Derimot: Meningsmåling fra Israel: Bare en tredjedel respekterer folkeretten.

Derimot.no

derimot.no:

Ein studie i israelsk folkeopinion

VOLTAIRE NETWORK | 31 JANUAR 2024

Universitetet i Tel Aviv utførte ein stor studie om den israelske folkeopinionen i perioden 8. til 15. januar 2024. Funna overraska.

Utanfor Israel kan ein ikkje fullt ut forstå korleis den israelske befolkninga opplevde 7. oktober-angrepet, eller korleis tenkinga deira har utvikla seg etterpå. Jødiske israelarar var overbeviste om at landet deira var ein uinntakeleg heilagdom som gav dei absolutt tryggleik. I kraft av å vere til, verna Staten Israel dei mot eit nytt «shoah». Då denne trua vart smadra den 7. oktober, trigga det ein uutsletteleg panikk i dei.

Dei vende seg då til regjeringa for tryggleik, men den greidde ikkje å samle dei bak ei nasjonal samlingsregjering. Etter mykje nøling vart det sett opp eit krigskabinett som heller enn å fremje einskap, sådde fullstendig usemje, med ministrar som fornærma kvarandre og slamra med dørene. Impotensen til dei israelske leiarane skein igjennom. Sionist-myten rakna. Panikken til det israelske folket forvandla seg til ein frenetisk blodtørst.

Det primitive behovet for hevn sitter rotfestet i mange.

Til å byrje med fordømde israelarane valdsspiralen og bad om atterhald, i den grad at Benyamin Netanyahus koalisjon nølte med å sende bakkestyrkar inn i Gaza.

I dag meiner 88% av jødiske israelarar at dei 25 000 palestinske sivile tapa er rettferdig, medan halvparten av dei arabiske israelarane reagerer humant og sørger over dødsfalla på begge sider.

I sin blindskap er jødiske israelarar splitta etter sine tidlegare overbevisningar. Dei som føler at dei tilhøyrer eit overlegent folk, og som støtta Benajmin Netanyahu sin koalisjon, vil meir enn noko utrydde Hamas, medan dei som ønska å leve i fred med sine naboar og var imot koalisjonen, ber om at gislane skal sleppast fri.

Når det gjeld kva som skal skje etter krigen, trur 61% av dei som støttar Netanyahus koalisjon at det ikkje vil bli nokon ekte fred i Gaza, så 90% av dei krev at kontrollen over Gaza skal forbli på Israels hender. Dei som opponerer mot Netanyahus koalisjon, føretrekker å sjå Gaza under internasjonal kontroll. Medan halvparten av dei arabiske israelarane trur fred er mogleg, vil berre 9 prosent av dei jødiske israelarane det.

Når det gjeld nye israelske busettingar på palestinsk territorium i Gaza, applauderer 79% av israelske koalisjonsstøttespelarar det, medan 74% av opposisjonen avviser det.

Vi kan derfor konkludere med at berre ein tredjedel av den israelske befolkninga respekterer Folkeretten.

Kjelde :  Voltaire, international newsletter, n°72.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

https://www.voltairenet.org/article220365.html

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar