Derimot: Russland har snudd spillet.USA kan ikke vinne en atomkrig, men kan Russland?
derimot.no:
Av Larry Johnson.
Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.
Eg vegrar meg for å skrive dette fordi eg ikkje ønskjer å gje lesaren inntrykk av at eg støttar bruken av atomvåpen. Det gjer eg ikkje. Men USA sitt folk, takka vere udyktig og korrupt politisk leiarskap, dei lever i fantasien om at vi framleis er i den strategiske verda som eksisterte på 1990-talet, då det var forstått at eit fyrste atomåtak av USA eller Russland mot motparten ville resultere i ein ustoppeleg respons som ville gjere begge landa øydelagde og stille verda overfor ein mogleg atomvinter. Med andre ord, Mutual Assured Destruction [«gjensidig, sikker øydelegging»].(MAD)
Men so skjedde George W. Bush. I juni 2001 avskaffa George W. Bush einsidig anti-ballistisk missil-traktaten. Dersom du er yngre enn 40 år, hugsar du truleg ikkje ADM-traktaten. Her er ein rask oppfriskar:
«Signert i 1972 av Washington og Moskva for å seinke atomvåpenkappløpet, sperra ABM-traktaten begge supermaktene ute frå å setje i verk nasjonalt forsvar mot langtrekkjande ballistiske missil og frå å byggje grunnlaget for slikt eit forsvar. Traktaten var basert på premisset om at om den eine supermakta konstruerte eit strategisk forsvar, ville den andre byggje opp sine offensive atomstyrkar for å kontre forsvaret. Supermaktene ville difor raskt hamne på ein sti mot eit endelaust offensivt-defensivt våpenkappløp når kvar av dei prøvde å balansere motparten sine handlingar.»
Eg hugsar klart Bush sitt fyrste år i embetet. Skrivinga mi på den tida var fokusert på Bush-administrasjonen sin regelrette forsømmelse av kontraterrorisme i staden for å fokusere på å utvikle eit missil-forsvarssystem. Det var prioriteten til Bush sitt nasjonaltryggleiksteam i 2001 heilt til 11.september skjedde. Bush-teamet ignorerte CIA sine åtvaringar om at bin Laden planla å slå til mot USA og samla seg berre på sitt fyrste tverrbyrå-møte om terrorisme 10.september:
«Bin Laden Determined to Strike in US var tittelen på presidenten si daglege briefing førebudd av Central Intelligence Agency og gjeven til president George W. Bush måndag 6.august 2001. Briefinga åtvara, 36 dagar før 11. september-åtaka, om terrorisme-trugslar frå Osama bin Laden og al-Qaeda, inkludert ‘mistenkjelege aktivitetsmønster i dette landet som er konsekvent med førebuingar på ei kapring’ av amerikanske fly.»
I etterkant av 11. september-åtaka, vippa Bush-administrasjonen over i ein pervers kontraterrorisme-politikk med søkjelys på å invadere Afghanistan og gå til krig mot Irak. Den nye kontraterrorisme-politikken flytta den amerikanske regjeringa sin forsvarspolitikk frå å byggje og sende ut det ballistiske missil-forsvarssystemet som var Bush og Cheney sin draum i dei fyrste åtte månadene av administrasjonen, til å bekjempe terrorisme og nasjonsbygging. Milliardar av dollar som kunne ha vore brukt på eit nytt ABM-system forsvann i ineffektiv militærinnsats i Afghanistan, Irak og andre bakevjer i Den tredje verda.
Kva gjorde Russland? Fyrst klaga folka i Moskva:
«Senior-talsmann i Kreml, Sergej Jastrzhembsky sa at Moskva vil gje uttrykk for anger når det gjeld den amerikanske tilbaketrekninga frå ABM-avtalen, men vil elles halde seg rolege. Herr Jastrzhembsky sa at Russland sitt eige atomarsenal er tilstrekkjeleg for å beskytte landet i framtida.
Leiaren for den russiske generalstaben, general Anatolj Kvashnin seier at amerikansk tilbaketrekning frå AMB vil påverke strategisk stabilitet.
General Kvashnin seier at den vil opne veg for at somme land byrjar på eit internasjonalt våpenkappløp. Men han seier det ikkje vil truge Russlands tryggleik.
Somme russiske politikarar er mindre tilbakehaldne. Duma-assistent Vladimir Lukin frå det liberale Jabloka-partiet skildrar USA sitt trekk som ein stor feil.
Herr Lukin seier ‘det er verre enn eit brotsverk, det er ein feil’. Han skuldar USA for å bruke russisk assistanse i antiterror-koalisjonen og deretter ignorere russisk bekymring rundt andre område, slik som ABM-avtalen.»
Og deretter gjorde Russland det som russarar gjer – dei skapte eit robust ABM-forsvar i toppklasse. Vennen min, Andrej Martyanov, kjem med ei generell skildring av Russland sin respons i si fabelaktige bok, Losing Military Supremacy:
«Vidare, dersom USA på marinefeltet framleis held på enkelte sterke posisjonar, ikkje minst gjennom sjølve storleiken på marinen hennar, er den noverande situasjonen og trendar endå verre på dei andre militærteknologiske felta. F-35 eller Littoral Combat Ship-katastrofen er berre få indikasjonar på den generelle glidninga av amerikanske konvensjonelle evner, slik som amerikansk luftforsvar for fastlands-USA, som er rett og slett ikkje-eksisterande – eit heller avslørande faktum for nasjonen som trudde dei ikkje trong eit. Dette burde ikkje bli forveksla med anti-ballistisk missil-forsvar som faktisk eksisterer i USA – som er fullstendig ubrukeleg mot landåtak frå sjø og luft frå missil som har evna til å angripe viktig amerikansk infrastruktur – ei evne Russland demonstrerte dramatisk i Syria. Ulikt Russland som kan vise fram det som unekteleg er det beste nasjonale luftforsvaret, som i dag sender dei beste antiluft- og antimissil-kompleks i verda, er amerikanske kystlinjer so godt som forsvarslause. Usending av Patriot PAC-3-system, som har eit rykte som i utgangspunktet er dårleg, tilbyr ikkje ein garanti mot konvensjonell eller til og med atomvåpen-gjengjelding mot fastlands-USA i tilfelle ein stor konflikt. Når prosjekt 885 Severodvinsk-klasse atom-ubåtane kjem på nettet, saman med den moderniserte prosjekt 949A-klassen, alle væpna med det siste TLAM, er det særs vanskeleg å føresjå noko tiltak som kan realistisk sikre fastlands-USA frå eit massivt åtak av cruise-missil.»
So, her er det kritiske spørsmålet: Kan USA blokkere eit atom-missil?
«Ein ny studie sponsa av American Physical Society konkluderer at amerikanske system for å fange opp interkontinentale ballistiske missil kan ikkje litast på for å motverke sjølv eit avgrensa atomåtak, og ein reknar det som usannsynleg at dei vil oppnå pålitelegheit innan dei neste 15 åra.»
Dersom du er ein russisk militærplanleggjar, innser du at M.A.D. ikkje lenger er realitet. I tilfelle Russland trudde at dei stod overfor genuin eksistensiell trugsel frå Vesten frå eit atomåtak, sjølv eit taktisk treff, kunne det russiske militæret presentere til president Putin ein levedyktig plan som ville øydeleggje den amerikanske atomresponsen med avgrensa (om enn fælsleg) skade på Russland. Eg antydar ikkje at Russland ville gå sin veg uskadd. Men Russland, med eit felttesta, integrert anti-ballistisk missil-forsvarssystem, ville ha betre enn gjennomsnittleg sjanse til å overleve ei atomutveksling med USA.
Eg vil gjenta – dette er siste utveg, og eg er standhaftig motstandar av det. Men eg trur det burde vere del av den offentlege diskusjonen. For mange uvetande kritikarar og politikarar i Vesten avskriv Russland sine militære evner som andregrads i beste fall. Jeffrey Lewis, som skreiv for Foreign Policy for fire år sidan, forstod augneblinken sin realitet:
«Den verkelege danninga av Russlands nye generasjon bisarre atomvåpen ligg ikkje i det mest nylege Nuclear Posture Review, men i George W. Bush-administrasjonen si avgjerd i 2001 om å trekkje seg ut av den Anti-ballistiske missil-traktaten, og det at både Bush- og Obama-administrasjonen mislykkast i å engasjere seg meiningsfullt med russarane rundt deira bekymringar om amerikansk missil-forsvar. Putin sa so mykje i sine kommentarar. ‘I løpet av alle dei åra sidan den einsidige amerikanske tilbaketrekninga frå ABM-traktaten,’ forklarte Putin. ‘har vi arbeidd intensivt på avansert utstyr og våpen, som lét oss gjere eit gjennombrot i å utvikle nye modellar av strategiske våpen’. Desse teknologiske gjennombrota er no her. Tragisk nok fekk vi aldri dei diplomatiske som vi trong.»
Post Views: 42