Derimot: Nancy Pelosi er ikke sann. Etter å ha presset Biden til å gå av vil hun ha han opphøyet. – Derimot
derimot.no:
Nancy Pelosi seier trynet til Biden burde hamne på Mount Rushmore
Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Den tidlegare Speakeren i Det kvite huset, Nancy Pelosi (Demokrat frå California) har kravd at Joe Biden skal bli lagt til Mount Rushmore fordi han visstnok har vore slik ein «tydingsfull president».
I eit intervju med CBS-programmet «Sunday Morning» med Leslie Stahl, lira Pelosi av seg at Biden har vore ein «Mount Rushmore-aktig president».
Denne må sjåast for å truast på. Sjå den her.
Kommentarane til Pelosi var so latterlege at til og med Stahl såg skeptisk ut.
«Sit du verkeleg der og seier at han høyrer heime der oppe på Mount Rushmore? Lincoln, og so Joe Biden?» spurde ho medan ho ikkje greidde å halde seg alvorleg.
Men Pelosi meinte faktisk alvor. Upåverka heldt ho på si sak.
«De har Teddy Roosevelt der oppe, og han er vedunderleg. Eg seier ikkje at de skal ta han ned, men de kan leggje til Biden,» sa ho.
Kommentarane til Pelosi er ikkje berre sinnssjuke og respektlause. Dei er djupt hykleriske.
Biden vart pressa av hjelparane sine i Det demokratiske partiet til å trekkje seg frå 2024-presidentvalet etter at hans mentale inkompetanse endeleg vart eksponert overfor nasjonen i kjølvatnet av den katastrofale debatten mot Trump i juni.
Bak scenene dreiv Pelosi og truga Biden til å trekkje seg sidan han viste teikn på å nekne å følgje råda til andre topp-Demokratar, som alle kravde at han skulle trekkje seg.
«Nancy gjorde det tydeleg at dei kunne gjere det på den enkle måten eller den vanskelege,» sa ei Demokrat-kjelde, som kjenner til private samtalar, til Politico.
«Ho gav dei tre veker å gjere det på den lette måten. Det var like før det måtte gjerast på den vanskelege.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.
Forsidebilde er KI-generert