Derimot: NOREXIT er dannaEØS-motstanden rullar vidare
derimot.no:
(Foto: Siri Lill vdF Thowsen)
Fritt Norden Norge arrangerte eit møte på tysdag 8. november på Litteraturhuset i Oslo, med tittelen: «Korleis EØS utholar Grunnlova, kraftforsyninga og heile sjølvråderetten, og korleis vi kjem oss ut.»
Professor i rettsvitskap, Peter Ørebech, gav ei grundig juridisk utgreiing, som avdekka korleis landet vårt er blitt eit lydrike under Bryssel, ved aktiv hjelp av norske politikarar(!). Og korleis heile saksgangen og avtalen i 1992 var eit gement kupp mot folket, som klart strir mot paragraf ein i Grunnlova: «Norge er eit sjølvstendig […] rike..», saman med fleire andre paragrafar.
Heldigvis er det muleg å melde seg ut, med eitt års varsel. Da held frihandelsavtalen frå 1973 fram med å fungere. Store delar av folket er tuta øyro fulle av at «vi treng EØS for å få selt varene våre!» Denne myten, denne bløffen har inga rot i røynda, vi hadde full adgang til EU-marknaden utan toll alt frå 1975 for industrivarer.
Den andre innleiaren var Tor Petter Ekroll, grunnleggjaren av det nyss stifta NOREXIT. Ekroll er varaordførar i Moss, oberstløytnant i flyvåpenet og tidlegare medlem av Senterpartiet. Djupt vonbrotne over handlingslammelsen i partia sine har tri tidlegare politikarar for Rødt, Frp og Sp gått saman om å skipa NOREXIT, som skal drive rørsla for å ta Norge ut av EØS, som i dag er det største eksistensielle trugsmålet mot både sjølvstendet og velferda i landet vårt.
Fleire av dei frammøtte har sentrale verv i Nei til EU, og dei understreka at NOREXIT ikkje var ein konkurrent til NtEU, heller eit supplement, som skulle konsentrere seg berre på EØS. NtEU vart for øvrig rosa for det grundige forskingsarbeidet dei gjer om EU og EØS.
Edv. Mogstad
leiar i Fritt Norden Norge, nestleiar i Østfold NtEU
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 3