Derimot: Myndighetene sier: Det er en vaksine.Det er noe helt annet. – Derimot

derimot.no:

Denne artikkelen er ganske teknisk når den tar for seg det genetiske innholdet i vaksinene i kroppen vår. Ikke mindre er det viktig det som i denne artikkelen her fremhever av feil informasjon fra myndighetene. Hensikten med «skeiv-infomasjonen» kan ikke være å veilede, men det motsatte: Et forsøk på å massevaksinere for en ufarlig sykdom og i etterkant å dempe den økende misnøyen i befolkningen med hele vaksineprogrammet.

Knut Lindtner
Redaktør

Innlegget er hentet fra Fritt vaksinevalg.

GAME OVER for den mRNA-baserte “vaksine”-teknologien 

  • Dette er det dei fortel deg: «Det er ein vaksine», men det er ikkje sant. Her er FAKTA:
    • Det er ikkje ein «vaksine», for det oppfyller alle kriteria for eit genetisk konstruert produkt [1]. Det inneheld syntetisk produsert modifisert mRNA, innpakka i lipide nanopartiklar som har evna til å trenge inn i cellene våre (ved transfeksjon).
    • Det er ikkje ein «vaksine», for det sirkulerer i kroppen vår og i cellene våre utan å bli oppfatta som eit framandelement – til skilnad frå partiklane i konvensjonelle vaksinar [2]. 
    • Det er ikkje ein «vaksine», for i 2021 reviderte dei formålet med vaksineringa og endra definisjonen. Ifølge den nye «standarden» treng ikkje «vaksinar» skape immunitet mot ein spesifikk sjukdom, men skal berre utløyse ein immunrespons, sjølv om denne responsen er ikkje-spesifikk eller ugunstig, skadeleg, tvert imot ønska respons (eng. adverse) [3]. 
    • Det er ikkje ein «vaksine», for når den kjem inn i cellene våre, vil dei modifiserte mRNA-trådane kapre cellene våre for å tvinge dei til å produsere framande protein som ein ikkje heilt kan føreseie korleis blir [4]. 
    • Det er ikkje ein «vaksine», for etter å ha mottatt ein mRNA-basert injeksjon, blir vi alle først rekna for «uvaksinerte». Først to veker seinare vil helseautoritetane rekne deg som «vaksinert». Som resultat vil rapporterte biverknadar (inkludert innlegging på sjukehus og død) som skjer innanfor dei to første vekene etter vaksineringa rett og slett ikkje bli telde opp, om dei i det heile tatt blir innrapporterte i første omgang. På denne måten blir det også vanskeleg å argumentere for pasientskadeerstatning.
    • Det er ikkje ein «vaksine», for du er meint å motta regelmessige forsterkingsdosar (eng. booster doses). Desse gjentatte injeksjonane fører til ein ustanseleg produksjon av antigenet, truleg fleire antigen [4]. Dette skil seg frå ein naturleg infeksjon, der antigenet invaderer kroppen på slump og forbigåande. Det at kroppen heile tida blir presentert for det same antigenet vil uunngåeleg svekke immunsystemet [5]. 
  • Dette er det dei fortel deg: «Det er mRNA», men det er ikkje sant. Her er FAKTA:
    • Det er ikkje messenger RNA (mRNA), det er modifisert mRNA (modRNA) [6]; [7]. modRNA hermar etter mRNA, men har heilt andre trekk:
      • Det er ikkje mRNA, fordi det er samansett av ein ny syntetisk genetisk kode. Éin bokstav i den genetiske koden, U’en, som står for naturleg uridin, er systematisk erstatta med Psi (Ψ), som er syntetisk N1-methyl-pseudouridine (mΨ). 
      • Det er modRNA, fordi det er ukjent om og når det blir brote ned. Endringa av U til Psi gjer modRNA-tråden mindre inflammatorisk og aukar trådens levealder – frå timar til månadar. Dei moglege effektane av desse modifikasjonane på epigenetisk og post-translatorisk regulering, er for det meste ukjende. Til skilnad frå naturleg mRNA, som raskt blir brote ned, har Covid-19-«vaksinane» sitt modRNA blitt sett i blod i opptil 28 dagar [8] og i vev i opptil åtte veker etter injeksjonen [9]. Piggproteinet (eng. spike protein, S-proteinet) som blir produsert som resultat av dei injiserte modifiserte mRNA-trådane har blitt sett i blod i opptil seks månadar etter injeksjon [10].
      • Det er modRNA, fordi også sekvensen vart endra ved at innhaldet av G (guanin) og C (cytosin) vart auka. Dette kallast kodon-optimering, men dette substituttet undertrykker det medfødde immunsystemet, og det er svært problematisk, for det representerer førstelinjeforsvaret mot invaderande mikroorganismar [11]. 
    • Det er DNA i tillegg til modifisert mRNA
      • Det er også DNA, og dét var totalt uventa. Svære kvanta kontaminerande DNA har blitt funne i vaksinen [12]. Basert på vår vitskapelege kunnskap, er dette urovekkande, då det gir endra regulering og ein risiko for integrasjon med genomet vårt [13]. Desse kontaminantane kjem frå ei endring i produksjonsprosessen. I den opprinnelege prosessen, som vart brukt til dei kliniske forsøka, vart det produsert modifisert mRNA ved in-vitro transkripsjon frå syntetisk DNA følgd av rein PCR-forsterking. I den modifiserte prosessen, som vart brukt på folket under ulike styresmakters «vaksinerings»-kampanjar, vart viralt RNA som var reverstranskribert til DNA klona til bakterielle plasmid og førte til at produktet vart forureina med ein miks av bakterielt DNA og viralt DNA [14]. 
  • Dette er det dei fortel deg: «Vaksinen vil halde seg i muskelen din», men det er ikkje sant. Her er FAKTA:
    • «Vaksinen» var aldri designa for å bli i muskelen, men for å gå inn i blodstraumen, lymfeknutane og til og med brystmjølka. 
    • Dei lipide nanopartiklane, som dei har kapsla modRNA-trådane inn i, held seg ikkje i blodstraumen slik det er med konvensjonelle vaksinar. I staden kan dei entre kva celle som helst i kroppen, inkludert sentrale organ som hjartehjerne, lever, nyrer, lunger, milt, mage, eggstokkar og testiklar [15]; [16]. 
    • Dei lipide nanopartiklane er svært inflammatoriske og giftige. Så gjentatte injeksjonar vil auke skaden dei påfører cellene våre og til og med drepe dei [17]. 
    • Særleg høg har førekomsten vore av dei alvorlege biverknadane myokarditt og perikarditt, dvs. inflammasjon av hjartet, særleg blant yngre folk. Denne inflammasjonen er sannsynlegvis eit resultat av autoimmune angrep på celler i hjartet som har mottatt dei injiserte partiklane og framstilt piggprotein [18]; [19]. 
  • Dette er det dei fortel deg: «mRNA-teknologien gjer deg i stand til å produsere det ønska sendebodet (messenger)», men det er ikkje sant. Her er FAKTA:
    • «Vaksinane er trygge» var rein løgn frå starten av, for det var umogleg å føreseie kva kroppen vår – no omgjort til «fabrikken» – ville produsere av antigen eller kor mange av dei. Dei kan ikkje tilby nokon trygg dose når ingen kan spå om kva dose cellene våre kjem til å produsere.
    • mRNA-teknologien resulterer i produksjon av nonsens-produkt med totalt uføreseielege biologiske effektar[4]. Erstattinga av “U” med “Psi” i den genetiske koden til modRNA’et fører til ei endring av den genetiske leseramma i triosekvensen som normalt blir brukt til å sette ihop den korresponderande aminosyra (frameshifting) til det framtidige proteinet ved hjelp av ribosoma. Døme: dersom ein messenger kjem med følgande bodskap/oppskrift: ALE-XAN-DRA, der kvar av desse tre trioane kodar for ei spesifikk aminosyre, så vil endringa av den genetiske leseramma føre til at det i staden blir lese som LEX-AND-RA. Det resulterande proteinet vil bli heilt forskjellig og nedkorta, sidan “RA” er ufullstendig for koding av ei tredje aminosyre. Utkomet er i beste fall nøytralt, i verste fall dødeleg og i alle fall ulikt opphavet (non-self). 
  • Dette er det dei fortel deg: «mRNA kan ikkje integrerast i DNA», men det er ikkje sant. Her er FAKTA:
    • mRNA-«vaksinen» kan påviseleg integrerast i DNA, for sekvensen som stemmer overeins med eit fragment av modRNA-«vaksine»-injeksjonen har blitt funnen i ein pasients blodceller [20]. 
    • mRNA-«vaksinen» kan påviseleg revers-transkriberast til DNA, for det er vist at dyrka menneskeceller som vart eksponerte for modRNA-«vaksinen» aktiverte (retrotransposonet) LINE-1, som gir revers transkriptase og transformerer mRNA-«vaksinen» til DNA [21]. 
    • I tillegg vart det gjort uventa funn i cellekjernar av mRNA’et som kodar for piggproteinet [22]. 
    • DNA-kontaminantane funne i BioNTech/Pfizer sine modRNA-injeksjonar inneheld ein apevirussekvens, nærare bestemt promotersekvensen Simian Virus-40 (SV40), som er kjend for å auke transporten av DNA inn i cellekjernen. Dette gir ein ytterlegare auke i risikoen for at dette framande DNA’et integrerer seg med genomet til cellene våre med uføreseielege konsekvensar [23]. 
    • Dersom noko slikt skjer inne i mannlege eller kvinnelege kim-celler involverte i befruktning, så vil også avkommet sitt genom bli modifisert.
    • All genomisk integrasjon av ein sekvens som kjem frå ein «vaksine», vil truleg resultere i at det blir framstilt eit framandt gen og avvikande genregulering. Sistnemnde kan resultere i aktivering av onkogen eller deaktivering av tumørundertrykkande gen. Begge deler verkar kreftfremjande. Denne risken blir forverra med immunundertrykkinga som er observert hos mange «vaksinerte», som inneber utilstrekkeleg immunforsvar mot tumørceller. Resultatet kan bli «turbokreft».
    • I den offisielle Summary of Product Characteristics [19, side 16], godkjend av EMA og EU-kommisjonen står det: «Verken gentoksikologiske eller karsinogen-studiar vart utførte.»

Referansar

[1]www.doi.org/10.3390/ijms241310514 [2]www.biontech.com/int/en/home/pipeline-and-products/platforms/our-mrna-platforms.html [3]www.cdc.gov/vaccines/vac-gen/imz-basics.htm [4]www.doi.org/10.1038/s41586-023-06800-3 [5]www.doi.org/10.1126/sciimmunol.ade2798 [6]www.biontech. com/int/en/home/pipeline-and-products/platforms/our-mrna-platforms.html [7]www.doi.org/10.1016/j.biopha.2021.111953 [8] www.doi.org/10.1111/apm.13294 [9] www.pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/35148837/ [10]www.doi.org/10.1002/prca.202300048 [11]www.doi.org/10.1016/j.fct.2022.113008 [12]www.doi.org/10.31219/osf. io/b9t7m [13]www.pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/8546411/ [14]www.ema.europa.eu/en/documents/rmp-summary/comirnaty-epar-risk-management-plan_en.pdf [15]www.cell.com/action/showPdf?pii=S1525-0016%2817%2930156-9 [16]www.doi.org/10.3390/vaccines10101651 [17]www.doi.org/10.1016/j.isci.2021.103479 [18]www.doi.org/10.3390/vaccines10081316 [19] www.ema.europa.eu/documents/product-information/comirnaty-epar-product-information_en.pdf [20]www.europeanreview.org/article/34685 [21]www.doi.org/10.3390/cimb44030073 [22]www.pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/36778849/ [23]www.anandamide.substack.com/p/ executive-summary-of-the-fda-vrbpac

Det er den mRNA-baserte «vaksine»-teknologien sjølv som er problemet!

Det injiserte, syntetisk modifiserte, mRNA’et (modRNA’et) kaprar cellene våre ved å tvinge dei til å produsere framand(e) protein. Somme vart designa for produksjon (altså S-proteinet til Covid-19- injeksjonane), medan andre ikkje var det. Sistnemnde oppstår via mRNA-fragmentering og translatorisk endring av genetiske leserammer, frameshifting. Produksjonen har ingen av-knapp, og den kan påverke alle organ i kroppen. Som resultat vil immunsystemet vårt øydelegge tidlegare friske celler. To sentrale trekk ved naturleg mRNA blir forvrengde:

For det første: naturleg mRNA har eit celle-spesifikt uttrykk som garanterer justering i sanntid. I motsetning til dette, leverer lipide nanopartiklar modRNA heilt i blinde. 

DNA blir ofte referert til som «livets bok». Det finst utelukkande i cellekjernen (nukleus), unntatt under celledeling. Medan alfabetet vårt består av 29 bokstavar, består DNA av berre 4: A (adenin), T (thymin, som i mRNA er erstatta av U (uridin)), G (guanin), og C (cytosin).

Gjennom prosessen som blir kalla transkripsjon, blir gen som er lokaliserte på DNA’et kopierte til mRNA med dei samsvarande bokstavane. mRNA’et går ut av kjernen, og kan der lesast av ribosom og blir konverterte til protein gjennom prosessen som blir kalla translasjon. DNA kan samanliknast med ei kokebok, mRNA til ei spesifikk oppskrift og proteina til den resulterande kaka.

Celler gjer eit mangfald av ulike oppgåver (tenk på hudceller vs. nevron) og difor treng dei sett av celle-spesifikke protein (kakene). Desse proteinsetta blir konstant justerte i tid og rom, basert på alder og aktivitet, om vi søv, et, trenar, drikk alkohol eller tar medisinar. I dette systemet vil produksjonen av eit framandt protein ikkje berre forbruke ekstra energi, men også forstyrre den finjusterte aktiviteten til cellene våre.

For det andre: naturleg mRNA-produksjon blir underkasta ekstremt presis regulering og har kort levetid. Begge desse eigenskapane garanterer rask tilpasning til endra livskår. I motsetning til dette, er syntetiske modRNA designa for å auke proteinet utan nokon av-knapp. 

Til skilnad frå modRNA, er levetida til naturleg mRNA strengt regulert. Den kan kortast ned av ulike mekanismar, som til dømes:

  1. negativ tilbakemelding (feedback) som reduserer eller stoppar produksjonen av fleire mRNA-trådar. 
  2. regulering v.h.a. mikroRNA som ofte agerer på celle-spesifikk måte. 
  3. RNA-nedbrytande enzym (RNase) som bryt ned mRNA. 

av Mediziner und Wissenschaftler für Gesundheit, Freiheit und Demokratie e.V.,  V.i.S.d.P.MWGFD e.V., Wittgasse 9 · 94032 Passau (Tyskland)

Stykket er henta frå nettstaden til Fritt vaksinevalg 3. mars, 2024, under tittelen God oppsummering av den såkalte «mRNA-vaksinen» (https://frittvaksinevalg.no/kunnskap/covid/god-oppsummering-av-den-sakalte-mrna-vaksinen/)

https://www.mwgfd.org/wp-content/uploads/2024/02/GameOver_mRNA_en_130224-1.pdf

Forsidebilde: Diana Polekhina

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...