Derimot: Pengene bestemmer sammen med de som forvalter dem. Trump har lært noe fra sine 4 første år. – Derimot

derimot.no:

Ser ut som Trump lærde noko frå sin første periode – kontrollere pengane, kutte i byråkratiet

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

La meg starte med å seie at Trump sin kjenslekalde, alarmerande plan om å starte eit nytt Nakba i Palestina, ikkje er mykje til plan. Trump la til nokre atterhald i dag, som gjer det svært usannsynleg at innbyggarane i Gaza vil bli tvinga bort frå heimlandet sitt med det første. For det første skal omflyttinga berre kunne skje etter at kampane har stoppa. For det andre vil USA ikkje betale for dette. For det tredje vil USA ikkje ha sine bakkestyrkar utplassert der. Med andre ord kasta Trump ut ein idé utan nokon faktisk plan for korleis den skal iverksettast. Medan sionistane feirar forslaget til Trump, er euforien deira ikkje meir enn eit sukker-kick. Gaza-folket er trygt, for no, i det minste.

Med tanke på at sionistane ikkje har greidd å slå Hamas etter 16 månadar med kampar, er det små sjansar for eit nytt Nakba i nær framtid, sidan Trump krev at kampane må vere over. Ein annan avgrensande faktor: Før Trump kan prøve å fjerne palestinarane frå Gaza,treng palestinarane ein plass å dra til. Alle dei sannsynlege kandidatane – dvs. Egypt og Jordan – har sagt «ikkje faen!». Sjølv om eit land (eller fleire) skulle gå med på å vere tilfluktsstad for palestinarane, ville det ta fleire månadar å bygge hus og infrastruktur til over ein million menn, kvinner og barn. Kort sagt vil andre hendingar i regionen, til dømes ein avtale med Iran, avgjere lagnaden til palestinarane.

Den verkelege nyheita er kva Trump gjer med grunnlaget for Djupstaten. Han riv det i stykke, og dei etablerte byråkratane er i panikk. Eg legg ut eit intervju som Tucker Carlson nyleg gjorde med den nyleg godkjende direktøren for Office of Management and Budget (OMB), herr Russ Vought. Om du vil forstå kva Trump vil gjere med dei oppblåste byråa, sjå videoen eg har lagt ut. Vought var OMB-direktør under Trumps første presidentperiode. Han lærde seg kva som ikkje skal gjerast og kva han burde ha gjort. Han er ein veteran innan byråkratisk krigføring. Han gjorde visse feil under si første tid i stillinga. Denne gongen vil det bli annleis.

Her er nokre av dei siste trekka til Trump for å styre den statlege Behemot’en:

Det kvite hus har instruert General Services Administration om å avslutte «kvar einaste mediekontrakt» som byrået har betalt for, ifølge ein e-post som Axios har fått tilgang til.

Det dei seier: «GSA-team, ver snille og gjer to ting,» skreiv ein tenestemann frå 

Trump -administrasjonen:

Trekk tilbake alle kontraktane med Politico, BBC, E&E (Politico-sub) og Bloomberg

Trekk tilbake alle mediekontraktane for berre GSA – kanseller kvar einaste mediekontrakt i dag for kun GSA.

Korfor det er viktig: President Trump går ut mot mediekontraktane til dei føderale styresmaktene etter at Elon Musk og hans allierte 

oppdaga at millionar av dollar var brukt av byrået på abonnement på Politico Pro, ei teneste for politikk-sporing som er mykje brukt i Washington.

USAID heng i taua etter oppdagingane til Elon Musk [byrået skal halde fram med assistanse til helse- og humanitære behov, ifølge Marco Rubio, men det skal kuttast frå 14 000 til 294 tilsette. Berre 12 i heile Afrika]:

Det same gjeld for miljøvernbyået, Environmental Protection Agency. Reuters rapporterer:

Trump-administrasjonen har sendt nesten 200 tilsette som jobbar med rettferdige miljøprogram ved Environmental Protection Agency ut i permisjon, og jobbar med reduksjonar av stabane i liknande program under justisdepartementet.

Trekka er i samsvar med president Donald Trump breiare ordre om å fjerne statsstøtta til mangfald, likskap og inkludering-praksis innanfor det føderale statsapparatet, samt å svekke Biden-æraens klimaregulering.

Så har vi Trumps breiare tilbod til tilsette i statsapparatet om å ta tidleg pensjon og akseptere ein sluttpakke. Det gjeld til og med CIA:

Central Intelligence Agency (CIA) har utvida tilbodet om sluttpakke for frivillig førtidspensjon til å gjelde heile arbeidsstyrken, i eit djervt forsøk på å straumlinjeforme føderale operasjonar og tilpasse seg president Trumps visjon om å redusere sløsinga med offentlege middel.

Tilbodet, som inkluderer omlag åtte månadar med løn og fordelar, er ein del av eit breiare forsøk på å omforme byrået og sikre at det er i tråd med 

administrasjonens prioritetar innan nasjonal sikkerheit. Avgjerda, som vart kunngjort denne veka, speglar liknande sluttpakketilbod til millionar av føderalt tilsette no når Trump-administrasjonen jobbar for å skjere ned og modernisere det føderale regjeringsapparatet.

Så langt har over 60 000 tilsette ved US government takka ja til tilbodet, sjølv om ein føderal dommar har flytta freisten frå 6. februar til 10. februar, i påvente av ei rettshøyring på måndag. Ingen president har, så vidt eg kan hugse, gjort det som Trump no gjer – å faktisk redusere talet på føderalt tilsette. Ronald Reagan kom med dristige lovnadar om nedskjeringar, men han gjorde ingenting for å innfri lovnaden. Han gjorde det tvert motsette. Statsapparatet i USA vaks med nesten 100 000 under Reagans to presidentperiodar.

Og det bringar meg tilbake til Russ Vought. Som ny direktør for OMB, har han eit klart mandat frå Trump og ein plan for å skjere ned på det føderale statsapparatet og fjerne Demokrat-aktivistar frå sentrale leiarskapsstillingar. Det var ein lang diskusjon vi hadde, men verdt å bruke tid på: (same lenke som over).

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/looks-like-trump-learned-something-from-his-first-term-control-the-money-gut-the-bureaucracy/

Forsidebilde: Street Donkey

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar