Derimot: Overdødeligheten i landet etter vaksineringen bidro til dette. Filippinenenes nasjonalforsamling avviser WHO-krav.
derimot.no:
Representantanes hus i Filippinane avviser blankt WHO sine tillegg til Dei internasjonale helseretningslinjene
Sjå òg «Estland og Slovakia avviser WHO sine internasjonale pandemiavtaler», publisert 28.november 2023.
Innlegget er hentet fra Saksyndig.
Nettstaden The Exposé melder at no avviser òg Filippinane WHO sine tillegg til Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR). Dette vart gjort på eit møte i Representantanes hus tysdag 28.november 2023. Spesifikt vedtok dei ein resolusjon som blankt avviser dei tillegga som Verdas helseforsamling (WHA) tok til seg 27.mai 2022. Den filippinske resolusjonen avviser i tillegg dei føreslegne tillegga som for tida blir forhandla fram i hemmelege møte av WHA, og som etter planen skal innførast i medlemslanda i mai 2024. Representant S. Dan Fernandez, som leverte resolusjonen til Representantanes hus, informerte etterpå WHO skriftleg om denne avgjerda. Filippinane har nyleg opna etterforsking rundt alle dødsfalla relatert til «pandemi»-responsen.
The Exposé skriv (mi omsetjing):
«I mai 2022 vart WHA stille einige om å redusere den perioden nasjonar har til å trekkje seg frå framtidige tillegg til IHR. For nasjonar å halde på den lengre 18-månadersperioden dei tidlegare hadde på å trekkje seg, måtte land sende WHO ei kort melding om at dei trekkjer seg frå tillegga som vart bestemt av WHA i 2022, før 1.desember 2023.
I november avviste Representantanes hus i Filippinane dette tillegget og gjekk lenger. Dei avviste òg dei føreslegne IHR-tillegga som skal innførast av WHO-medlemsstatar i mai 2024.»
Resolusjonen har namnet HR1490 (House Resolution 1490), og kan lesast her. I same artikkelen kan òg brevet som Fernandez sendte til WHO lesast. Som SuperSally skriv i den artikkelen der dokumenta er å finne: «Dette brevet er ikkje åleine nok for at Filippinane kan avvise IHR-tillegga; formell erklæring må òg kome frå kontoret til presidenten / Departementet for utanlandsaffærar. Derimot vil House Resolution 1490, og brevet til WHO […] presse fram temaet. Presidenten vil måtte velje ei side!»
Resolusjonen byrjar med følgjande ord:
«Det er herved bestemt av Representantanes hus om å oppmode Regjeringa til å avvise tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene innført 27.mai 2022, og dei føreslegne tillegga som på noverande tidspunkt blir forhandla fram i hemmelegheit og som skal innførast i mai 2024, sidan dei utgjer ein trugsel mot offentleg orden og tryggleik, er i strid med veletablerte helseprotokollar og førehandsdømmande mot våre fundamentale demokratiske prinsipp.»
Brevet som representant Fernandez sendte til WHO byrjar slik:
«Vi skriv for å informere dykk om at vi herved aviser in toto [fullstendig] tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene av 2005… som vart innført av den 75. Verdas helseforsamling 27.mai 2022.»
The Exposé skriv:
«Ein av grunnane som blir gjevne for avvisinga av 2022 IHR-tillegga, var at Representantanes hus fyrst no nyleg hadde opna ei etterforsking rundt overtalsdødsfall relatert til responsen på covid-pandemien. ‘Denne kongressundersøkinga kan kanskje ikkje vere fullført innan den 77. Verdas helseforsamling i slutten av mai 2024, som er måldatoen for innføringa av dei substansielle 300+ IHR-tillegga,’ formidla representant Fernandez skrifleg til WHO sin vordande generaldiktator.»
Spørsmålet er om det Bill Gates-styrte WHO vil godta denne avvisinga frå Filippinane.
Forsidebilde: Lexica.
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst