Derimot: Russiske reaksjoner på drapsforsøket.Sår en vind høster en storm! – Derimot
derimot.no:
Som ein sår, får ein hauste
Russland reagerer på Trump-attentatet med Bibel-sitat
av John Helmer, Moskva
Dei jødiske og kristne biblane kan det på rams.
«For denne tingen kjem frå Israel,» sa ein av skribentane som åtvara om avgudsdyrking og konkurrerande gudar i ei samling med tittelen Profeten Hosea. «Men han er laga av ein handverkar, og nokon gud er han ikkje. Sanneleg, til splintar skal han bli, Samaria-kalven! For vind sår dei, og storm skal dei hausta.» Denne åtvaringa stammar frå seint 900- eller tidleg 800-tal før Kristus.
Nesten åtte hundre år seinare, då Paul av Tarsus (alias Sankt Paulus) skreiv sitt brev til dei kristne på Galatia, åtvara han: «Det eit menneske sår, skal det òg hausta. Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.» [På engelsk er det omsett til «Den som sår for å tilfredsstille sin syndefulle natur, vil frå den naturen hauste øydelegging; den som sår for å tilfredsstille Anden, vil frå Anden hauste evig liv.», mrk.]
Den russiske reaksjonen på drapsforsøket på Donald Trump er ein kombinasjon – idol, orkan, synd, destruksjon, Gud, utbetaling — pluss djup mistanke om at enten president Joseph Biden eller Trump sin organisasjon, eller begge, var innblanda i å fabrikkere det som skjedde, pluss ei overtyding om at dei no skor seg på utkomet for alt det er verdt.
Det offisielle standpunktet vart gitt av utanriksdepartementets talsperson om å hauste storm. Kreml-talspersonen følgde opp med Samaria-kalven.


«I går,» skreiv utanriksdepartementets Maria Zakharova på Telegram, «innrømde ein av leiarane av Kiev-regimet, [Kirill] Budanov, ope at ukrainsk etterretning heldt på med førebuingar til å ta presidenten av Russland. Så dette forsøket vart førebudd, igjen, med amerikanske pengar. Utan desse hadde det ikkje vore nokon vondsinna aktivitet i GUR, SBU og generelt Bankova [presidentens kontor]. Med massiv finansiering og ukontrollert forsyning av våpen, har Washington skapt ein terrorist-struktur i Ukraina – Kiev-regimet. Det er ei maskin av mord, bombing, utrydding og terroristangrep mot både politiske figurar og sivile … USA burde gjere opp status for politikken sin med å tenne hat mot politiske opponentar, land og folk, og sponsing av terrorisme. Klokkene ringer allereie for Washington!»
Dmitry Peskov, for president Vladimir Putin, sa at Putin ikkje har nokon plan om å telefonere Trump. Han ymta deretter om Biden-plottet ved å gjere ei kvalifisert nekting. «Vi tenker ikkje og trur ikkje at forsøket på å eliminere presidentkandidat Trump var organisert av dei noverande styresmaktene, men den atmosfæren som vart skapt av denne administrasjonen under den politiske kampen, atmosfæren rundt kandidat Trump, det var det som provoserte fram det USA i dag møtte.»
Peskov tippa deretter Kreml i Trumps retning: «Etter fleire forsøk på å eliminere Trump-kandidaten frå den politiske arenaen, først med juridiske verkty, forsøk på å politisk diskreditere og kompromittere kandidaten, var det openlyst at livet hans var i fare.»
Det statlege nyheitsbyrået RIA-Novosti tippa endå lenger for Trump. «Det einaste overraskande med drapsforsøket på Donald Trump, er at det skjedde den 13. juli, og ikkje før – for eit år, tre eller åtte år sidan. Oppkomlingen som ikkje berre utfordra storparten av etablissementet i USA, men også «Washington-sumpen», har risikert livet alle desse åra … Det er no tydeleg at «sumpborgarane» angrar på at dei ikkje tenkte på å drepe Trump før november 2016: dei undervurderte trusselen, trudde ikkje at han kunne vinne.»


Tsargrad,ein internettplattform av russisk eksepsjonalisme og ortodoksi, handterer Trump som ein russisk alliert i krigen mot Biden. «Ei kule i Trumps hovud er eit slag mot Russland: kva gjenstår i kulissane av drapsforsøket på eks-presidenten av USA – eit ekte attentat eller ei iscenesetting? Spørsmålet er ikkje uviktig, særleg i høve til Russland. Etter at stadig fleire detaljar har dukka opp, har mange interessante ting kome fram bak scena for drapsforsøket … Dette er det sanne ansiktet til hegemoniet og den unipolare verda: den som er imot globalisme, som står i vegen for denne, blir først gjenstand for demonisering (ved hjelp av verktya til kanselleringskulturen), deretter fysisk eliminert … Globalistar bryr seg ikkje om USA, nett som alle andre. Dei treng planetær makt, absolutt makt for den overnasjonale kapitalen. Og alle land, inkludert Amerika og Europa sjølv, er berre verkty for opprettinga av ei verdsregjering. Trump er for USA og imot Verdsregjeringa. Som Putin er for Russland, Xi Jinping er for Kina, Modi er for India, og Orban, Fico, Marine Le Pen og AfD er for Europa”.
Dei russiske militæret kjeldene som held Moskvas militærbloggarar oppdaterte, har fokusert på bevisa etterkvart som dei har blitt tilgjengelege og unngått å ta stilling for eller imot Biden og Trump. Dei leverer vittige kommentarar om begge. Boris Rozhin, sjef for bloggen Colonel Cassad, konkluderte rekka si av rapportar gjennom Moskva-natta og inn i sundags ettermiddag slik: «Han [Trump] trekte hovudet sitt akkurat i tide. Viss han hadde blitt ståande i ein statisk positur, slik Biden gjer, hadde vi no levd i ei litt anna verd.» Legg merke til adverbet. Rozhin byrja rapportere atten minutt etter at skota vart avfyrte mot Trump klokka 01:29 om natta i Moskva – 18:29 laurdags kveld i Butler, Pennsylvania. Trump gjekk opp på podiet klokkat 18:02. Skota kom klokka 18:11.
Rozhin var først ute med å publisere eit presist oversiktskart som viste posisjonen til skyttaren bak og til høgre for Trump; rekkevidda til eldgivinga; rifla som vart brukt; og såret og blodspruten på høgre side av hovudet til Trump. Nesten med det same tok Rozhin opp spørsmålet om den openberre tenesteforsøminga til US Secret Service, som hadde skyttaren, som vart sett av fleire vitne på eit hustak i nærleiken, klart i sikte i fleire minutt før han opna eld.
Folkeopinionen og valfordelane for Trump var openlyse, kommenterte Rozhin klokka 05:27. «Øyret vil bli eitt av hovudargumenta for at han bør bli vald.»


Til venstre: Colonel Cassad, 14. juli klokka 03:59. Til høgre: nærbilde av Trump sitt øyre- og hovudskade, rapportert av Rozhin klokka 06:21. Trump har hevda: «Eg vart råka av ei kule som gjennombora den øvre delen av det høgre øyret mitt.» Bevisa som Rozhin publiserte antyder skade frå glasbitar frå ein av teleprompter’ane som stod framfor Trump medan han heldt tale frå talarstolen. Rapportar frå USA stadfester at teleprompter’en på høgre side var smadra av rifleskota. Eit streifsår frå ei AR-15-kule vil sannsynlegvis gi spor av brannskade; viss penetreringa skjer i høg fart, blir vevsskaden betydeleg, som denne analysen av AR-15-kulers innverknad på kroppen indikerer. Trump sin organisasjon har ikkje sleppt nokre detaljar om sjukehuset sin analyse eller behandlinga han fekk etter hendinga.


Kjelde: New York Times publiserte dette kartet over scenen for hendinga meir enn tolv timar etter Rozhins kart.
Tjuefire timar etter at han byrja rapportere, kommenterte Rozhin ironisk om både Trump og den US-amerikanske mediekrigen som no er på veg. «Forresten finansierte Trump sjølv den russiske spådommen om eit attentat på øyret for 32 år sidan … I 1992 var den unge Donald Trump sponsor for [Leonid] Gaidai sin komedie Good Weather on Deribasovskaya Street, It’s Raining Again on Brighton Beach, som vart spelt inn i USA. Kort sagt, konspirasjonsteoriar har av og til god humoristisk sans.»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde er KI-generert
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.