Derimot: Polen med nytt stort oljefelt i Østersjøen. Blir landet et nytt Norge? – Derimot

derimot.no:

Nytt Noreg på veg? Polen har oppdaga det største oljefeltet i landets historie

Polen ser ut til å ha oppdaga det største oljefeltet i historia til landet, og dersom den blir bekrefta, kan landet bli eit nytt Noreg i Europa. Dette kan i ytste konsekvens snu opp-ned på den politiske og økonomiske situasjonen på kontinentet. Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

Vil Polen bli det nye Noreg i Europa, der dei nyt milliardar i oljeinntekter? I det minste er det det dei håper etter at Central European Petroleum oppdaga det største oljefeltet i historia til nasjonen.

‘Dette er ein historisk augneblink for den polske energisektoren,’ sa Rolf G. Skaar, adm.dir. i Central European Petroleum då han erklærte den nye oppdaginga.

Selskapet oppdaga oljefeltet rundt seks kilometer utanfor kysten av Świnoujście, ved å bruke Wola East 1 (WE1)-brønnen som er bora i Austersjøen.

Erklæringa slo fast at det oppdaga feltet kunne innehalde 22 millionar tonn hydrokarbon som kunne hentast ut i form av råolje og kondensert, og fem milliardar kubikkmeter gass av kommersiell grad.

Ifølgje estimat inkluderer dei totale ressursane til Wolin-konsesjonen meir enn 33 millionar tonn uthentbar råolje og kondensat, og 27 milliardar gass av kommersiell grad.

Selskapet sa at dette er den største konvensjonelle oljeoppdaginga i polsk historie, og på same tid ei av dei størst i Europa det siste tiåret.

Adm.dir.-en la vekt på at selskapet hans såg på denne oppdaginga som eit grunnlag for den langsiktige, ansvarlege utviklinga av polske havressursar.

‘Wolin East er meir enn berre eit lovande felt – det er ei delt moglegheit til å låse opp det fulle geologi- og energipotensialet til Austersjøen,’ sa Skaar.

Krzystof Galos, under-utanriksminister i Ministeriet for klima og miljø, og leiande nasjonalgeolog, trur at Wolin East-oppdaginga kan vise seg å bli eit gjennombrot i historia til hydrokarbon-utnytting i Polen.

‘Om denne oppdaginga til slutt blir bekrefta, kan Wolin East-feltet bli det største feltet av råolje og tilknytt naturgass som nokosinne er oppdaga i Polen,’ peikte han ut.

Ifølgje Galos kan den framtidige utviklinga av dette feltet betydeleg bidra til å styrke energitryggleiken til Polen, og redusere deira avhengigheit av eksterne hydrokarbon-forsynarar. Derimot la han vekt på at dette føreset at ein fyrst oppfyller alle naudsynlege formelle krav for denne utnyttinga.

Wolin-konsesjonen vart gjeven av Ministerium for klima og miljø. Den dekkjer eit område på 593 kvadratkilometer.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar