Derimot: Noen må ta skylden for tabben Kursk. CIA forbereder seg på å fjerne Zelensky. – Derimot
derimot.no:
USA førebur seg på å droppe Volodomyr Zelensky
av Larry Johnson, 15. august 2024
[NB — YouTube har stengt ute Judge Napolitano i éi veke. Jævlar!! De kan følge han på BitChute. Ver snille og fortel det vidare.)
Still deg i kø, Auld Lang Syne, eg trur vi ser teikn på at Ukrainas ikkje-så-komiske geni vil kome i skrens. Ein av mine lojale lesarar og støttespelarar (Dave, du veit kven du er) gjorde meg merksam på Wall Street Journal sin artikkel i går – A Drunken Evening, a Rented Yacht: The Real Story of the Nord Stream Pipeline Sabotage [Ein kveld på fylla, ein leigd yacht: Den sanne historia bak sabotasjen av Nord Stream-røyrleidninga]. Du veit du har med verkeleg «profesjonelle» å gjere når du har ei gruppe som blandar sprit og eksplosiv (angiveleg).
Etter at eg hadde kome i loddrett stilling igjen (eg stod tvekroka av latter då eg las opningssetningane), innsåg eg at mine gamle venner i CIA hadde sendt ei melding: Mr. Zelensky, tida di er ute. Sjølv om artikkelen peikar ut eks-general og no ambassadør til Storbritannia Valeriy Zaluzhniy som den som starta operasjonen for å sprenge Nordstream-røyrleidninga, så frikjenner ikkje det vesle herr Zelensky.


I motsetning til Sy Hersh si utgreiing om øydelegginga av Nordstream, som er basert på ekte kjelder frå USAs etterretningssamfunn, stinkar WSJ-stykket av dårleg fiksjon. Det er Gilligan’s Island i Austersjøen. WSJ-artikkelen ignorerer dei tekniske utfordringane og ekspertisen som trengst til å plante eksplosiv på djupt vatn. Dette er ikkje som dykking med gassflaske i Karibien. Eg held på Sy si utgreiing om kva som skjedde.
No er det viktig å forstå at denne artikkelen, etter mitt syn, vart skriven på oppmoding og støtte frå CIA. Første store hint? Artikkelen insisterer på at CIA åtvara ukrainarane mot å sprenge Nordstream. Sjølvsagt gjorde dei det. Sidan CIA set ut denne historia, i følge med andre historier i andre medium om at USA allereie har utpeika ein etterfølgar for Zelensky, og atter andre historier som gir Z-mannen skulda for nederlaget i og rundt Kursk, så bør Volodomyr sannsynlegvis byrje pakke veskene sine. Han kan vere ein saga blott før året er over.
Eg spelte inn analysen min av Zelenskys utsikter til å overleve på Daniel Davis’ Deep Dive-kanal i dag tidleg. (Danny sin produsent — Gary V — utfører mirakel og får meg til å sjå smart ut.
Eg diskuterte også emnet Zelensky og Ukraina, saman med ei vurdering av den siste utviklinga på Iran/Israel-fronten, med min venn Stephen Gardner. Stephen er vert for ein av dei største podcast’ane, med over 1,7 millionar abonnentar.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/the-united-states-is-preparing-to-jettison-volodomyr-zelensky/