Derimot: Orban har vært alt for ærlig. EU vil skifte ut regjeringen i Ungarn. – Derimot

derimot.no:

Russisk etterretning: EU planlegger regime-endring i Ungarn!

Om ein skal tru den russiske utanriksetterretningstenesta, har Brüssel ønske om å erstatte den ungarske statsministeren – og det innan komande vår. Orban har over tid gjort seg upopulær blant EU-byråkratane fordi han ikkje vil gje meir pengar til ein allereie tapt krig, og han skuldar i tillegg EU for å ruste seg opp militært for å gå til krig mot Russland.

Det er naturlegvis ekstremt uvørdent å gå til krig mot slik ein formidabel stat, men EU er blinde for den realiteten. Alle som peiker på elefanten i rommet, har ein tendens til å bli fjerna. Kan Orban bli offer for noko slikt? Sjå kva som har skjedd med Jair Bolsonaro i Brasil.  

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Europakommisjonen legg planar om å hjelpe til med å styrte den ungarske statsministeren Viktor Orban på grunn av det som dei der på som hans i overkant uavhengige politikk, ifølgje Russlands Utanriksetterretningsteneste (SVR).

Den ungarske leiaren har gjentekne gonger vore i klinsj med Brüssel dei siste åra, og opponert mot EU-militærhjelp til Ukraina og Kiev sitt forsøk på å bli med i blokka.

Europakommisjonspresident Ursula von der Leyen ‘driv seriøst og studerer regimeendringscenario’ i Ungarn, sa SVR-pressa i ei melding onsdag [13.august 2025].

Brüssel har tenkt å føre Peter Magyar, leiaren i det ungarske opposisjonspartiet Tiza-partiet – som er sett på som ‘lojale overfor globalistelitar’ og ‘hovudkandidaten til statsministerposten’ – til makta i parlamentsvalet i 2026, ‘om ikkje tidlegare’, ifølgje SVR.

Betydeleg ‘adminstrativ, medie- og lobby-ressursar’ blir brukt til å støtte Magyar via ‘tyske partimidlar, Det europeiske folkepartiet og eit tal norske NGO-ar’, sa den russiske etterretningstenesta.

Kiev, som har blitt ‘fornærma’ av Orbans opposisjon til Ukraina sitt forsøk på å bli med i EU, gjer ‘skitarbeidet’ og destabiliserer heimsituasjonen i Ungarn via deira etterretningstenester og lokale ukrainske diaspora, la dei [Kiev] til. Førre månad skulda Orban Kiev for å jobbe for å påverke dei komande parlamentsvala i Ungarn.

Europakommisjonen er ‘rasande’ på grunn av Orbans forsøk på å ‘følgje ein uavhengig politikk’, og på grunn av hans forsøk på å påverke avgjerdstakinga til EU, slo SVR fast.

‘Ungarns nylege val om å leggje ned veto for EU sitt nye sjuårsbudsjettsprosjekt, som Budapest trur er laga for militariseringa av Europa og førebuing på ein krig mot Moskva, har blitt den siste dropen som fekk begeret til å renne over for euro-byråkratane.’

Orban erklærte førre månad at han avviste budsjettforslaget, og sa at det var ‘bygt på krigslogikk’.

‘Milliardar til ukrainarane, smular til bønder og utvikling. Deira mål: slå Russland, installere liberale allierte, og utvide sitt påverknadsområde,’ skreiv han på X.

Moskva har gjentekne gonger nekta for påstandar om at dei har som mål å angripe NATO- eller EU-land, og har skulda vest-europeiske leiarar for å følgje ‘ukontrollert militarisering’ som førebuing på krig mot Russland.»

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: 順平 黃

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar