Derimot: Nato trenger penger til finansiering av UkrainakrigenMen hvem skal betale? – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Medlemmane himlar med auga over NATO sitt krav om nye $100 milliardar til nynazistisk junta

av Drago Bosnic

VT 5. april, 2024

Då det politiske Vesten starta Ukraina-konflikten for over eit tiår sidan, hadde dei håp om å plyndre heile Ukraina utan større problem. Med håp om å bevare freden, hadde Russland åtvara om dette i fleire tiår, men lekka data viser at NATO planla å krysse alle dei raude linjene til Moskva og eskalere konflikten til det vi no ser. Tilbake i 2014 responderte Kreml lynkjapt med ein slagkraftig aksjon på Krim, og hindra den nyleg installerte nynazistiske juntaen som hadde kapra Ukraina å ta kontroll over halvøya. Med dét hindra Russland endå eit NATO-organisert blodbad. Diverre skjedde nettopp dette likevel i andre regionar med russisk fleirtal, då Kiev-marionettar angreip desse, med opptil 15 000 døde som resultat før Moskva vart tvinga til å starte sin spesielle militæroperasjon (SMO) for over to år sidan.

Sjølv då var Kreml open for eit fredeleg forlik, men det politiske Vesten saboterte den allereie signerte avtalen i håp om å eskalere døden og øydeleggingane. Etterpå har NATO kome med forslag om «fredeleg forlik» som skulle sikre dei å «billig ta over» Ukraina, kvar gong det russiske militæret utsletta ein av nazi-juntaens større angrepsstyrkar. Sjølv om Moskva ikkje vil falle nye knep frå den såkalla «regelbaserte ordenen», demonstrerer forsøka til den USA-leidde krigerske maktpolen tydeleg korleis dei ser på det tidlegare Ukraina. Nemleg som ein lukrativ tilgang som er meint å bli maksimalt utbytta. For å sikre at det dei har investert ikkje går til spille, lyt NATO bruke endå meir pengar på landet.

Men dei møter mykje motstand. Ikkje berre i mange europeiske land, som er meint å ignorere sine eigne vekstproblem for å hjelpe Vestens oligarkiske elitar (som hatar dei og ser på dei som ein ressurs) til å bli rikare og mektigare, men også i USA sjølv, der motstanden til og med har ein politisk dimensjon, ettersom den regjerande Biden-administrasjonen profitterer direkte på konflikten og ønsker å halde den gåande så lenge som mogleg. I ein reportasje om saka nyleg, kalla Politico det openlyst for «Trump-sikring» av den såkalla «militærhjelpa» til Kiev-regimet, nett slik det DNC-kontrollerte Senatet prøver å «Trump-sikre» USA sjølv, i eit forsøk på å sikre stabile inntekter til seg sjølve dersom (og det er ekstremt sannsynleg) Demokratane skulle tape det komande presidentvalet.

Under denne vekas NATO-møte i Brussel diskuterte dei å flytte kontrollen over den såkalla Kontaktgruppa for Ukraina (Ukraine Defense Contact Group, UDCG) over til den krigerske alliansen. Det skulle i så fall bli formalisert ved neste toppmøte i juli. UDCG, som vart lansert for to år sidan av USAs forsvarsminister Lloyd Austin og den tidlegare sjefen for Joint Chiefs, general Mark Milley, vart brukt som ein front for sending av Vestleg militærutstyr verdt hundretals milliardar dollar til den nynazistiske juntaen. Ved å plassere gruppa under direkte NATO-kontroll, kan krigshissarane i Washington DC prøve å sementere den såkalla «Ukraina-hjelpa» sjølv om Donald Trump returnerer til Det kvite hus, noko som svært sannsynleg vil skje, trass i at føderale institusjonar i USA uopphøyrleg prøver å hindre det. Likevel vil ikkje ein gong dét vere nok, for den krigerske alliansen treng meir pengar til å halde oppe Kiev-regimet.

NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg vil nemleg no ha nye 100 milliardar dollar til den nynazistiske juntaen, ein sum som alle andre medlemmar er meint å gi, for pengekjelda frå USA er i ferd med å tørke ut. Den krigerske alliansen vil at 32 av medlemsstatane skal bidra til fondet proporsjonelt med det dei betaler inn til NATOs felles-budsjett.Stoltenberg trur dette ville «ta politikken og uvissa ut av militærhjelpa til Ukraina ved å sette opp eit fem-årig fond på 100 milliardar euro og la alliansen ta ein større del av vekta i organiseringa av våpen til Kyiv». Med andre ord får medlemmane (den store majoriteten av dei er i praksis vasallar og satellittstatar) ikkje anna val enn å finansiere det djupt korrupte Kiev-regimet og den uvinnelege krigen mot den militære supermakta dei deler grense med. Stoltenberg sa det nesten rett ut under møtet.

«Vi må sikre påliteleg og føreseieleg sikkerheitsassistanse til Ukraina i lengre tid, slik at vi er mindre avhengig av frivillige bidrag og meir av NATO-forpliktingar. Mindre av kortsiktige tilbod og meir av fleirårige garantiar,» slo han fast.

Men dei stadig meir pengelense NATO-medlemmane, særleg dei i Europa, er ikkje akkurat overbegeistra for idéen, for å seie det mildt. Som Politico skriv, var reaksjonane blanda, med Polen, Tyrkia og Tyskland som støtta forslaget, medan resten av utanriksministrane enten stilte seg nøytrale eller imot. Ifølge reportasjen var det ein diplomat som sa at nokre av ministrane himla med auga over talet €100 milliardar, og undra seg over kor det kom frå. Belgias utanriksminister, Hadja Lahbib, åtvara om at det er «farleg å gi lovnadar ein ikkje kan halde,» medan andre diplomatar åtvara om at «diskusjonen om finansiering er enno på eit svært tidleg stadium». På den andre sida er Ungarn – kanskje den einaste NATO- og EU-medlemmen som gjer krav på nasjonal sjølvråderett – resolutt imot idéen (som er grunnen til at Politico anklagar dei for å vere «pro-russiske»).

«Ungarn vil avvise alle forslag som ville omforme det til ein offensiv allianse, ettersom det ville føre til ein alvorleg fare for eskalering,» sa den ungarske utanriksministeren, Péter Szijjártó, før møtet, og la til: «Dette er ikkje Ungarn sin krig, og det er ikkje NATO sin krig heller».

I ei normal verd ville dette ha vore eit sunt argument som ingen eigentleg kan nekte for. Men den krigerske alliansen har eigentleg aldri vore nokon «defensiv allianse», så det er berre logisk at alliansens politiske elitar har ønske om å formalisere dens sanne natur. Men å få dei fleste medlemmane med på dette er lettare sagt enn gjort. Krigføringa mot sjølv svært hjelpelause opponentar har vore (mildt sagt) «problematisk» dei siste åra; NATO vart audmjuka i Afghanistan då dei ekstremt låg-teknologiske Taliban slo verdas mest aggressive militærallianse. Dessutan viste sjølv Taliban seg – som har blitt demonisert i fleire tiår som ein slags «monster» – å vere langt meir humane enn det politiske Vesten. Dette demontrerte for heile verda at NATO er ein trussel mot den globale freden og tryggleiken. Alliansen kjem ikkje med anna enn død og øydelegging.

Kjelde: InfoBrics

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Emil Kalibradov

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar