Derimot: Når en har en dårlig sak, men makt: Stopp motparten med alle midler. – Derimot

derimot.no:

Dagens norske debattklima: Motparten vel vekk ryddig debatt – vil heller kansellere, doxxe og drive med personåtak og fjerndiagnostisering

Dette innlegget er hentet fra Saksyndig

I våre dagar finn det ikkje stad ein reell debatt mellom reelle meiningsmotstandarar i etablerte media. Dei som talar mot det etablerte narrativet, blir ikkje møtte med saklege motargument frå motparten, men blir heller utsett for scenenekt, karakterdrap og personåtak. Slike skitne triks viser at motparten i røynda ikkje har motargument, og at dei i staden må fjerne sine meiningsmotstandarar frå den offentlege debatten – for ein kvar pris, kan det verke som.

Kjetil Tveit luftar litt av problemstillinga i ein artikkel publisert på Steigan 27.mars 2025. Ein nyleg artikkel i «kongressavisa» The Hill konkluderer at Trump hadde rett om Ukraina – dessverre. Trump er ikkje populær hjå motparten, men sjølv dei har måtte innrømme at han hadde rett om krigen. Diverre, for deira eiga truverd sin del, prøvde dei fyrst å både ta livet av Trump i eit attentatforsøk og få han stilt for retten. Tveit oppsummerer sanninga om Ukraina-krigen i fem punkt, som eg raskt oppsummerer her med mine eigne ord:

  1. Vestlege media har fått publikum til å tru at Ukraina-krigen var «uprovosert». Dette er ei særs einsidig framstilling av saka.
  2. Høgreekstreme i Ukraina provoserte fram Russlands fyrste invasjon av landet i 2014.
  3. Zelensky braut Minsk 1 og 2 (2014/2015), avtalane som skulle sikre våpenkvile og gje sjølvstyre til Donbas. Han auka import av våpen frå NATO, noko som til slutt førde til fullskalainvasjonen 24.februar 2022 fordi Putin oppfatta dette som ein trugsel.
  4. Biden gjorde ingenting då Putin mobiliserte troppar i 2021 – han gav uvilkårleg støtte til Zelensky og overlét avgjerda til han.
  5. Fred kunne ha vore oppnådd tidlegare og spart liva til millionar av ukrainarar.

Dette fører oss over til hovudtemaet i denne artikkelen, nemleg nordmenn som har fått kritikk for å tale mot det etablerte, løgnaktige narrativet. Glenn Diesen er her eit viktig namn. Mannen har blitt utsett for so mykje hets frå ymse aktørar i medie- og etterretningsapparatet at han vurderer å rømme landet. Han har fått mykje «kritikk» for å fortelje sanninga om Ukraina-krigen. Med Tveit sine ord:

«Når jeg skriver ‘kritisert’ i anførselstegn er det fordi han nesten ikke har møtt «kritikk» i det hele tatt. Mange ser ikke forskjell på ‘kritikk’ og å forfølge noen i flokk, eller spy ut mengder med billige ad hominem (personangrep), brønnpissing, karakterdrap.

Du har feil meninger!

Diesen har ikke sittet i knallharde debatter med «voksne folk» her hjemme som har imøtegått hans argumenter med motargumenter. I stedet har han blitt «kansellert» og fått «scenenekt». Man har avinvitert ham fra diskusjoner.

En ansatt i Den norske Helsingforskomiteen repostet et bilde av Diesens bolig på sosiale medier — uten kommentar. Hva betyr det?

Politiet rådet Diesen til å ha skjult adresse, mens Den norske Helsingforskomiteens ansatte la ut hjemmet hans uten en medfølgende kommentar.

Det går ikke an å snakke seg bort fra at dette er en NGO som driver med personforfølgelse samtidig som de ikke vil møte ham til en ryddig debatt.»

Diesen vart med andre ord doxxa i eit dårleg skjult forsøk på å skade han og familien. Slike skitne triks høyrer ikkje heime i eit sivilisert land, men det er diverre det Noreg har utvikla seg til. Vi er i Tveits ord «under angrep fra NGOer, tankesmier, strategiske kronikkforfattere og nett-troll som oppfører seg som bøllen i skolegården, men som til forskjell jobber i team, er langt mer sofistikert, systematisk, og som notorisk ikke vil ha saklig diskusjon – og derfor forsvarer løgnen eller ‘narrativet’.»

Kjetil Elvevold er eit anna viktig namn. Biologen som fekk ein pris i 2007 for beste doktorgrad innan patologi i 2007, var ein av dei fyrste i verda som injiserte mRNA-teknologi i rotter, og visste særs mykje om risiko versus nytte når det gjaldt den eksperimentelle mRNA-«vaksinen». Han gjekk mot narrativet om at genteknologien var trygg og effektiv, og at den var so effektiv at den rettferdiggjorde eit apartheid-system der uvaksinerte ikkje skulle få delta i sosiale samanhengar fordi dei var «utrygge».

Elvevold vart ignorert i etablerte media, og vart i tillegg utsett for doxxing og uthenging «på en side som åpenbart har ‘ressurser bak’ og algoritmene på sin side, som heter Ting norske antivaksere sier».

Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Facebook-gruppa ‘Ting Som Norske Antivaksere Sier’», publisert 27.februar 2024.

Tveit skriv: «Mønsteret er kliss likt. Narrativet kan ikke forsvare sitt ståsted — siden man forsvarer løgnen — og må derfor kansellere meningsmotstandere fra åpen debatt, mens man har nett-troll som er på ballen 24/7.»

Elvevold sine personlege opplysningar vart publisert på nemnde Facebook-side, for «spesielt interesserte». Då Kjetil Tveit sjølv kom med liknande åtvaringar om mRNA-«vaksinane», vart han hengt ut og doxxa på liknande vis på nemnde Facebook-side:

«Jeg dokumenterte og forklarte det jeg skrev, ble antageligvis karakterisert av narrativets trollfabrikker som «farlig», og fikk dermed «æren» av samme skjebne som Elvevold.

På kartet kunne man se huset som jeg hadde solgt for et par år siden (de fjernet det da de senere forstod at noen andre bodde der) samt mitt telefonnummer.

Det var det første man så da man kom inn på trollsiden med den gang 5000 følgere — inklusivt en av narrativets store beskyttere i Aftenposten, Ingeborg Senneset, som vanket på siden med tomler og hjerter.»

Sjå òg « ‘Farlege’ Kjetil Tveit får passet sitt påskrive av humorside på Facebook», publisert 21.august 2024.

Saksyndig-redaktøren vart ein periode òg hengt ut på den sida. Eg hadde vore slem gut og etter deira syn delt litt for mange artiklar av Kjetil Tveit. Ein av hovudaktørane på sida («HT»; Saksyndig kjenner hans verkelege namn) la ein periode ut skjermbilete av eit utval Saksyndig-artiklar som han kalla diverse negativt ladde ord, og resten av flokken heiv seg på og kom med personåtak, karakterdrap og fjerndiagnosar. Dei stilte spørsmål ved om eg var ved mine fulle fem, og om eg trong eit «velferdsbesøk» frå helsevesen og politi (altso Trond Harald Haaland-behandlinga). I tillegg fløymde han over kommentarfeltet på Saksyndig med ymse kommentarar der grada av saklegheit varierte sterkt. Dette gjekk føre seg vel ein månads tid, og sidan har det vore stilt.

Nettroll har sine motivasjonar for å halde på slik dei gjer, og dei held alltid med fleirtalet og det som er rekna som etablerte sanningar. At dei har… eksterne motivasjonskjelder for å bruke dagane på personåtak og doxxing, er mogleg, slik Tveit antydar. Kvifor skulle elles godt vaksne menneske oppføre seg som bølla i skulegarden?

Sjå òg «Problemet med nettroll: Kor går grensa mellom ytringsfridom og mobbing?»

publisert 23.mars 2024.

Bildene er KI-genererte

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...