Derimot: Nå avslører New York Times Ukrainas løgner. Det betyr at USA nå vil ut av Ukrainakrigen, men har et troverdighetsproblem.
derimot.no:
Etter å ha hausset Zelensky og den ukrainske regjeringen opp til «Messias-nivå» i 1,5 år innser nå nå USA-ledelsen at de vil tape Nato-krigen i Ukraina. Dette er en krig mellom Nato og Russland på ukrainsk territorium med ukrainsk ungdom som kanonføde. Uten penger og våpen fra Nato ville krigen vært over for lenge siden.
Problemet er at en har helgenfremstilt den udemokratiske og korrupte ukrainske regjeringen helt siden krigen begynte. Mediene har videreformidlet til den vestlige publikum alle løgnene fra denne regjeringen som den pure sannhet. Og Zelenski er fremstilt som en stor statsmann enda hans virksomhet har dreid seg om å skaffe penger og våpen til en krig som kunne vært unngått.
Og målet til USA/Nato har vært helt tydelig for de som ville se: Å ødelegge Russland. Dette har vært helt åpent formulert i USAs strategiske dokumenter.
Gradvis innser politikerne i USA at krigen er tapt og da er problemet hvordan en kan trekke seg ut fra det kaoset en sjøl har skapt. En begynner altså med å avsløre lygingen fra Zelensky for å gradvis å avkle han alle de falske gevantene en har pyntet han med i 1,5 år. Til det bruker en New York Times som sannhetsvitne.
Det vil komme mer. Han vil måtte fremstå som politisk naken for at vesten skal kunne bruke han som syndebukk. Ellers er det de vestlige lederne som må stå til ansvar for krigen for sin egen befolkning som har måtte betale for den. De store norske mediene og politiske kommentatorene vil følge etter nå når signalet er gitt.
Knut Lindtner
Redaktør
NYT avslører Zelensky-løgn om missilangrep i Donbass
Ei gransking motseier påstanden til den ukrainske presidenten om at eit russisk angrep tok livet av sivile same dag som USAs utanriksminister var på besøk
RT, 19. sept, 2023
Avisa New York Times har undersøkt nærare det dødelege missilangrepet på ein marknad i Donbas samtidig som USAs utanriksminister Antony Blinken besøkte landet, og la måndag fram konklusjonen om at alt peikar på at det var ukrainske styrkar som utførte angrepet.
Hendinga den 6. september i den Kiev-kontrollerte byen Konstantinovka i Donbas drap minst 15 sivile og skadde eit hopetal andre.
Ukrainas president Vladimir Zelensky anklaga straks Russland for å ha utført angrepet, og han hevda at «eitkvart forøk på forhandling med noko russisk» var eintydig med å ignorere «vondskapens frekkheit». Mange Vestlege mediekanalar og nokre regjeringar slutta seg til utsegna.
NYT sa bevis tyda på eit «tragisk uhell», der eit ukrainsk antiluftskyts Buk-missil hadde kome ut av kurs. Avisa drog denne konklusjonen etter å ha analysert missil-fragment, satellitt-bilete, vitneutsegner og innlegg på sosiale medium. Dei skriv at ukrainskemyndigheiter prøvde å hindre journalistar tilgang til nedslagsstaden.
«Korfor skulle vi trenge ei etterforsking, viss det heile er openlyst for oss?» sa Zelenskys næraste rådgivar Mikhail Podoliak til media etter hendinga. Han kalla alle andre scenario, inkludert ein ukrainsk feil, «latterleg».
Missilet ser ut til å ha vore eitt av dei to som ukrainske styrkar avfyrte frå utkanten av byen Druzhkovka ca 15 km nordvest for Konstantinovka, seier NYT. Prosjektilet var sannsynlegvis av modellen 9M38, som Buk-systemet brukar, konkluderer avisa med etter rettstekniske undersøkingar. Med tanke på den korte distansen frå den antatte utskytingsposisjonen, har missilet truleg krasja med mykje av drivstoffet ubrukt, og den påfølgande eksplosjonen forårsaka brennmerker på åstaden.
Russlands FN-ambassadør Vassily Nebenzia nemnde hendinga i ein tale førre veke, og antyda at Kiev med vilje kan ha organisert angrepet så det skulle samanfalle med Blinkens besøk. Han la til at sidan bevisa tydeleg motseier skuldingane til Zelensky, «så prøver Kiev-regimet og sponsorane deira å teie denne historia i hel og halde den unna radaren».
Den ukrainske presidenten gav på liknande vis Russland skulda for eit missilnedslag i Polen som tok livet av to bønder sist november. Han oppfordra til «kollektiv aksjon» til gjengjeld, men Warszawa sa at det mest sannsynleg hadde vore eit prosjektil frå det ukrainske S-300 luftforsvarsystemet som hadde forårsaka dødsfalla.
Det russiske militæret har sidan starten av konflikten heile tida fasthalde at dei utelukkande angrip militære mål i operasjonane sine.
Omsett av Monica Sortland
https://www.rt.com/russia/583187-konstantinovka-missile-nyt-investigation/
Forsidebilde: iStock