Derimot: Russlands gransking av USAs biologiske laboratorier i Ukraina. USA driver hemmelige biologisk program rundt om i verda.

Derimot.no
Derimot: Russlands gransking  av USAs biologiske laboratorier i Ukraina. USA driver hemmelige biologisk program rundt om i verda.

derimot.no:

Russlands gransking av USAs biologiske laboratorier i Ukraina.

Oppdatering om Russlands gransking av US-amerikanske biologiske laboratorium i Ukraina

Russlands forsvarsdepartement held fram etterforskinga si av USAs sivile/militære biologiske laboratorium i Ukraina og andre stadar i verda. General Igor Kirillov seier han har identifisert fleire av leiarane for dette hemmelege programmet: 

  • Karen Saylors, administrerande direktør for Labyrinth Global Health og tidlegare sjef for Metabiota-program i sentral-Afrika. Sidan 2016 har ho arbeidd som senior-konsulent for prosjektet U-P10, som studerer smittevegar for afrikansk svineinfluensa i Ukraina.
  • Colleen Johnson er tilknytt University of Tennessee og direktør for Host-Pathogen System Research Institute. Ho leidde prosjektet UP8, som studerte utbreiinga av patogenet Krim-Kongo hemoragisk feber og hantaviruset i Ukraina. Johnson leidde prosessen med å samle inn biologiske prøver frå ukrainske soldatar, og samarbeidde med US-amerikanske kontraktørar og helsedepartementet i Ukraina.
  • Lewis von Taher er president og direktør for Battelle, ein av Pentagons og energidepartementets store kontraktørar. Sidan 2003 har selskapet leidd forskningsprosjekt relaterte til zoonotiske infeksjonssjukdommar [sjukdommar som kan overførast frå dyr til menneske, og omvendt] i Ukraina.
Karen Saylors

Ifølge Russlands forsvarsdepartement kan Pentagon, på grunn av reglane sine for offentleg-privat partnarskap, nekte for at dei styrer heile programmet. Under Den kalde krigen var det marinen som dreiv den biologiske forskninga til militæret i USA. Dei sette opp mange laboratorium i utlandet for å samle inn prøver og studere og velge ut ulike virus. I 1977 lekka U.S. Navy Biological Warfare Laboratory i Kairo feberviruset Rift Valley og forårsaka ein alvorleg epidemi. Viruset hadde blitt endra, og sjukdommen hadde blitt alvorleg. Laboratoriet vart flytta.

I 2010 vart US Navy Biomedical Center i Jakarta suspendert på grunn av «interessekonflikt» og talrike brot på reglane. USA utførte på denne fasiliteten arbeid som låg utanfor det godkjende forskningsprogrammet; dei tok uautoriserte biologiske prøver og nekta å informere Indonesias regjering om føremålet […]

(frå 7 – Voltaire, International Newsletter – N°27 – 10 February 2023)

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

52 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 52 ganger.

Post Views: 52

Les artikkelen direkte på derimot.no