grensa mot Jordan, deretter Suweida. Så rykka dei fram til Damascus. Det verkar som det var avtalt på førehand, for det var lite militært forsvar av hovudstaden til Syria. President Assad gav opp makta og drog til Moskva.

På Dag ein (sundag) etter at regjeringa til Bashar hadde kollapsa, braut det straks ut plyndring og kaos. Folk var skrekkslagne og redde for å forlate heimane sine. Andre regjeringsbygg vart plyndra og ransaka. Det vart gjort innbrot i universitet, der datamaskiner og laboratorieutstyr vart stole. Syrias sentralbank og andre institusjonar vart vandaliserte.

Mange folk har erstatta det syriske flagget med «revolusjons»-flagget av frykt.

No, på Dag to, er situasjonen betre. Det er meir tryggleik. Mange butikkar er framleis stengde, men dei opnar, ein etter ein. Den tidlegare statsministeren og kabinettet har bede folk gå tilbake til jobben.

Den titulerte leiaren av den nye regjeringa er Abu Mohammed al Jolani. Han har uttalt offentleg at kvinner kan ha på seg det dei vil utan gjengjelds- eller hemn-angrep. Den syriske statsministeren har blitt erstatta av Mohamad al Bashir. Jolani-regjeringa verkar ha kontrollen over det meste av landet, inkludert Latakia. 

Eit digert uromoment no er angrepa og bombinga som Israel driv med. Israel har øydelagt nesten alle militære bygg i Damaskus-området medan israelske dronar konstant er i lufta. Queneitra i sør har blitt okkupert av den sionistiske arméen.  Netanyahu og Biden har begge tatt «æra» for den lange, skitne krigen i Syria.  

Qusay seier: 

«Brått er alt tapt …Syrarar er vande med å stole på at arméen forsvarer landet. Men det er ikkje meir forsvar. Israel tar over syrisk land. Tyrkia tar over ein annan del av Syria. … Vi veit ikkje kor Syria er på veg.»

Nokre syrarar trur dei vil få eit betre liv. Andre trur at dét er ein illusjon og at det vil kome mørke dagar framover. I helga pakka familien til Qusay reiseveskene og var klare til å sette i veg. Men det finst ingen plass å reise til. Både Jordan og Libanon har stengd grensene sine. 

*

Rick Sterling er ein uavhengig journalist med base i nord-California. Han kan kontaktast på e-postadressa rsterling1@gmail.com

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...