Derimot: Ønsker Biden-administrasjonene å gi Trump en varm politisk potet? Vil Israel slå til mot Iran før Trumps innsettelse? – Derimot
derimot.no:
Samtalen min med Alex Krainer om Syria, Ukraina og Europas framtid
Av Larry C. Johnson

Eg gjorde to intervju på onsdag – det første med Alex Christoforou og det andre med Alex Krainer. Det var ein Alex-dag. Eg legg ut samtalen med bror Chrsitoforou på fredag eller laurdag. Den dreidde seg ikkje om så mange «tids-sensitive» spørsmål. Eg ser det som ei ære at dei begge tok seg tid til å bruke ein time på meg midt oppe i sin travle kvardag.
Det er enno rikeleg med tid før Donald Trump blir innsatt til at Joe Bidens team av idiotar kan starte Tredje verdskrig. Eg trur den største risikoen er at Israel kan bli oppmuntra til å angripe Iran og prøve å øydelegge plassar, og kan bli oppmuntra av Biden-lakeiane til å gjere det.
Korfor? Når det gjeld Iran og Russland, gjer dei leiande ekspertane, avgjerdstakarane, lovgivarane og, tydelegvis, etterretningssamfunnet den same alvorlege feilen – dei startar med å ta for gitt at Iran og Russland er svekka og ute av stand til å respondere. Media i Vesten er fylte av ekspertar og offentlege tenestemenn som insisterer på at Israel slo ut Irans luftforsvar, noko som betyr at Israel fritt kan flyge over iransk luftrom utan frykt for å bli angripne. Alastair Crooke insisterer derimot på at Iran sitt system er heilt intakt. Eg står på Alastair si side i dette spørsmålet. Bortsett frå hans mange år med erfaring i regionen og evnene hans som diplomat, som har snakka direkte med dei fleste av dei store aktørane, har ikkje Alastair noko motiv for å lyge eller legge fram ei meining om noko som ligg utanfor hans ekspertiseområde.
Viss Netanyahu-regjeringa bestemmer seg for at sjansen til å gi mullah’ane i Teheran eit knockout-slag er god, så trur eg israelarane kjem til å trekke av.
Her er problemet og faren — dersom Alastair har rett, så har Iran ein god sjanse til å stå imot eit israelsk angrep. Medan Iran har lova å gjere gjengjeld mot Israel for oktober-angrepet deira mot Iran, så har Teheran venta med å gjennomføre nye angrep, mest sannsynleg etter råd frå Russland om å vise tilbakehald og bygge opp støtte i det globale sør. Diverre har Vesten tolka det iranske tolmodet som veikskap og frykt.
Eg trur det farlegaste scenariet er som følger: Iran nedkjempar eit israelsk angrep og startar straks eit massivt motangrep med missil mot israelske mål. Dersom Iran skulle påføre Israel store øydeleggingar, så blir det eit enormt press på Biden-administrasjonen om å kome landet til unnsetning og sette i verk nye angrep på Iran. Med dei nye militære relasjonane mellom Iran og Russland, kunne dette raskt kome til å eskalere til noko større enn ein isolert, regional krig.
Mislykka generalar som Jack Keane avviser dette scenariet som nonsens. Keane baserer konklusjonane sine på den trua at Russland har blitt betydeleg svekka av hendingar i Syria og at dei ikkje har oppnådd siger i Ukraina, og har lide katastrofale personell-tap. Eg veit dette er latterleg, men det betyr ingenting kva eg tenker. Dei sentrale avgjerdstakarane i Washington, inkludert etterretningssamfunnet, godtar denne fantasien som realitet.
Korleis veit vi kva etterretningssamfunnet trur? Rett nok har eg ikkje lenger sikkerheitsklarering, og eg har heller ikkje snakka med nokon med tilgang som varsla meg, men eg kan lese. Donald Trump sa under eit intervju med ein reporter frå magasinet Time følgande om situasjonen i Ukraina:
«Talet på døde soldatar som har blitt drepne den siste månaden er eit sjokkerande tal, både russarar og ukrainarar, og mengdene er ganske like … talet på døde, unge soldatar som ligg på markene overalt er sjokkerande,» sa han.
Det er det etterretningssamfunnet fortel Trump i debrifingar. Det er ikkje sant. MediaZona skriv at dei russiske tapa har gått dramatisk ned, ikkje eskalert:

Her er tala fordelte på region:

Dødstala til Ukraina er åtte til ti gongar høgare enn Russland sine. Korfor så dårleg etterretningsinfo? Eg trur Vesten stolar nesten utelukkande på ukrainske kjelder som tal-grunnlag.
https://www.bitchute.com/embed/aenU1yIHITqI
Trump blir narra på to punkt – han får eit lågt estimat av ukrainske tap og ei grov overdriving av russiske tap. Dårleg etterretning fører til dårleg politikk.
Alex Krainer og eg snakka om noko av dette i samtalen vår. Kos dokker: https://youtu.be/_pUV-Ijh8zc
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/my-chat-with-alex-krainer-on-syria-ukraine-and-the-future-of-europe/
Forsidebilde er KI-generert