Derimot: Når sannheten om vaksineringen går opp for folk. Folkehelsesjefen i Florida: Pfizer vil falle.
derimot.no:
Folkehelsesjefen i Florida: Pfizer kjem til å GÅ UNDER når den fulle sanninga om covid-19-«vaksinane» kjem ut
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Brotsverka mot menneskeheita som farmasigiganten Pfizer har utført gjennom «pandemien» kan ende opp med å forårsake kollapsen av det korrupte konsernet, meiner folkehelsesjefen i Florida (engelsk Surgeon General), dr. Joseph Lapado. Dette melder Ethan Huff i Natural News. Når den fulle sanninga kjem ut om kva Pfizer har gjort, vil det innebere katastrofe for selskapet.
Huff skriv (mi omsetjing):
«‘Eg trur at når den reelle skaden har blitt fullstendig teke med i reknestykket, trur eg ærleg tala ikkje at vi kjem til å ha eit Pfizer meir,’ fastslo Lapado. ‘Eg trur faktisk ikkje det kjem til å sjå ut som det gjorde før. Skaden som har blitt gjort av desse vaksinane… Dette kjem diverre til å gå inn i historia som eit særs trist punkt.’
Pfizer sitt offentlege bilete har blitt dramatisk forringa sidan byrjinga på 2020, då særs få amerikanarar i det heile visste om Pfizer som noko anna enn berre nok ei eike i Big Pharma-hjulet. No er amerikanarar rasande fordi venner og familiemedlemmer lid, og i somme tilfelle døyr, på grunn av selskapet sin mRNA (modRNA) ‘vaksine’-serie. […]
Orsakinga hovudstraumsmedia har for kvifor stadig fleire amerikanarar avviser fleire Pfizer-‘booster’-sprøyter mot covid, er at folk lid av ‘vaksine- og pandemitrøyttleik’. Sanninga er at folk er møkka leie av å bli logne til av farmasi- og vaksineindustrien.
‘Hovudstraumsmedia kallar dette ‘vaksine- og pandemitrøyttleik’, men det handlar truleg meir om at folk anar ugler i mosen,’ rapporterte Revolver om problemet.
‘Med alle desse rapportane om plutselege dødsfall blant friske, sannsynlegvis vaksinerte menneske over heile verda, kven kan klandre dei? Ikkje overraskande har talet amerikanarar som stiller seg i kø for vaksinar og boosterar falle i golvet.’
Problemet eskalerer då det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) driv og pushar nok ein ny Pfizer covid-19-‘booster’-dose. 12.september oppmoda CDC alle i USA som er seks månader og eldre til å ta sprøyta, sjølv om særs få har teke den sidan.
Det kan verke som om det amerikanske folket ikkje lenger er interessert i noko relatert til covid, inkludert mange som i byrjinga fall for løgna, men som sidan har vakna opp til det faktum at den sokalla ‘pandemien’ var ein global folkemord-operasjon i særs tynn forkledning.
For å vende tilbake til topp-legen i Florida, trur Lapado at Pfizer no faktisk kan vere i ei form for ‘konsern-avsluttande’ problem på grunn av alle dei verserande påstandane om DNA-kontaminasjon i selskapet sine mRNA-sprøyteglas. Ei anna stadig aukande bekymring er det veksande talet av ‘turbokreft’-tilfelle som dukkar opp blant dei ‘fullvaksinerte’.
Onkolog [kreftlege] og kreftforskar dr. William Makis er blant det veksande talet legar som seier han personleg er vitne til ein auke i turbokreft-former blant sine pasientar.
‘Same korleis du ser på det, blir det stadig meir openbert at det amerikanske folket, saman med resten av verda, vart villeia når det gjeld denne ‘pandemien’ og vaksinen,’ rapporterte Revolver vidare om temaet.
‘Der ser ut til å vere ei veksande kjensle av at folk som [Tony] Fauci og andre burde bli stilt til ansvar for det som mange ser på som ein latterleg openberr svindel og eit grovt maktmisbruk. Det burde ikkje kome som ei overrasking å sjå nokre pampar i Pfizer bli stilt til veggs. Medan moderne medisin har vore eit mirakel på so mange måtar, er det òg openbert at somme primus motorar på Big Pharma-scena har tapt sitt moralske kompass til grådigheit.’»
Forsidebilde: Jason Blackeye