Derimot: Russisk analytiker: Ingenting blir som før. Vesten vil ikke lenger kunne dominere.
derimot.no:
Det er ikke tilfeldig vi presenterer denne analysen og dette perspektivet på det som er i ferd med å skje. Og skal vi være orientert om hvordan verden oppfattes er det ikke tilstrekkelig å lese de vestlige mediene. De har vestens og sine eieres briller på. Og forståelsen blir deretter: å tråkke opp de samme stiene som ikke føres oss fremover men inn i den samme runddansen: Vesten er overlegen og alle andre må underordne seg vårt suverene system og vårt demokrati.
Vesten har levd høyt på å plyndre andre land for deres verdier, men tiden er nå forbi sier denne russiske analytikeren. Den er definitivt over. Jeg tror det kan være nyttig å se hvordan andre oppfatter oss og den situasjonen vi befinner oss i.
Knut Lindtner
Redaktør
Det er på tide at det globale fleirtalet tar sitt rettmessige sete ved topp-bordet
av Professor Sergey Karaganov
Ved Valdai-forum i Moskva førre veke var eg invitert til å halde tale i ein sesjon kalla «Den oppsmuldrande verda: Lærdommar for framtida etter den politisk-militære krisa i 2022». Tilstelninga har blitt leiande i det internasjonale intellektuelle samfunnet på området globale spørsmål no og framover. Men tittelen på sesjonen fekk meg til å stusse, sjølv om eg ikkje protesterte.
Krisa starta ikkje i 2022, den starta midt på 1990-talet – på same måte som Andre verdskrig eigentleg starta med Versailles-traktaten etter Første verdskrig, ein traktat som var urettvis og la grunnlaget for det som seinare skjedde.
For nesten tre tiår sidan nekta Vesten å gå med på ei rettvis ordning med post-Sovjetrussland. I staden, meinte mange på den tida, verka det som om dei Vestlege landa skapte eit nytt dominans-system basert på såkalla «reglar».
Andre har seinare meir presist referert til det som global liberal imperialisme. Men det var bygd på sandgrunn. Det inneheldt ei Tredje-verdskrig-landmine som før eller seinare kunne eksplodere. Veteranar som eg, har ein tendens til å lagre minne, ofte feilhugsa, men eg har sidan 1996-97 sagt at ei verd som er basert på NATO-ekspansjon og Vestleg dominans vil føre til krig.
Den USA-leidde dominansen starta å smuldre opp i 1999, då blokka – omtåka av straffefridom – forbraut seg på Jugoslavia. Oppsmuldringa heldt fram då dei i eufori gjekk inn i Afghanistan, og deretter Irak, og tapte og devaluerte den militære overlegenheita og morale leiarskapen dei den gong hadde. På same tid føregjekk det to endå viktigare prosessar. Russland vart overbeviste – etter Jugoslavia, Afghanistan, Irak og USA si tilbaketrekking frå ABM-avtalen – om at det var umogleg å bygge nokon rettvis og varig fred saman med Vesten, og byrja gjenopprette si militærmakt.
Så Moskva byrja igjen, slik dei før hadde gjort, å sparke på pilarane til Vestens dominans i dei globale økonomiske, politiske og kulturelle sfærane som var baserte på militær overlegenheit. Denne dominansen hadde vara i 500 år og byrja smuldre opp på 1960-talet. På 1990-talet, på grunn av SSSRs fall, verka den gjenoppretta, men no har Moskva byrja skake opp grunnvollane deira igjen.
Samtidig gjekk Vesten glipp av Kinas oppstigning. Parallelt vart det gjort ein endå meir overraskande feil. Seint på 2000-talet byrja dei kue både Kina og Russland på same tid, og med dét pressa dei dei to landa til å slå hosene saman i ei felles politisk-militær blokk som kombinerte begges kjerneinteresser.
Ein manifestasjon av dette var den økonomiske krisa i 2008, som tok stad mot bakteppet av dei før nemnde prosessane, og underminerte tiltrua til Vestens moralske, økonomiske og intellektuelle leiarskap.
Heilt sidan seint på 2000-talet har Vesten lagt premissane for ein Kald krig. Men der fanst enno ei lita luke av moglegheit for semje med Russland og Kina om vilkåra for den nye verda. Den luka eksisterte ein stad mellom 2008 og 2013. Men den vart ikkje brukt. Sidan 2014 har den USA-leidde blokka intensivert sin aktive containment-politikk (’demme opp og halde tilbake’, mrk.) mot Kina og Russland. Denne innsatsen inkluderte fremjinga av eit statskupp i Kiev for å førebu proxy’ar (lokale, «fjernstyrte» krigarar, mrk.) til å prøve å underminere Moskva.
Vesten – som har mista stadig meir militær, politisk og moralsk grunnstøtte og til og med sin moralske kjerne (sjå på korleis vest-Europas har fjerna seg bort ifrå kristendommen) – gjekk til eit hysterisk motangrep. Krigen var i ferd med å bli uunngåeleg, spørsmålet var berre kor og når.
Covid vart brukt som eit substitutt i to år. Men straks effekten hadde blitt utvatna, vart samanstøytar her eller der uunngåelege. Då Russland skjønte dét, bestemde dei seg for å slå til først.
Denne operasjonen hadde fleire målsetningar: å hindre Vesten i å skape eit militært offensivt bruhovud på Russland sine grenser som raskt tok form, og å førebu landet på dei langsiktige verknadane av konflikt og rask endring. Dette krev ein annan samfunns- og økonomimodell – ein som handlar om mobilisering.
Neste mål er å reinse elitane for pro-Vestlege og «comprador»-element.
Men kanskje ligg hovudstøyten for offensiven – sett frå eit verdshistorisk perspektiv, ikkje berre russisk historie – i kampen for å endeleg frigjere planeten frå det 500 år lange kvelartaket til Vesten, som har undertrykt land og sivilisasjonar og brukt eitt sett reglar for seg og eit anna for dei andre. Først ved å heilt enkelt plyndre dei, gjennom kolonialisme, så neokolonialisme, og seinare gjennom den globalistiske imperialismen vi har sett dei siste 30 åra.
Konflikten i Ukraina, som også mange andre hendingar det siste tiåret, handlar ikkje berre om å smadre den gamle verda, den handlar óg om å skape ei ny, friare, rettvisare, meir politisk og kulturelt pluralistisk og mangefasettert verd.
Den globale betydninga av kampen i Ukraina er gjenkomsten til fridom, verdigheit og autonomi for ikkje-Vesten (og vi føreslår å kalle det eit anna namn – Det globale fleirtalet, som før vart undertrykt, robba og kulturelt fornedra). Og sjølvsagt ein rettvis lott av rikdommen i verda.
Russland kan ikkje mislykkast i å vinne denne krigen, sjølv om det vil bli vanskeleg. Mange av oss hadde ikkje rekna med den sterke viljen i Vesten til å kjempe militært, eller kor bestemde nokre av ukrainarane var – som hadde blitt omforma til noko som likna dei tyske nazistane som ein gong gjekk mot Moskva – på å kjempe desperat, eller kor kraftig væpna dei var. Kanskje burde vi – med tanke på dei generelle globale trendane og den globale maktbalansen – ha slått til tidlegare. Men eg veit ikkje akkurat kor parate våre væpna styrkar var.
Eg trur vi absolutt burde ha agert meir bestemt i 2014, og gitt opp håpet om overeinskomst.
Vi lever i ein farleg periode, på grensa til ein tredje verdskrig som kan gjere ende på heile menneskeslekta. Men om Russland vinn, noko som er meir enn sannsynleg, og fiendskapen ikkje eskalerer til full atomkrig, bør vi ikkje sjå på dei komande tiåra som ei tid med farleg kaos (slik dei fleste i Vesten seier). Vi har allereie lenge levd i dén perioden.
«Det vil skje viss vi vel ei verd med konstruktiv skaping og fridom, rettferd og verdigheit for folk og nasjonar.»
Det gamle systemet for institusjonar og regime har allereie kollapsa (handelsfridom og respekt for privat eigedom). Institusjonar som Verdshandelsorganisasjonen (WTO), Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF), Organisasjonen for samarbeid og sikkerheit i Europa (OSSE) og Den europeiske unionen (EU) syng på siste vers. Eg er redd dei berre har få år att.
Nye einingar for framtida har byrja stige fram: Shanghai samarbeidsorganisasjon (SCO), ASEAN+, Organisasjonen for afrikansk sameining (OAU) og Regional omfattande økonomisk partnarskap (RCEP). Den asiatiske utviklingsbanken gir allereie mange gongar større lån enn IMF gir. Ikkje alle nye institusjonar vil overleve, men la oss håpe at ein del av dei overlever, særleg i FN-systemet, som har eit kraftig behov for reform for å primært representere det globale fleirtalet i sekretariatet, heller enn Vesten.
Det viktigaste er å hindre eit tapande Vesten i å seinke den historiske utviklinga eller avspore den med ein verdskrig.
Ikkje berre land som tilhøyrer det globale fleirtalet, men også Vestlege land, kan leve lykkeleg i denne verda. Vesten vil heilt enkelt miste moglegheita til å plyndre resten av planeten, og den må også krympe litt. Dei vil måtte nøye seg med å leve etter måten.
Eg er redd den nye verda som no tar form vil bli danna utover og forbi mitt intellektuelle og fysiske liv. Men mine unge kollegaar og, i alle fall, barna deira vil få sjå den.
Men denne vakre visjonen må ein kjempe for, først og fremst ved å hindre ein tredje verdskrig, på grunn av Vestens forsøk på hemn. Igjen: det var i Europa at dei to første verdskrigane vart sleppte laus. Russland kjempar no, mellom anna, for å sikre at føresetnadane for ein tredje ikkje får modnast. Men konfliktar vil oppstå i ein æra med raske endringar. Så kampen for fred bør vere eit hovudemne for vårt intellektuelle samfunn og verda generelt.
Omsett av Monica Sortland
https://www.rt.com/russia/565676-karaganov-new-world-order/
Forsidebilde: Marcus Kauffman
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 2