Derimot: Samtlige barn var vaksinerte med covid-vaksine. Alle barn innlagt på irske sykehus med hjerteplager ble undersøkt. – Derimot
derimot.no:
Toppforskarar slår alarm om hjarteskadar på COVID-vaksinerte barn
av Frank Bergman og Dr. William Makis
Eit team av leiande forskarar innan pediatrisk akuttbehandling slår alarm etter brå og kraftig auke i tilfelle av hjarteskade hos barn som har mottatt mRNA-«vaksinar» mot Covid.
Under ein stor studie analyserte dei eminente irske forskarane sakene til fleire dusin barn som hadde blitt innlagde på sjukehus med hjarterelaterte problem.
Alarmerande viste det seg at alle barna hadde blitt gitt minst éin dose av ein Covid mRNA-vaksine før dei vart lagde inn på sjukehus. Forskarane greidde ikkje finne ein einaste rapport om slike hjarteskadar blant uvaksinerte barn.
Studien vart utførd over ein 11-månadars periode ved avdelinga for pediatrisk akuttbehandling ved sjukehuset Tallaght Hospital i Dublin, Irland. Funna vart publiserte i det offisielle tidsskriftet til Irish Medical Organization, IMJ.
Forskarane starta studien for å undersøke dei mange rapportane som kom om ungdom og unge barn med brystsmerter og perikarditt- og myokarditt-diagnosar. Perikarditt og myokarditt er ulike former av inflammasjon i og rundt hjartemuskelen, ifølge USAs smittevernstilsyn, Centers for Disease Control and Prevention (CDC).
Begge sjukdommane innskrenkar hjatet si evne til å pumpe blodet rundt om i kroppen og fører til blodproppar, slag, hjarteatakk og potensielt brå død. Auken i tilfelle av perikarditt og myokarditt hos barn starta då vaksineringa for barn starta i Irland. Under studien analyserte forskarane 30 unge pasientar på mellom 13 og 15 år som hadde blitt innlagde på sjukehus med perikarditt eller myokarditt.
I Irland var mRNA-injeksjonen til Pfizer/BioNTech den rekommanderte “vaksinen”. 23 av pasientane i denne gruppa var gutar. Studien ekskluderte pasientar under 12 års alder og eldre enn 15. Alle dei 30 barna som studien analyserte hadde mottatt ein Covid-“vaksine”. 17 hadde fått diagnosen perikarditt eller myokarditt etter andre dose av vaksinen, og 13 pasientar fekk hjarteskade etter berre eitt skot.
Tjuetre gutar og sju jenter i dette aldersspennet, alle Covid-vaksinerte, hamna på sjukehus med hjarteskade. Dei rapporterte symptoma inkluderte korpustaheit, brystsmerter, hjartebank (palpitasjonar) og svimmelheit. Studien kjem samtidig som ekspertar rundt om i verda slår alarm om aukande hjarteproblem blant Covid-vaksinerte.
I oktober 2022 informerte ein israelsk doktor, Dror Mevorach, Pfizer om at selskapets Covid-mRNA-skot forårsaka myokarditt i unge menn. Etter å ha oppdaga det første tilfellet, skildra doktoren ei «magekjensle» han hadde av at hjartelidinga var ein biverknad av Pfizer-skotet. Israels helsedepartement bad Mevorach sette ihop ei gruppe doktorar og studere effektane av vaksinen.
Israel har eit landsdekkande overvakingssystem som departementet administrerer. Dette gjorde at Mevorach og gruppa hans kunne monitorere pasientar som hadde tatt Pfizer-“vaksinen”.
Gruppa fann skyhøge antal myokarditt i unde menn som hadde fått skotet. I studien deira var over fire hundre tusen vaksinerte og kring halvparten han-kjøn. Studien fann at risikoen for myokarditt hos gute-ungdommar etter andre skot, var over ti gongar høgare enn hos jente-ungdommar.
Då Mevorach informerte Pfizer om studiens funn, ignorerte selskapet han i fleire månadar, heilt til doktoren publiserte funna sine i New England Journal of Medicine. Som Slay News nyleg rapporterte, har ein annan studie, med 1,7 millionar barn involverte, funne at hjarteskade berre dukka opp i barn som hadde mottatt Covid mRNA vaksnar.
Ikkje eit einaste uvaksinert barn i gruppa leid av hjarterelaterte problem. I tillegg merka forskarane seg at null barn i heile gruppa, vaksinerte eller uvaksinerte, døydde av COVID-19. Studien fann at Covid-skota gav barna veldig lite vern mot viruset. Mange av dei vart smitta berre 14 til 15 veker etter å ha mottatt ein injeksjon.
Dei 1,7 millionar barna observerte i studien var i aldere 5 til 15 år og var registrerte i Storbritannias nasjonale helsevesen, National Healthcare System (NHS). Studien vat utført av eit team av leiande medisinarar, epidemiologar, biostatistikarar og folkehelseekspertar, leidde av Oxford Universitys professor Colm D Andrews.
Kommentar frå dr. William Makis
HER er studien:
.
Pfizer Vaccine May Cause Heart Inflammation in People Under 30, Leaked Study Suggests
Det finst så mykje bevismateriale for å trekke skota frå marknaden for barn under 18 år, men ingen politikarar med motet til å faktisk gjere det.
Kanskje blir Slovakia det første landet i verda som forbyr COVID-19 mRNA-vaksinane. Eg kjenner mine landsmenn. Vi gir ikkje opp, og vi bøyer oss ikkje. Sjå berre på meg og Alberta Health Services.
*
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert