Derimot: Plutselig er det motsatt i New York: Ikke gå med munnbind!

Derimot.no

derimot.no:

Heilomvending! Folk i New York får no beskjed om å SLUTTE å gå med munnbind i butikkar for å bekjempe kriminalitet

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Etter fleire år med påtvinga munnbind-fascisme skiftar The Big Apple no side og blir ei munnbind-fri sone for å bekjempe kriminalitet.

Ordførar Eric Adams sa til lokale føretak i New York by denne veka at dei burde vurdere å forby munnbind inne i lokala for å stoppe kriminelle frå å skjule identiteten sin før dei utførde eit brotsverk.

Munnbindbruk i offentlegheita, innrømmer no statlege embetsfolk, har gjort det lettare enn nokosinne for kriminelle å sleppe unna alle slags brotsverk fordi ingen kan sjå kven dei er, verken fysisk eller på overvakingskamera.

«Vi sender ut ein tydeleg beskjed til alle butikkane våre, ikkje slepp folk inn i lokala utan at dei tek av seg munnbindet sitt,» sa Adams i eit nyleg radiointervju med 1010 WINS.

«Og so, når dei fyrst er inne, kan dei halde fram å gå med munnbindet om dei øsnkjer det. Men vi treng å bruke teknologien vi har tilgjengeleg for å identifisere dei som naskar og dei som utfører alvorlege brotsverk.»

(Relatert: I fjor sommar bad Adams newyorkerane om å «pakke ein sekk» og førebu seg på ein komande atomkatastrofe.)

Jeffrey Maddrey

Politisjefen i New York, Jeffrey Maddrey, seier at det å krevje av-maskering som «vilkår for å kome inn i ein butikk» vil hjelpe til med å stoppe eskalerande valdskriminalitet

Adams er knapt åleine i å kome med ei bønn til eigarane av føretak i New York om å krevje at kundar fjernar munnbindet før dei går inn i butikken. Politisjefen i New York, Jeffrey Maddrey, er einig.

På ein pressekonferanse 28.februar adresserte Maddrey eit nyleg ran i ein juvelbutikk der politiet seier at ein 78-årig butikkmedarbeidar vart brutalt slegen av fleire mistenkte, der ein av dei gjekk med eit Wuhan koronavirus (Covid-19)-ansiktssjal då brotsverket vart utført.

Maddrey seier at lokale butikkar kan unngå desse brotsverkstypane ved å krevje at munnbindet må takast av som eit «vilkår for å kome inn i butikken».

«New York-politiet er her for å samarbeide med føretaka våre, men eg må be føretaka våre om å vere like proaktive,» sa Maddrey. «Vi ser altfor ofte at folk kjem inn i føretaka våre, nokre gonger med munnbind, andre gonger med masker, hetter og lateks-hanskar… og deretter har vi eit ran eller tjuveri av ymse eigedom.»

Sjå videoen frå NYPD News.

På mange måtar kan av-maskering tene som eit «fredstilbod» for arbeidarar, sa Maddrey vidare.

«Som eit teikn på eit fredstilbod, eit tryggleiksteikn for desse butikkarbeidarane, når vi går inn, burde vi ta av oss munnbinda,» forklarte han. «Vi burde late dei vete at dei ikkje er i nokon fare, eller kan bli skadde – at vi er kundar.»

Minst tre andre ran fann stad nyleg der den/dei mistenkte var maskerte på brotsverkstidspunktet. I eitt av tilfella vart ein 67 år gammal bodega-arbeidar myrda av ein maskert gjerningsmann.

«Eg meiner at når alt kjem til alt, om du ikkje har noko å skjule, handlar det berre om å gjere det dei ber deg om for andre sin tryggleik,» sa Nestor Osiris, ein innbyggjar i [bydelen] Bronx, om bystyret i New York sitt forsøk på å få folk til å slutte å maskere seg for å betre offentleg tryggleik.

I kommentarfeltet skreiv nokon følgjande vers om tilstanden i verda vår når venstreekstreme sit med makta [bevart på originalspråket; oms.komm.]:

«Wear a mask, don’t wear a mask
Defund the police, fund the police
Have a brain, don’t have a brain
Leftism at work.»

Ein annan spurde kvifor New York by dreiv på med «munnbind-utskjemming», berre for no å be folk om å ikkje gå med munnbind. Alt er so forvirrande og klovnaktig.

22 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 22 ganger.

Post Views: 48

Les artikkelen direkte på derimot.no