Derimot: Også på Filippinene.Rundt 300 000 i overdødelighet som følge av vaksineringen. – Derimot

derimot.no:

Den filippinske regjeringa rapporterer 297 000 overtalsdødsfall knytt til covid-19-«vaksinar»

Ava Grace i Natural News melder:

Den filippinske regjeringa har rapportert 297 000 overtalsdødsfall som har samanheng med Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar», som sette i gang ei høyring frå lovverket i det søraust-asiatiske landet.

To komitear i det filippinske Representantanes hus byrja undersøkinga si rundt dei rapporterte overtalsdødsfalla basert på data frå Philippine Statistics Authority (PSA): House Committee on Public Order and Safety (HPOSC) leia av representant Dan Fernandez og House Committee on Human Rights (HCHR) leia av representant Bienvenido «Benny» Abante Jr.

HPOSC og HCHR samla seg til ei høyring i mai om denne alarmerande oppdaginga frå dataa til PSA. Ifølgje InfoWars, vart det òg gjort som ein konsekvens av House Resolution (HR) 1481 innlevert av Fernandez. Kongressmannen og den tidlegare skodespelaren som representerer distriktet Santa Rose City i Laguna-provinsen, sa at sensusbyrået sine tal stiller spørsmål ved den generelle tryggleiken og effektiviteten til responsen til det filippinske helseomsorgssystemet under pandemien.

Fernandez peikte i HR 1481 på at då covid-19-vaksinasjonen byrja i landet i 2021, var der ein 43% auke i dødelegheitsratar samanlikna med 2% auke i dødsrate frå 2016 til 2020.

«Det er rimeleg at denne særs vesentlege auken i talet dødsfall i 2021 i hovudsak kan tilskrivast to faktorar: anten covid-19-infeksjon eller sjølve vaksinane,» står det å lese i resolusjonen.

HPOSC-leiaren sa at dødsfall i 2020 var 40 147 lågare enn forventa, men var 297 000 høgare i 2021. for å avgjere og samanlikne talet dødsfall under pandemien og dødsfall under normale omstende, brukte kongressmannen konseptet overtalsdødelegheit og overtalsdødsfall. Dette blir rekna ut ved å trekkje frå dei forventa dødsfalla frå det faktiske talet dødsfall dei fem åra før pandemien – altso det gjennomsnittlege årlege talet dødsfall frå 2015 til 2019.

Fernandez innrømmer at å godkjenne vaksinepåbod var ein feil

Under høyringa 28.mai diskutere Fernandez òg auken i dødsfall etter utrullinga av covis-19-vaksinar under perioden til tidlegare president Rodrigo Duterte. Han erkjende i tillegg den lovverksrelaterte feilen til Huset når det gjeld injeksjonane.

«Vi har vore del av den feilen fordi vi godkjende lova som påbyr dei farmasøytiske [selskapa] å vere ansvarlege. Og no lærer vi av den feilen.»

Den australske journalisten Sally Ann Clark, som for tida er med i helsefridomskoalisjonen Lunas Pilipinas [sic], vitna òg under høyringa. Ho sa til Fernandez og dei andre tilstadeverande lovgjevarane: «I 2021, då vaksinasjonen vart rulla ut, gjekk dødstala opp i alle aldersgrupper som vart vaksinerte.»

Clark peikte òg på at Filippinane har hatt «eit tap av babyar kvart einaste år sidan pandemien byrja». Ho klaga over at 2019 var det siste normale fødselsåret i landet.

Advokat Tanya Lat, òg med i Lunas Pilipinas, vitna òg føre lovgjevarane. Ho peikte på at den filippinske befolkninga har blitt opprørt over det filippinske helsedepartementet (DOH) for skaden dei har forårsaka med covid-19-injeksjonane.

«Der er filippinske menneske som er møkka leie av korleis DOH har svikta oss alle,» sa Lat under høyringa. «[DOH] har nekta å innrømme at folk døyr, og vender ryggen til menneska som blir sjuke – turbokreft, myokarditt, barn som plutseleg blir like sjuke som 60-70-åringar.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Den filippinske regjeringa held eksplosive høyringar om den stupande fødselsraten og dei skyhøge overtalsdødsfalla relatert til covid-‘vaksinane’», publisert 10.juni 2024.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Vernon Raineil Cenzon

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...