Derimot: Musk driver business, ikke politikk. Skrudde av Starlink for å unngå et ukrainske angrep på Krim.

Derimot.no

derimot.no:

Det finnes ulike versjoner av hva som ble snakket om mellom Musk og den russiske ambassadøren før Musk deaktiverte Starlink for de ukrainske militære styrkene. En versjon er at han ble advart av russisk myndigheter og at de ville måtte ødelegge satellittene hans som henger over Russland.

Uansett viser Musk her at han ikke er et redskap for USAs militære myndigheter slik han også viste da han overtok Twitter hvor han også har åpnet kontoen til x-president Trump og sparket svært mange medarbeidere som overvåket ytringene på mediet.

Knut Lindtner
Redaktør

Musk snakka med russisk ambassadør før Starlink-avgjerd

Milliardæren skal ha blitt fortald at eit ukrainsk angrep på Krim ville kunne trigge ein kjernefysisk respons frå Moskva

Elon Reeve Musk er en gründer og forretningsmann. Han vokste opp i Sør-Afrika og er statsborger i USA og Canada. Wikipedia

Elon Musk, SpaceX-CEO, snakka med Russlands ambassadør til USA, Anatoly Antonov, før han tok avgjerda om å skru av sitt Starlink-satellittsamband for internett-tenester på Krim sist september, for å forpurre eit eventuelt ukrainsk angrep på halvøya, skriv Washington Post.

På torsdag publiserte avisa fleire detaljar om korleis Musk kutta Starlink-dekninga for å hindre eit ukrainsk sjødroneangrep på den russiske svartehavsflåten sin base i Sevastopol. Hendinga er skildra i ein biografi om tekno-milliardæren av historikaren Walter Isaacson som er kjem i handel neste veke.

Med Kiev-styrkar på spranget til å starte angrepa sine, snakka Musk med Antonov, som fortalde han at eit angrep på Krim, som vart ein del av Russland etter ei folkrøysting i 2014, «kunne føre til ein nukleær respons» frå Moskva, sa Isaacson i boka si.

«Under seinare samtalar med nokre andre folk skal Musk ha gitt inntrykk av at han hadde snakka direkte med president Vladimir Putin, men til meg sa han at kommunikasjonen hadde gått via ambassadøren,» skreiv historikaren.

Ifølge Isaacson, konkluderte Musk med at «å tillate bruk av Starlink under angrepet … kunne bli ein katastrofe for verda.» Derfor tok han saka i eigne hender og instruerte i løynd ingeniørane sine til å skru av dekninga innanfor ein radius av 100 kilometer rundt kysten til Krim. Resultatet av dette trekket vart at dei seks ukrainske dronane som var lasta med eksplosiv, og som var avhengig av Starlink for navigasjon, «mista sambandet og vart harmlaust skylte i land.»

Musk byrja motta «frenetiske» telefonar frå Kiev så snart ukrainarane innsåg at satellitt-tenesta ikkje fungerte. Dei prøvde å forklare milliardæren at dronane var «avgjerande viktige for fridomskampen deira,» men Musk nekta framleis å skru Starlink på att. Han argumenterte med at Ukraina gjekk «for langt og inviterer til strategisk tap» med å angripe Krim, skreiv Isaacson.

Historikaren hevda og at Musk hadde diskutert situasjonen med Jake Sullivan (US National Security Adviser) og general Mark Milley (Joint Chiefs of Staff), og forklart for dei at han ikkje villet at Starlink skulle bli brukt til offensive føremål.

Musk har gitt ei litt annleis framstilling av hendingane i ei rekke innlegg på X (tidlegare Twitter), der han seier at Starlink aldri var aktiv rundt Krim, og at han heilt enkelt hadde avvist Ukrainas førespørslar om å levere dekning i området. «Viss eg hadde gått med på førespørselen deira, så ville SpaceX eksplisitt ha medverka til ei stor krigshandling og konfliktopptrapping,» argumenterte han.

Mikhail Podoliak, ein seniorrådgjevar for den ukrainske presidenten Vladimir Zelensky, kommenterte opplysningane i Isaacsons bok og sa at Musk si avgjerd var resultat av «ei blanding av uvitenheit og stort ego». Milliardæren «handla vondt» då han let den russiske flåten halde fram med å treffe ukrainske mål med Kalibr-missil, hevda han.

Russlands tidlegare president Dmitry Medvedev, som no er nestleiar for landets Sikkerheitsråd, omtalte Musk som «det siste fornuftige hovudet i Nord-Amerika» fordi han hindra eit angrep på Krim.

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/news/582637-musk-ukraine-starlink-antonov/

Les artikkelen direkte på derimot.no