Derimot: Ny studie viser det motsatte av hva som ble lovet. Vaksinen skulle fremme helse men førte til økt dødelighet på sykehjem. – Derimot
derimot.no:
Studie avslører at covid-oppfriskningsdosar er knytt til millionar av dødsfall på sjukeheimar – og talet stig
Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Eldre over heile kloden vart forsikra om at vaksinasjon mot covid-19 ville beskytte dei mot død. Derimot har ein ny, større, fagfellevurdert studie eksponert dette øydeleggjande bedrageriet: covid-19-mRNA-oppfriskningsdosar bidrog direkte til dødsfalla til millionar av bebuarar på sjukeheimar i heile verda.
Desse sårbare gruppene, som vart lova beskyttelse, opplevde i staden auka dødelegheit etter å ha fått oppfriskningsdosar, der sjølve intervensjonen for å gjere liva deira tryggare faktisk enda opp med å føre til tidlegare død.
Studien av forskarane og professorane Sourafel Girma og David Paton som vart publisert i Science Direct, eksponerer denne urovekkjande realiteten, og avslører at covid-19-vaksinar – spesielt oppfriskningsdosane – i staden for å tilby tydelege og konsekvente fordelar, bidrog til auka dødelegheit i desse sårbare befolkningsgruppene.
Ved å bruke maskinlæring til å analysere vaksinasjonsdata, fann studien berre ein liten, kortsiktig fordel i to av tre dødelegheitstiltak blant sjukeheimsbebuarar.
Derimot, etter at oppfriskningsdosane vart administrerte, var der ein betydeleg auke i covid-relaterte dødsfall – eit bekymringsfullt funn som seier imot føremålet med vaksinane.
Forfattarane skreiv: «I den seinare perioden finn vi ein viss evidens på at høgare vaksinasjonsratar er assosiert med høgare covid-dødelegheit.» [Sjå diagram her.]
Endå meir alarmerande såg det å vaksinere sjukeheimspersonale ut til å ha konsekvent negativ påverknad på dødelegheita hjå bebuarane.
I alle dei sju analyserte tidsperiodane, og for kvar vaksinedose som vart gjeven, viste dataa at personalvaksinasjonar var knytt til høgare ratar av både covid og død av alle årsaker blant bebuarar. Desse funna var statistisk betydelege, med 99% estimattryggleik for primærvaksine-seriane.
Studien reiser kritisk bekymring for at ein er so ivrig etter å covid-vaksinere på sjukeheimar, spesielt når dataa i aukande grad viser ingen tydeleg fordel – og i dei fleste tilfelle betydeleg skade.
Med ingen sterk evidens som støttar framhald av vaksinasjon av bebuarar eller personale, blir spørsmålet: Kvifor fremjar helsestyresmaktene framleis desse vaksinane?
Som ofte er tilfellet, har hovudstraumsmedia vore stille om dette problemet, trass den veksande mengda med evidens som stiller spørsmål ved effektiviteten og tryggleiken til covid-19-vaksinar i sjukeheimssettingar.
Girma og Paton-studien er berre den siste i ein serie funn som antydar at den noverande vaksinasjonsstrategien ikkje berre mislykkast i å beskytte dei mest sårbare, men òg set dei i endå større risiko.
Tida er komen for ein open, ærleg dialog om den sanne påverknaden til covid-19-vaksinar på sjukeheimsbebuarar – og om det å halde fram med denne tilnærminga gjev meining i det heile.
Omsett av redaktøren i Saksyndig
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Bilde m/tekst lagt til av redaksjonen
Forsidebilde er KI-generert