Derimot: Sakene som stinker helt inn i presidentkontoret i USA. Hunter Bidens utenlands-eskapader.
derimot.no:
Sakene som stinker helt inn i presidentkontoret i USA. Hunter Bidens utenlands-eskapader.
Hunter Biden / Ihor Kolomoïsky-affæren
av Thierry Meyssan
Biden-administrasjonen kjem endeleg med ein reaksjon på skandalane som har oppstått kring datamaskina til presidentens son, Hunter Biden. Denne taparen, som ikkje er kjend for anna enn å vere ein narkoman hallik, greidde å bli direktør for eit stort gass-selskap; ein jobb han ikkje kan noko om. Som stråmann signerte han allslags store kontraktar i ulike land, dit han flaug –urettmessig – med statens fly. Faren hans lanserer no ein operasjon som skal sette lok på desse skandalane som til og med har tvunge han til å reinske opp i den ukrainske regjeringa.
VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 8. FEBRUAR, 2023
Etterkvart som tida går, driv amerikanske velgarar lenger og lenger bort frå president Joe Biden. Mange av dei som seier dei røysta på han, seier no i meinigsmålingar at dei angrar på det. Nokre seier at viss dei hadde visst om Hunter Biden-saka den gong, så hadde dei aldri stolt på faren hans til å styre landet.
Under valkampanjen til presidentvalet politimelde Det republikanske partiet Den føderale valkommisjonen, fordi dei sosiale nettverka Twitter og Facebook sensurerte tusentals kontoar som delte avsløringane til New York Post om datamaskina til Hunter Biden[1]. Den føderale valgkommisjonen avviste Det republikanske partiets krav. Men Twitter-filene, avslørt av den nye eigaren av det sosiale nettverket, Elon Musk, viser i detalj korleis FBI og eit etterretningsbyrå – sannsynlegvis CIA – kontakta Twitter og Facebook og bad dei sensurere informasjonen.
Det overraska meg at i USA kan sonen til ein visepresident, deretter president, reise med statens fly til verdas fire hjørne, og gi inntrykk av å tilhøyre statsapparatets elite, når han eigentleg berre var ein junkie [2]. Dette misbruket er etter mi meining eit teikn på det amerikanske imperiets forfall.
Men den nye Republikanske majoriteten i Representanthuset har planar om å sette i verk ulike granskingar, særleg om korleis Joe Biden er involvert i sonens skitne forretningar. Om desse granskingane skulle lykkast, kan det reise spørsmål om uavhengigheita til USAs president, og derfor føre til at han blir stilt for riksrett.
Hugs at medan Joe Biden var Barack Obamas vise-president, vart det betalt ut 7 millionar dollar i muter til Ukrainas statsadvokat for at han skulle la vere å snuse i Burisma sine saker. Seinare vart denne same aktoren, som sikkert hadde blitt for grisk, kasta ut av Verkhovna Rada (Parlamentet) under press frå USA, EU, IMF og Verdsbanken, som ønska å skjerme eigaren av Burisma og tidlegare statsminister Julia Timosjenko til ein lågare pris.
I det puritanske USA var folkeopinionen først fokusert på Hunter Bidens hyppige bruk av prostituerte og narkotikabruken hans, før det vart tydeleg at hans finansielle affærar var langt viktigare.
Frå då av vart Hunter Biden-affæren, som fram til då hadde blitt dekka over av høge medlemmar av etterretningssamfunnet og bortfeia som «russisk desinformasjon» [3], eit problem med potensiale til å øydelegge mykje. Det går ikkje lenger å nekte for fakta. Sjølv Harvard-universitetet har nett kunngjort at dei vil stenge ned sitt prosjekt ’Teknologi og sosiale endringar’, ein struktur som heile tida kalla avsløringa om Hunter Bidens laptop for Fake news [4].
Fram til no har dei som har sett denne saka som viktig, blitt kalla «konspirasjonsteoretikarar», «høgre-ekstreme» følgarar av president Trump og lesarar av søppelpressa. Nesten heile den herskande klassen hadde derimot «forstått» at det heile berre var eit populært rykte, Fake News. På den eine sida var det mange lesarar av New York Post, som hadde avslørt saka [5], på den andre sida dei som las New York Times, som heile tida fornekta den.
Blant dei mange finans-affærane til presidentens son, er det to som skiller seg ut. Den første involverer ein kinesisk spion. Den tyder på påverknad i framand makts teneste. Den andre handlar om hans aktivitetar i Ukraina, og særleg utnemninga av han og venen hans Devon Archer (tidlegare romkamerat med Christopher Heinz, John Kerrys svigerson, under universitetsperioden deira) til styremedlemmar i oljeselskapet Burisma Holdings. Dette er den gruppa som president Vladimir Putin fordømde som «ein gjeng narkotikamisbrukarar og nynazistar» [6] då han kalte ut arméane sine for å stoppe borgarkrigen i Ukraina, med støtte i FNs sikkerheitsråds resolusjon 2202.
Denne veka har to tilsynelatande urelaterte hendingar skaka ting opp. Dei vart truleg pønska ut av David Brock, propagandaspesialisten som president Biden sette sin lit til i 2016 i valkampen mot president Trump. Han er no tilbake etter ein periode med helseproblem [7].
Hunter Biden har tilsett ein av USAs mest kjende advokatar, Abbe Lowell. Sistnemnde har bede om at det skal opnast ei kriminell etterforskning av alle som var involverte i å avsløre innhaldet på klientens berbare datamaskin, inkludert tidlegare New York-ordførar Rudy Giuliani og tidlegare Donald Trump-rådgivar Steve Bannon. Han anklagar dei for å ha krenka klientens personvern og oppfordrar dei til å trekke tilbake konklusjonane dei trakk utifrå datamaskinas innhald, og dermed gravlegge saka.
Samtidig reiste ein delegasjon frå det amerikanske forsvars- og utanriksdepartementet og USAID til Ukraina for å råde Zelensky-regjeringa til å rydde opp i rotet [8]. Offisielt var målet for den amerikanske delegasjonen å sikre at midla som Washington så sjenerøst gir til Kiev ikkje blir misbrukte av korrupte tenestemenn. Men eigentleg handla det om å fjerne karakterane som hadde blitt til plage, utan å røre dei andre.
På to dagar vart det sagt opp fjorten personar. Fem regionale guvernørar (Valentin Reznichenko (Dnepropetrovsk), Oleksandr Staruch (Zaporijdia), Dmytro Zhivytsky (Sumy), Yaroslav Yanushevich (Kherson) og Oleksiy Kuleba (Kiev)), fire viseministrar (inkludert Viacheslav Shapovalov (forsvar) ) og to leiarar for eit statleg byrå forlot sine stillingar, i tillegg til nestleiaren for presidentadministrasjonen (Kyrylo Tymoshenko) og visestatsadvokaten (Oleksiy Simonenko).
Vestlege medium rapporterte pliktoppfyllande om brutale permitteringar. Men det viktigaste kom på dag 3, og svært få snakka om det. SBU-troppar ransaka huset til oligarken Ihor Kolomoysky, sponsor av president Volodymyr Zelensky og dei«integrerte nasjonalistane», men framfor alt eigar av… Burisma Holding, som han kjøpte frå Mykola Zlochevsky i 2011, dvs. sjølv før Hunter Biden gjekk inn der.Naturlegvis er artikkelen til Anticorruption Action Centers om denne endringa i eigarskap for lenge sidan fjerna frå nettstaden deira [9].
Teknisk sett blir ikkje Ihor Kolomoisky tiltalt for attentatet han beordra, men for rigging av ein auksjon av mykje gass for nesten ein million dollar som involverer to viseenergiministrar.
Arrestasjonen av mafiasjefen Ihor Kolomojskyj har sletta spora etter mange problem. Han er nøkkelvitnet som kan knyte president Volodymyr Zelensky til dei «integrerte nasjonalistane», det vil seie påvise forholdet mellom ein forsvarar av demokratiet og antidemokratane, så vel som mellom ein jødisk personlegdom og jødeutslettarane. For «Presidentens menn» er Kolomoiskyi den viktigaste ukrainske figuren som kan forklare korrupsjonen til Hunter Biden og kanskje Joe Biden.
Vi hugsar at USAs energiminister Rick Perry i 2019, under Zelenskys inaugurasjonsseremoni, skal ha informert Rudy Giuliani fortrulege ting frå president Zelensky om Hunter Biden [10]. President Donald Trump spurde då ukrainarane om meir informasjon om desse granskingane. Men saka vart lekka, president Trump vart skulda for å handle utifrå hemnmotiv, og ein ny riksrettsprosedyre vart starta mot han.
Hunter Biden-affæren har mange fasettar. Éin ting er å slette rolla hans i Burisma, ein annan er å slette rolla hans i aktivitetane i USAs militære laboratorier i Ukraina. Desse aktivitetane vart utførte via Rosemont Seneca Technology Partners (RSTP), eit av selskapa han oppretta saman med Christopher Heinz, svigersonen til den spesielle presidensielle utsendingen for klima, John Kerry, som slutta seg til han i styret til Burisma [11].
– Donald Trump Jr., sonen til president Donald Trump, skriv om Hunter Bidens eskapadar i boka si Liberal Privilege: Joe Biden and the Democrats’ Defense of the Indefensible, Gold Standard Publishing (2020).
The New York Post si gransking førte til ei anna bok, Laptop >From Hell: Hunter Biden, Big Tech, and the Dirty Secrets the President Tried to Hide av Miranda Devine, Post Hill Press (2021).
Dei Republikanske senatorane i Homeland Security Committee presenterte to rapportar under den førre sesjonen til Kongressen: 1-
Hunter Biden, Burisma, and Corruption: The Impact on U.S. Government Policy and Related Concerns. U.S. Senate Committee on Homeland Security and Governmental Affairs 2-
Majority Staff Report Supplemental Committee on Finance. Committee on Homeland Security and Governmental Affairs. November 18, 2020
Omsett av
Monica Sortland
[1] «Republican National Committe Letter to the Federal Election Commission», 16. oktober, 2020. [2] « La décadence de l’Empire états-unien », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 6. september, 2022. [3] “Public Statement on the Hunter Biden Emails”, Voltaire Network, 1. oktober, 2020. [4] «Harvard pulls the plug on disinformation research project led by Hunter Biden laptop skeptic», Yael Halon, Fox News, February 3, 2023. «Harvard shuts down ’misinformation’ research program and cuts ties with director who was skeptical of Hunter Biden laptop story (but claims it was for ’bureaucratic reasons’)», Will Potter, Daily Mail, 3. februar, 2023. [5] “Smoking-gun email reveals how Hunter Biden introduced Ukrainian businessman to VP dad”, Emma-Jo Morris & Gabrielle Fonrouge ; “WH press secretary locked out of Twitter for sharing Post’s Hunter Biden story” , Steven Nelson, New York Post, 14. oktober, 2020. [6] «A gang of drug addicts and neo-nazis”, av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5. mars, 2022. [7] “David Brock, Clintons agitprop man, zeroes in to rescue the Bidens”, Voltaire Network, 2. desember 2022. [8] «Defense, State, and USAID Inspectors General Visit Kyiv», Department of Defense Office of Inspector Genral, 31. januar, 2023. [9] « Kings of Ukrainian Gas », Anticorruption Action Center, 26 august 2012. [10] «WSJ News Exclusive«, Timothy Puko & Rebecca Ballhaus, 16. oktober, 2019, Wall Street Journal. [11] «Hunter Biden Bio Firm Partnered With Ukrainian Researchers ‘Isolating Deadly Pathogens’ Using Funds From Obama’s Defense Department», Natalie Winters & Raheem J. Kassam, The National Pulse,24. mars, 2022.
Forsidebilde: Lexica
58 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 58 ganger.
Post Views: 87