Derimot: Offisielle data i USA forteller hvor farlig Covid-vaksinen er Det er den farligste som er laget.

Derimot.no

derimot.no:

Steve Kirsch: Data viser at Covid-19-«vaksinen» er den farlegaste vaksinen som nokosinne er laga

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Teknologi-gründeren, filantropen og Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksineeksperten og forskaren Steve Kirsch har samla alle offentleg tilgjengelege data om vaksinen for å bevise at den er den farlegaste vaksinen i historia.

I sin private Substack-blogg la Kirsch fram noko av «det mest overbevisande evidensmaterialet» han kunne samle, der han beviste farane tilknytt det å bli vaksinert mot Covid-19. Medan det på ingen måtar er ei fullstendig liste, kjem den med nøkkeldata som er umogleg for vitskapsfolk å forklare skikkeleg dersom Covid-19-vaksinane faktisk er trygge og effektive.

Kan noen se de utrygge vaksinene her i denne grafen? Det kan åpenbart ikke helsemyndighetene. (Alle vaksinedødsfall som er rapportert i USA fra 1990).

Det mest overbevisande stykket evidens på lang veg, er data frå Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), eit amerikansk statleg program for rapportering av vaksineproblem som er styrt saman med Food and Drug Administration (FDA) og Centers for Disease Control and Prevention (CDC).

Ifølgje VAERS har estimert fleire hundre tusen amerikanarar blitt drepne av Covid-19-vaksinar, og fleire millionar fleire har blitt skadde.

Grafar som presenterer talet vaksinerelaterte dødsfall sendt inn til VAERS viser eit massivt hopp i 2021 so fort Covid-19-vaksinane byrja å bli distribuert i USA. CDC påstår at det skjer ei overrapportering til VAERS, men kjem ikkje med bevis. Kirsch si eiga etterforsking antydar at VAERS kan bli underrapportert med ein faktor på 5,4.

Steve Kirsch – Wikipedia
Steve Kirsch

«Dette er ei klar melding om at CDC ikkje overvakar tryggleikshendingar. Vi vart logne til. Dei sa at dei følgde med som haukar på tryggleikssignala. Dei gløymde å nemne at hauken hadde bind for auga,» skreiv Kirsch. «Om desse [dødsfalla og skadane] ikkje var forårsaka av vaksinen, kva forårsaka dei då? Kvifor blir det rapportert fleire biverknader av desse vaksinane enn for alle andre vaksinar i historia til saman? Ingen kan svare på det spørsmålet.»

Regjeringar rundt om i heile verda prøver å skjule visse typar Covid-19-vaksinedata

Det at visse typar data frå rundt om i verda har forsvunne på beleileg vis, viser i sin tur kor farleg Covid-19-vaksinen er.

I USA held FDA tilbake obduksjonsrapportar frå menneske som døydde berre nokre timar eller dagar etter å ha blitt vaksinert.

Dersom Covid-19-vaksinane ikkje forårsaka desse dødsfalla, skreiv Kirsch at der ikkje ville vere nokon grunn til at FDA skulle hindre at obduksjonsrapportane vart offentleggjorde.

I Canada er leiande dødsårsak lista som «uforklarleg». Denne sokalla «ukjende årsaka» er ein av topp-dødsårsakene i dei fleste kanadiske provinsane og territoria, og det er nummer éin i provinsen Alberta.

I Israel hevdar eit konfidensielt møte mellom tenestefolk frå Helseministeriet og israelske topp-vitskapsfolk at hovudgrunnen til at vitskapsfolk og Big Pharma aldri meddelte israelske tenestefolk om tryggleiksproblem frå vaksinane, er på grunn av problem med budsjett og bemanning.

«Visstnok hadde dei liggjande millionar av dollar til å promotere vaksinane som trygge og effektive, men dei gløymde å budsjettere for moglegheita for at dei tok feil,» skreiv Kirsch.

I konklusjonen til artikkelen sin der han legg ut alt beviset, spurde Kirsch: «Er vaksinane so ‘trygge og effektive’ som dei blir påstått å vere?»

«For å svare på dette, krev vitskapen at vi ser på alle tilgjengelege data og ser om dataa er meir konsekvente med hypotesen ‘trygge og effektive’ enn ‘utrygge og ineffektive’,» skreiv han. «Alle dataa som eg og kollegaene mine har sett endar opp med å plassere det i ‘utrygg og ineffektiv’-bøtta. Vi er opne for å bli vist at vi tok feil når det gjeld dei hundrevis av stykka med bevis som vi har undersøkt, men ingen er viljuge til å diskutere dataa med oss for å løyse problemet – ikkje eingong for ein million dollar.»

dette korte klippet forklarer Steve Kirsch korleis Medicare-data viser at Covid-19-vaksinen drep massive tal menneske.

Forsidebilde: Diana Polekhina

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 12

Les artikkelen direkte på derimot.no