Derimot: Professor Glenn Diesen: Vi må få klarhet i hvem som stod bak North Stream-sprengningene?

Derimot.no

derimot.no:

Professor Glenn Diesen:

Glenn Diesen: Det finst berre éin måte å finne ut kven som øydela Nord Stream-røyrleidningane

Av Glenn Diesen, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg og redaktør i tidsskriftet Russia in Global Affairs. Henta frå RT.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Veteranjournalist sin nylegaste eksposé ser ut til å støtte tidlegare argument for at Washington stod bak eksplosjonane.

Sist september vart Nord Stream 2-røyrleidningen mellom Russland og Tyskland sprengt i lufta, etterfølgt av sin storebror-leidning, Nord Stream 1. Dette var eit åtak på europeisk infrastruktur, på energitryggleiken og på miljøet òg, sidan store mengder naturgass lak ut i Austersjøen.

Det umiddelbare argumentet frå den vestlege politisk-medieklassen var at Moskva sannsynlegvis hadde gått til åtak på sin eigen røyrleidning trass det at Nord Stream var ei viktig inntekts- og påverknadskjelde. I staden for å presentere bevis eller noko som helst samanhengande motiv, påstod dei at det var del av den mytiske «russiske speleboka».

Gjennom heile Vesten vart det vurdert til å vere spreiing av konspirasjonsteoriar og russisk propaganda, å i det heile teke antyde at USA kunne dra nytte av situasjonen. I ei endeleg oppvisning av blokkdisiplin, eller av Stockholm-syndrom, var amerikanarane i stand til å feire øydelegginga av røyrleidningen medan vesteuropearar flammande fordømte alle påstandar mot sin allierte som desinformasjon. Hendinga har tilsynelatande forsvunne i minnehòlet ettersom politisk-medieklassen ikkje har noka interesse i ei open etterforsking, og offentleg merksemd har blitt utvatna.

Seymour Hersh, gravejournalisten som eksponerte den amerikanske overdekkinga av My Lai-massakren i 1968, og Abu Ghraib-fengselsskandalen i Irak ca. 2004, har no publisert ein reportasje som skuldar USA for åtaket på Nord Stream-røyrleidningane. Vil reportasjen resultere i at åtaket får den alvorlege debatten og etterforskinga det fortener, eller vil dei prøve å gå vidare ved å fordømme Hersh som ein gammal, senil «putinist»?

Amerikansk interesse i å øydeleggje Nord Stream 2

USA si historiske frykt for den økonomiske integreringa mellom Tyskland og Russland vart realisert med Nord Stream 1 og 2-gassrøyrleidningane, som sendte energi direkte mellom dei to europeiske kjempene. USA var merkverdig opne om deira ønske og intensjon om å forstyrre det tysk-russiske røyrleidningsprosjektet. Washington stod i mot konstruksjonen av Nord Stream 2 i årevis, fordøme Tyskland for å ta del i det, og sanksjonerte til og med europeiske selskap som tok del i prosjektet.

Mange ledere i USA har sagt at North Stream-ledningene må stoppes.

RAND Corporation publiserte ein rapport i 2019, bestilt av den amerikanske hæren, om korleis spreie og svekkje Russland. Energisamarbeid mellom Berlin og Moskva vart identifisert som ei nøkkelkjelde i russisk økonomisk forteneste og påverknad i Europa, og rapporten argumenterte for at «Eit fyrste steg kan involvere å stoppe Nord Stream 2». I juli 2020 åtvara dåverande utanriksminister Mike Pompeo:

«Vi vil gjere alt vi kan for å sikre oss at den røyrleidningen ikkje trugar Europa.»

Nord Stream-røyrleidningen vart ofte truga når konflikten i Ukraina intensiverte. Den amerikanske senatoren Tom Cotton sa i mai 2021 at «der er framleis tid til å stoppe den… Drep Nord Stream 2 no, og lat den ruste under Austersjøens bølgjer». 14.januar 2022 sa USA sin rådgjevar for nasjonal tryggleik, Jake Sullivan: «Vi har gjort det klart overfor russarane at røyrleidningen er i fare om dei går lenger inn i Ukraina». 3.februar bad senator Ted Cruz om slutten på Nord Stream: «Denne røyrleidningen må stoppast, og den einaste måten å hindre at den blir fullført er å bruke alle verktøya som er tilgjengelege for å gjere det.»

7. februar 2022 stod president Biden ved sida av den tyske kanslaren Scholtz då han åtvara om at dersom Russland invaderer Ukraina, so «vil det ikkje lenger vere ein Nord Stream 2. Vi vil gjere ende på den.» På spørsmål av ein journalist om korleis han hadde tenkt å øydeleggje noko som var under tysk kontroll, svarte Biden: «Eg lover deg, vi vil kunne gjere det.» viseutanriksminister Victoria Nuland, gjentok òg trugselen: «Eg ønskjer å vere svært tydeleg: dersom Russland invaderer Ukraina, same korleis, vil Nord Stream 2 ikkje gå vidare.»

Baltic Pipe

26.september 2022 materialiserte tilsynelatande trugselen seg då dei tysk-russiske Nord Stream-røyrleidningane vart øydelagde i ein undervass-eksplosjon. Neste dag, 27.september 2022, var leiarar frå Polen, Noreg og Danmark til stade ved ein seremoni i Polen for å markere opninga av den nye norsk-polske Baltic Pipe som skulle erstatte avhengigheita av Nord Stream.

Etter Nord Stream-åtaket skreiv den tidlegare polske utanriksministeren Radek Sikorski på Twitter: «Takk, USA», følgt av eit bilete av den øydelagde røyrleidningen. Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken argumenterte då, i utvitydige frasar, at øydelegginga av Nord Stream presenterte «ei fabelaktig moglegheit. Det er ei fabelaktig moglegheit til å ein gong for alle fjerne avhengigheita av russisk energi». Blinken tilbaud òg å hjelpe Vest-Europa med å erstatte russisk gass med mykje dyrare amerikansk drivstoff. Nuland vog òg inn ved å argumentere «eg er, og eg trur Administrasjonen er, svært takksame for å vete at Nord Stream 2 no, som de likar å seie det, ein haug med metall på havbotnen.»

Etterforsking av åtaket

USA har nekta for å på nokon måte vere involvert i øydelegginga av Nord Stream, og peikte i staden på Moskva som den sannsynlege gjerningsparten. Russland har ikkje fått tilgang til den svenske etterforskinga, og so har vi den underlege hendinga der Stockholm til og med nekta å dele funna sine med Tyskland og Danmark sidan resultata er «for sensitive».

Media har òg vore svært ivrige i å forsvare Washington si forteljing. For å kome med eit døme, då professor Jeffrey Sachs skulda USA for å sabotere røyrleidningen og refererte til radarbevis, vart han raskt teken av lufta.

Denne veka publiserte Seymour Hersh ein artikkel ved namn «How America Took Out The Nord Stream Pipeline». Hersh siterer ei kjelde innan amerikansk etterretning, som tilbaud særs spesifikke detaljar om avgjerdstakinga og operasjonen bak øydelegginga av røyrleidningen. Visstnok fekk USA hjelp av Noreg til å gå til åtak på røyrleidningen. Reportasjen av Hersh har fornya Moskva sine krav om openheit og det at dei insisterer på at gjerningsmennene må bli straffa.

Påstandane i reportasjen til Hersh er basert på éi enkelt kjelde og er ikkje handfaste bevis, sjølv om reportasjen visseleg fortener debatt og etterforsking.

På ein eller annan måte fortener vi å vete kven som var ansvarlege – Russland, USA, eller kanskje til og med fisk med skarpe tenner?

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

42 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 42 ganger.

Post Views: 76

Les artikkelen direkte på derimot.no