Derimot: Moon of Alabama: Er det også en polsk rev i hønsegården?
derimot.no:
Henta frå Moon of Alabama. Omsett av og henta frå saksyndig.
Krigen, som er skjult bak USA si skapte Ukraina-krise, er designa for å øydeleggje Europa sin fabrikkeringsfordel samanlikna med den til USA. Den har derimot større sannsyn for å styrke den økonomiske posisjonen til Kina og andre asiatiske økonomiar.
Eg har argumentert for at Tyskland må opne Nord Stream II-røyrleidningen som kan frakte russisk naturgass til Tyskland utan å krysse territoria til andre land. Den må òg late Siemens reparere dei defekte Nord Stream I-kompressorane. Det er faktisk uunngåeleg om Tysklands industri skal kunne overleve.
Andre har kome fram til liknande konklusjon og bestemt seg for å sabotere røyrleidningane for å gjere gjenopninga deira umogleg:
«Tre offshore-linjer til Nord Stream gassleidningssystemet har blitt utsett for «hittil usett» skadeverk på éin dag, sa Nord Stream AG, operatøren til nettverket, på tysdag i det som ein tysk tenestemann har antyda er eit «målretta åtak». Nord Stream II pådrog seg ein gasslekkasje som deretter vart følgt av eit fall i trykket på Nord Stream I.
Selskapet sa òg at det var umogleg å vurdere når gassnettverkssystemet sin arbeidsfunksjon ville vere gjenoppretta.»
Den samstundes inntrefte undervasskaden på tre leidningar er openbert ikkje eit uhell.
«Ein tysk økonomitenesteperson fortalde Tagesspiegel: ‘Vi kan ikkje førestille oss eit scenario der dette ikkje er eit målretta åtak’.
Dei la til: ‘Alt talar mot eit samantreff.’»
Krigshissarane ved britiske Telegraph hevdar utan bevis eller logikk at Russland er den skuldige:
«Russisk sabotasje på gassforsyningar til Europa er frykta etter tre offshore-linjer til Nord Stream røyrleidningssystemet vart utsett for ‘hittil usett’ skadeverk på éin enkelt dag.
Russland har halde tilbake gassforsyningar til Europa sidan dei har som mål å gjengjelde vestlege sanksjonar som er påført dei for den ulovlege invasjonen av Ukraina. Tyske aviser rapporterte at kjelder sa at lekkasjane var eit resultat av eit ‘målretta åtak’.»
Som det vart sagt i gårsdagens stykke, er påstanden om at Russland held tilbake gass frå Europa regelrett uriktig:
«Nord Stream II vart skapt for å gjere Tyskland uavhengig frå røyleidningar som gjekk gjennom Polen og Ukraina. Å blokkere den var det dummaste Tyskland kunne ha gjort, og difor gjorde kanslar Scholz nettopp det.
I dei følgjande månadene blokkerte Polen Yamal-røyrleidningen som òg frakta russisk gass til Tyskland. Ukraina følgde opp med å kutte av to russiske røyrleidningar. Hovudkompressor-stasjonane til Nord Stream I-røyrleidningen, som det tyske selskapet Siemens hadde bygt og har vedlikehaldskontrakten for, feila den eine etter den andre. Sanksjonar forbyr Siemens å reparere dei.
Det er ikkje Russland som har blokkert gassen og oljen sin frå den europeiske marknaden. Det var dei tyske, polske og ukrainske regjeringane som gjorde det.
Russland vil faktisk bli glade over å selje meir. Putin har nyleg igjen tilbydd å frakte so mykje russisk gass som mogleg gjennom Nord Stream II til Tyskland.»
Dersom Russland skulle kutte røyrleidningar i Austersjøen, ville dei skade dei som fraktar norsk gass til Europa, ikkje røyrleidningane som dei eig og som gjev dei forhandlingsmakt.
Russland har altso inga plausibel interesse i å sabotere Nord Stream-systemet. Andre har derimot slike interesser. Dei ønskjer sannsynlegvis at Tyskland «held seg innanfor linja» med krigen deira for å avkolonisere Russland. Dei større potensielle aktørane bak dette er dei amerikanske, britiske, ukrainske og polske regjeringane eller ei blanding av desse.
Geografi, og den låge djupna til Austersjøen ser ut til å utelukke at ein amerikansk eller britisk ubåt utførde skaden. Ukraina har ikkje tilgang til Austersjøen. Polen, som allereie hadde prøvd å unngå eller hindre bygginga av Nord Stream II, er den mest sannsynlege aktøren bak dette, sjølv om eg tviler på at dei ville tore å handle åleine.
Ta til ettertanke dette frå april 2021:
«Dei som har utvikla Nord Stream II-røyrleidningen har anklaga utanlandske marinestyrkar for ‘provoserande’ aktivitet i nærleiken av konstruksjonsarbeidet. Den kontroversielle røyrleidningen er rundt 93% ferdig, og to russiske leidningsleggingsfartøy er stasjonerte og arbeider med prosjektet i danske farvatn.
Andrei Minin, bransjedirektøren i det Gazprom-styrte Nord Stream 2 AG, fortalde TASS at ‘utanlandske orlogsskip og fartøy utviste større aktivitet’ nær operasjonen, og at ‘slike handlingar er provoserande og kan føre til skade på gassleidningen’. Han anklaga òg Polen for å sende eit militært M-28-patruljefly til å undersøkje området.
‘Den polske marinen utfører ikkje provoserande operasjonar, og har utført sine oppgåver i samsvar med internasjonalt lovverk,’ responderte den polske hærens sentralkommando i eit innlegg på sosiale media. ‘M-28B Bryza-fly utfører jamleg patruljeflygingar i Austersjø-området.’
Polen er sterkt imot utviklinga av Nord Stream II, som vil gje Gazprom ei undersjøisk alternativ rute for å forsyne naturgass til vesteuropeiske kundar. På noverande tidspunkt må den gassen gå gjennom leidningsnettverk over jorda i Polen og Ukraina, som gjev verdifulle innteningar for transittgebyr og gjev begge nasjonane – som ikkje alltid har hjartelege relasjonar med Russland – eit energitryggleikstiltak.»
Følgt av denne frå mai 2021:
«Polen har reagert med sinne på president Joe Biden si avgjerd om å fråseie seg amerikanske sanksjonar på Nord Stream II, og åtvarar at trekket kan truge energtryggleiken i Sentral- og Aust-Europa.
‘Informasjonen er definitivt ikkje positiv frå eit tryggleikssynspunkt, sidan vi veit godt at Nord Stream II ikkje berre er eit forretningsprosjekt – det er for det meste eit geopolitisk prosjekt,’ sa Piotr Muller, ein talsmann for den polske regjeringa.»
7. februar sa Biden at han ville ta avgjerda om Nord Stream II opnar:
«Etter at begge leiarane såg ut til å unngå å nemne røyrleidningen, sa Biden, som stod ved sida av den tyske kanslaren, etter gjentekne spørsmål frå reporterane på ein pressekonferanse om ettermiddagen, at Nord Stream II ikkje ville gå vidare dersom Russland invaderer Ukraina, i ei åtvaring til den russiske presidenten Vladimir Putin om potensielle økonomiske konsekvensar.
‘Dersom Russland invaderer, det vil seie stridsvogner eller troppar som kryssar grensa til Ukraina igjen, då vil det vere—vil det ikkje lenger vere ein Nord Stream II,’ sa Biden under pressekonferansen med Scholz, som ikkje gjekk so langt som Biden, men insisterte på at USA og Tyskland framleis er ‘absolutt sameint’.»
27.februar sanksjonerte Biden selskapet som eig røyrleidningen.
Under sin noverande høgreorienterte leiarskap har Polen vore ekstremt fiendtlege overfor Tyskland. Denne månaden fornya dei til og med sitt krav om krigsskadeerstatning frå Tyskland, eit tema som vart avgjort for fleire tiår sidan:
«Polens toppolitikar sa torsdag at regjeringa vil søkje det som tilsvarer 1,3 billionar dollar i krigsstadeerstatning frå Tyskland for nazistane sin invasjon og okkupasjon av landet under Andre verdskrigen.
Jaroslaw Kaczynski, leiar av Lov og rettferd-partiet, annonserte det enorme kravet under offentleggjeringa av ein lenge venta rapport om kostnaden til landet under åra med Nazi-Tyskland-okkupasjon, sidan det markerer 83 år sidan byrjinga på Andre verdskrig.
Tysklands utanriksministerium sa torsdag at regjeringa sin posisjon er ‘uendra’ i at ‘spørsmålet om erstatning er konkludert’.
‘Polen, for lenge sidan, i 1953, sa frå seg vidare erstatningar og har gjentekne gonger bekrefta denne fråseiinga,’ sa ministeriet i eit e-postsvar til ei presse-spørjeundersøking om den nye polske rapporten.»
Det er på høg tid at den tyske regjeringa vaknar opp og erkjenner at ein krig har blitt starta mot landet.
Og nei. Det er ikkje Russland som fører den.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1