Derimot: Nå er det snart slutt for USA/Nato i Ukraina. Vestlige ledere følger blindt USA utfor stupet.
derimot.no:
Bachmut har falt og Zelensky reiser verden rundt i battledress. Han tør ikke reise hjem igjen etter at Russland tok av seg silkehanskene. Dermed opptrer han ikke lenger som leder for sitt land, men som noe helt annet: En kremmer i krig og våpen som ofrer hundretusenvis av sine egne ungdommer, men for hva?
Knut Lindtner
Redaktør
Festen er over for Kiev. Silkehanskane er av.
Daniel Patrick Welch
Posta på Kolozeg den : 17/05/2023
At USA med allierte prøver å bruke Ukraina som kølle til å kue verda med, set i staden fart på undergangen til deira eigne Skammens imperium.
Heile denne ukrainske episoden av Evig krig liknar for kvar dag som går meir og meir på ein karikatur. Det var aldri ein ukrainsk krig. Vi må gi slepp på det propaganda-narrativet som vi har støtta og medverka til. Det er ikkje ein krig der «ukrainarane gjorde dette, russarane gjorde dette, ukrainarane, russarane …» osv osv. Det er ikkje det som skjer. Det er – og har vore heile tida – ein proksykrig, Vestens felles proksykrig mot Russland. Dét er den absolutte sanninga.
Og no blir til og med ordet «proksy» litt utlevd. For alt dei brukar er utlandske investeringar i våpen: missil som skyt lenger, våpen med utarma uran. Alle desse tinga har NATO og USA tilsyn med. Noko som kastar eit interessant lys over idéen om at det heile berre er eit nytt kapittel i Den evige krigen, er denne merkelege utlandsturen til Zelensky. Presidenten av Ukraina drar no til tyskarane. For å be *tyskarane* om å vere den største våpenleverandøren i kampen hans mot Russland.
Er vi i 1939? Kjem W.H. Auden til å skrive om dette? Er Stepan Bandera eigentleg i live? Kva er dette? Problemet er at det er nett det dette er – ei gjentaking av slutten av Andre verdskrig. Som, om vi skal vere ærlege – la oss vere fullstendig ærlege – ikkje akkurat slutta heilt på den måten Vesten hadde tenkt seg og ønska. Frå det rommet som nazistane deler. ALLE nazistane! Eg meiner ikkje det tyske ordet «Nazi». Eg meiner det høyrest kult ut, og det er moro å seie ordet, nazi!, nazi!, nazi! Men nazi er ikkje ein tysk tradisjon. Og dei var sanneleg ikkje dei einaste nazistane!
I realiteten delte dei heile det rommet med Bandera, med halvparten av det britiske imperiet sitt aristokrati, med alle dei store titanane i US-amerikanske korporasjonar som bygde opp Hitler for å legge Russland i ruinar. Det er det som skjer med eksepsjonalistar, supremasistar, sjåvinistar. Det er greit å drepe folka som bur på det landarealet du har lyst å ta. Og Audens ord held seg den dag i dag: “I and the public know./ What all schoolchildren learn,/ Those to whom evil is done/ Do evil in return.” (Eg og folk veit det alle skulebarn lærer: Dei som blir utsette for vondskap, gir vondskap i retur.)
Det er det som skjer. Og som kjem til å skje. Endinga er ikkje forskjellig. Filmen er den same. Russarane (sovjetarane) mista 27 millionar menneske. Og det kunne like gjerne ha skjedd i går. Dei same folka leverer dei same våpena til dei same folka (berre med små endringar i detaljane). Dei er Somoza-gjengen! Det er sjølve opphavet til proksyen. Eldre enn Somoza. Eldre enn SAVAK. Eldre enn busettarane i Sør-Afrika – vel, kanskje ikkje, eg veit ikkje. Men det som er sikkert, er at Bandera blir heidra i dette hjørnet, i dette nord-vestre hjørnet av Ukraina, for å ha “gjort det fritt frå 1939 til 1945.”
Korleis? Ved å slakte ned titusentals polakkar, russarar, jødar. Vener av Hitler! Vener av Hitler har aldri vore fiendar av USA i sine politiske intrigar. Dei var dei første dei gjekk til! Og ein av dei første tinga dei gjer, er å demonisere alt og alle som har å gjere med dei som er i mål-siktet. Angrepet – slaktet – på russisk språk, russisk tradisjon, russisk historie er hjernevask. I ein sånn grad at amerikanarane ikkje ein gong veit kor hjernedaude dei er. Og det bør dei. Eg meiner, om så mange av oss kjem frå Irland, og vi måtte tole det britane gjer. Som er å selge narrativet som seier at Næh irane er så uansett berre drukkenboltar. Og dei er late. Og dei er mest sannsynleg terroristar. Så vi marsjerer berre inn med Cromwell og slaktar heile hurven ned. Og tar det landet!
Så vi har alltid resonnansen frå den krigen, frå Andre verdskrig… alle krigane kjem tilbake og forar kvarandre. Det som Wolfe Tones song på 80-talet: Cromwell’s men are here again! England’s name again is sullied in the eyes of honest men. (Cromwells menn er her igjen! Englands namn er igjen tilsmussa i auga på ærlege menn.)
Og det er latterleg å tru at ein kan endre det. Historia er berre den lange visaren til ei klokke ein kan stoppe om ein berre har nok av neo-konservative og kapitalistar på løningslistene. Ein kan flytte den! Tru om att. Ein kan ikkje.
Og russarane veit det. Kva skal ein gjere? Bringe inne alle slags missil med lang rekkevidd? Vel, vi vil blåse dei til himmels der dei er. Desse går 300 eller 400 kilometer? Då trur eg det er så langt vi må presse inn. Ingenting av denne skiten blir nokon trussel for Russland. Punktum.
Amerikanarar? Dei neo-konservative som driv ting? Dei forstår det ikkje. Delvis fordi dei kjem frå denne tradisjonen. Kongen av England! Var pro nazi. Han måtte abdisere delvis av den grunnen. Truman sa Eh, om russarane vinn, vil vi hjelpe tyskarane, og om tyskarane vinn, vil vi hjelpe russarane. I dag. I dag, i 2023, sit det ei kvinne som rådgivar for president Biden, og veit du kva ho sa? Hitler var kanskje kontroversiell, men det er ingen som syng lovsongar til hans ære for å ha kjempa mot kommunismen til sin død.
Kva er dette? Er det greit å vere svak for Hitler no? Kva i helvete var då alt for? Ah, vi veit. Vi veit kva som var meininga med det heile. Og giss kva? Det hadde veldig lite med kommunisme å gjere. Beklagar. Eg kjøper ikkje det. Eg veit at det er narrativet. Men det handlar om Russland – det handlar ikkje om Lenin, Stalin eller sjølv Marx. Det handlar om Mackinder! Det handlar om The Heartland. Om å hindre nokon i å sameine den sentrale delen av – spol raskt framover no – Russland og Kina. Og det er trusselen! Og det ironiske er at desse folka er så arrogante, og så fulle av seg sjølve at dei ikkje skjøner at dei har gjort det meir uunngåeleg enn sjølv tida sjølv. Russland og Kina er no samansveisa som siamesiske tvillingar fordi dei veit at eksistensen deira avheng av det.
Desse krigane er ikkje proksyar. Desse er fingrar på ein marionett med LANGE armar. Dei er farlege. Og dei er truslar overalt. Så nett slik du i eit middagsselskap med vener du eigentleg ikkje verken likar eller stoler på. Du nikkar og smiler. Finn utgangen. Og byksar mot den – så raskt du kan – når det kjennest som du er i fare. Og – tilsynelatande uvitande – er det dét Vesten står i møte med. Dei kan ikkje hjelpe for det. Det er undergangen for kontrollen dei har hatt dei siste fem hundre åra. Det vil føre med seg utrulege manglar og vanskar for dei hundretals millionane av oss som lever under det Vestlege regimet. Men festen er over.
Daniel Patrick Welch skriv politiske kommentarar og analysar. Han bur i Salem, Massachusetts, saman med kona. Dei driv The Greenhouse School i hop. Han har reist mange plassar, snakkar fem språk og studerte russisk historie og litteratur ved Harvard University. Welch har også vore gjest i fleire TV- og radiokanalar, og snakka om emne som utanrikssaker og politisk analyse.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Tim Johnson