Derimot: På randen av kjernefysisk konfrontasjon: Ikke et ord i de vestlige mediene. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Dette innlegget har et meget skremmende innhold. Det Stoltenberg og enkelte Nato-ledere foreslår er at Nato-land går til direkte krig mot Russland. Ved å levere våpen til Ukraina som bare kan betjenes av eksperter fra Nato-land og med satellitt-navigering fra Nato-satellitter oppfatter Russland dette som en direkte Nato-deltagelse i krigen i Ukraina og forbeholder seg retten til å svare direkte mot disse landene.

Da står vi på kanten av en eskalering som kan ende med kjernefysisk krig.

Det andre som er skremmende med dette er at dette ikke gjengies i våre medier. Befolkningen over hele vesten holdes i fullstendig uvitenhet om hva som kan skje. Det er litt av et demokrati. Spørsmål som angår alle, vårt fremtid som land og som stat skjules for befolkningen fordi en er livredd en diskusjon i befolkningen om veivalgene vi står overfor.

Er Norge innstilt på krig mot Russland fordi Natoland kanskje involverer seg direkte i konflikten ved å sende missiler inn i Russland? Hvorfor er vår politiske ledelse helt tause om dette?

Denne kommentaren på The Duran er også verdt å ta med seg. Den omhandler presis denne saken:

Putin åtvarar Vesten om konsekvensane av åtak på Russland

RT rapporterer:

Kiev sine vestlege støttespelarar må forstå at langrekkjeviddsåtak på russisk territorium med bruk av våpen som dei har forsynt, kjem til å representere ei eskalering av konflikten, og føre til «alvorlege konsekvensar», la den russiske presidenten Vladimir Putin vekt på på tysdag [28.mai 2024].

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

I ein tale til journalistar på slutten av eit todagars besøk til Usbekistan, adresserte Putin nylege ukrainske krav for NATO å tillate bruken av våpena sine til å gå til åtak djupt inne i Russland, so vel som kommentarar av den amerikanskleia blokka sin leiar, Jens Stoltenberg, som ser ut til å støtte opp om taktikken.

«For å vere ærleg, veit eg ikkje kva NATO-generalsekretæren står der og seier,» sa Putin til journalistar, og la til at Stoltenberg «ikkje leid av noka form for demens» då han jobba konstruktivt med Russland som Noregs statsminister (2005-2013).

«Denne konstante eskaleringa kan føre til alvorlege konsekvensar. Dersom desse alvorlege konsekvensane finn stad i Europa, korleis vil USA oppføre seg, med tanke på kor likeverdige vi er innan feltet strategiske våpen? Vanskeleg å seie. Ønskjer dei global konflikt?»

Putin forklarte at langrekkjevidds-presisjonsåtak krev rom-rekognoseringsverktøy – som Kiev ikkje har, men som USA har – og at denne målrettinga allereie blir gjort av «høgt kvalifiserte spesialistar» frå Vesten, utan ukrainsk deltaking.

«So, desse representantane for NATO-land, spesielt i Europa, spesielt i små land, må altso vere klare over kva dei leiker med,» sa den russiske presidenten, og la til at mange av desse landa har «eit lite territorium og er særs tett folkesett».

Putin sa til journalistar at kollegaene deira i Vesten driv og ignorerer åtak på Belgorod og andre russiske regionar langs grensa, og berre fokuserer på det russiske avansementet på Kharkov.

«Kva forårsaka dette? Det var det dei som gjorde, med sine eigne hender. Vel, då vil dei måtte hauste det dei har sådd. Det same kan skje dersom langrekkjevidds-presisjonsvåpen blir brukte,» la den russiske presidenten til.

På spørsmål om Russland nekta å forhandle med Ukraina, sa Putin til journalistar at slike påstandar frå Vesten var forbausande.

«Vi nektar ikkje!» sa han. «Eg har sagt det tusen gonger, det er nett som om dei ikkje har øyre!»

Den ukrainske sida tok det fyrste steget mot ein avtale med Russland i mars 2022, for deretter å offentleg gå tilbake på det og nekte å forhandle noko meir, forklarte Putin. Han skildra Kiev sitt nylege «fredskonferanse»-forsøk i Sveits som eit forsøk på å oppnå eit eller anna internasjonal innsal for si fullstendig urealistiske «fredsplattform» [dei vil få andre land med seg på dette daudfødde prosjektet; oms.komm.], som på ingen måte fungerer.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar