Derimot: Mediene mangler historiske kunnskaper. Når en i Europa ikke forstår det som skjer i USA. – Derimot
derimot.no:
Feiltolking av utviklinga i USA (del 1 av 2)
av Thierry Meyssan
Vi ser at ankomsten til Donald Trump im Det kvite hus fullstendig har endra dei internasjonale spelereglane. Men vi tolkar ofte utspela hans feil: vi kjenner ikkje skikkane og vanane i hans land, og projiserer våre eigne politiske debattar over på han. Det at vi dei siste åra meir eller mindre har halde fast ved ideologien som rår i Washington, gjer oss desto meir forvirra. Vi har tatt det for amerikansk doxa, sjølv om det berre var ein augeblink i historia deira og vi har oversett deira talrike tankeretningar.

Det at Donald Trump har entra Det kvite hus, stokkar om på alle dei ideologiske, geopolitiske, økonomiske og militære korta. For første gong på nesten to hundre år er det atter ein Jacksonianar ved makta i USA. Vi hadde gløymd denne tenkemåten (unntatt i western-filmar), og greier ikkje lenger å føresjå den. Trump har allereie hatt makta i fire år, men under den perioden vart han stort sett hindra av sine Republikanske allierte i å gjennomføre politikken sin, samtidig som den Demokratiske pressa forsikra oss om at han var gal eller fascist.
Merkeleg nok informerer dei influensarane i sosiale nettverk som støttar synspunkta hans berre om hans ideologiske kamp mot wokisme, aldri om oppfatninga hans av internasjonale relasjonar, og endå mindre om dei politiske ambisjonane hans. Dette blir desto rarare med tanke på at Donald Trumps team sidan valet 5. november aktivt har kontakta mange influensarar i Den europeiske unionen (EU) og Storbritannia, og byrja betale dei raust.
Det finst mange måtar å sjå på denne motsetninga på. Enten prøver Donald Trump å villeie europearane om sine sanne intensjonar, eller så meiner han at dei berre kan fatte eitt prosjekt om gongen. Vi, for vår del, skal halde fram arbeidet med å skildre dei ulike aspekta ved karakteren utan å gløyme nokon.
Kampen mot woke-ideologi
Wokisme blir generelt framstilt som ein reaksjon på slaveri og rasesegregering. Europeiske settlarar som no er klare over dei skrekkelege tinga dei hadde gjort, ville no prøve å rehabilitere seg sjølve.
Dét er ikkje mi meining i det heile tatt. I mine auge har wokismen ingenting å gjere med desse brotsverka. Sett frå eit antropologisk perspektiv, lyt vi innsjå at identiske fenomen eksisterer i alle dei store religionane. I kristendommen vart det personifisert av Origenes, kyrkjefaderen frå det tredje hundreåret som kastrerte seg sjølv for å unngå å synde, eller i nyare tid av Jean Calvin, vidkjend for å ha brukt same metodar som den spanske inkvisisjonen i den teokratiske republikken Genève.
USA vaks ut av den puritanske kolonien Plymouth (New England, Massachusetts, nærare bestemt). Dei var puritanarar, dvs. Calvinistar. Lord Protector, Oliver Cromwell, hadde sendt dei som misjonærar, ikkje så mykje for å omvende indianarar som europearane under den svært katolske spanske-kongen. I koloniane deira måtte kvinner gå med slør, og bøn var obligatorisk. Homoseksualitet vart straffa med pisking osv. Desse fanatikarane er kjende som «Pilegrimsfedrane» (som ikkje må forvekslast med «Grunnleggingsfedrane», som er juristar). Dei blir feira kvart år på den nasjonale heilagdagen Thanksgiving. Det var dei som importerte ideen om at politikken skullen vere «rein», og at statuar av kjettarar skulle øydeleggast.
Sidan 2014 har uttrykket «woke» («oppvakna») blitt brukt om folk som er medvitne om dei sosiale konsekvensane av slaveri og rasediskriminering, eller om den konvergerte kampen om seksuell orientering og kjønnsproblematikk. Denne rørsla strebar etter «reinheit», i religiøs forstand, og har forplikta seg til «utprøvd praksis» for å bekjempe rasediskriminering, enten den er open eller «systemisk». I praksis pressar dei på for «positiv diskriminering» (affirmative action, kvotering) til fordel for alle minoritetar.
Det er ei openlys kjensgjerning at slaveriet eksisterte i USA, og at det framleis påverkar dagens tilhøve. Men det er tvilsamt om det å øydelegge ting som minner oss på den æraen kan løyse vår tids problem, og det er endå meir tvilsamt at det å favorisere svarte kandidatar vil gjere det mogleg for dei å frigjere seg frå kåra til forfedrane. Alle oppfattar instinktivt at remedia er verre enn problema dei er tenkt å fikse. Det var i det minste det som woke innbyggarar i Los Angeles tenkte då heimane deira gjekk opp i flammar. Dei reflekterte over ineffektiviteten til brannfolka som var tilsette på grunnlag av positiv diskriminering heller enn kompetanse. Denne rørsla har mista popularitet i USA dei siste åra, noko uttrykket «get woke, go broke!» («vakn opp, bli blakk!») demonstrerer.
Wokisme er ei moderne tilpasning av Puritanismen til «Pilegrimsfedrane». Men USA er eit samansett land der mange kulturar har blanda seg ihop.
Ein må innrømme at på same måte som Det republikanske partiet har blitt absorbert av Trumpistane og blitt Jacksonianarar, så har Det demokratiske partiet blitt absorbert av Obama og Biden og blitt woke. Dette har ført til mange misforståingar, ettersom heile Washington hadde gitt opp si tradisjonelle åtferd, som dei no returnerer til.
Under president-valkampen retta to unge influensarar kraftig kritikk mot wokismen. Den svarte journalisten Candace Owens (som no angrip Macron-paret [1]) kalla Black Lives Matter for «ei gruppe grinete barn som let som dei er undertrykte for å få merksemd». Den homofile Milo Yiannopoulos (gift med ein annan mann) har skapt seg eit namn med parolar om lesbisk feminisme og LGTBQIA+. Desse to influensarane har fått mange svarte og skeive til å ikkje røyste for Det demokratiske partiet, slik foreldra deira gjorde, men i staden for Donald Trump.
Allereie under insettingstalen sin kunngjorde Donald Trump at det var slutt på kvoteringspolitikken, og han slo fast at frå no av skulle dei føderale styresmaktene berre anerkjenne to kjøn. Dette er spektakulært, men det kjem på ei tid då det store fleirtalet av amerikanske velgarar allereie er overtydde [2].
Amerikansk eksepsjonalisme
Donald Trump kjempar for «American exceptionalism» [3];ein doktrine som hevdar at USA er «lyset på åsen», som Gud vil skal lyse opp verda.

Denne doktrinen, som også kjem direkte frå pilegrimsfedrane, hevdar at reisa deira kunne samanliknast meden til oldtidas hebrearar. Dei kom som eit «utvald folk» fordi dei flykta frå farao (det britiske monarkiet som nett hadde blitt styrta av Lord Cromwell), kryssa Raudehavet (Atlanterhavet) og oppdaga eit lova land (Nord-Amerika). Alle dei 47 presidentane av USA, utan unntak, har gjort krav på denne mytologien. Den er grunnlaget for avvisinga deira av prinsippet om internasjonal lovgivning (Folkeretten) og støtta deira til Staten Israel.
Utifrå USAs perspektiv (dette har ingenting å gjere med Donald Trump), vil Washington aldri godta at nokon skal stille dei til ansvar, aller minst Dei sameinte nasjonane (FN) eller organa deira. Rett nok resirkulerte dei mange kriminelle nazistar under Den kalde krigen, og rett nok massakrerte dei koreanarar, vietnamesarar, afghanarar, irakarar, ibyarar, palestinarar, syrarar og så bortetter, men ingen av presidentane deira må settast på tiltalebenken framfor eit internasjonalt tribunal.
I ein artikkel som New York Times publiserte i 2013, understreka Russlands president Vladimir Putin at «det er ekstremt farleg å oppmuntre folk til å sjå på seg sjølve som eksepsjonelle, same kva motivasjonen er» [4]. Denne doktrinen induserer faktisk ein skilnad og eit hierarki mellom menneske, som når vi brukar det teologiske uttrykket «utvald folk» på ein politisk realitet.
Gjennom heile si historie har Washington aldri gått med på å bli stilt til ansvar av utlendingar. Vi tilskriv feilaktig visse av dei nylege avgjerdene deira til gjengse ideologiar, når dei eigentleg ville ha blitt tatt uansett. Til dømes trur vi feilaktig at Donald Trump har trekt seg frå Paris-avtalane om bekjemping av global oppvarming fordi han meiner dei er dumme. Rett nok trur han ikkje at Klimapanelet (IPCC) er eit vitskapeleg akademi. Men USA kunne uansett ikkje gå med på å signere avtalar som utsette dei for andres dom. Obama og Biden tok eit standpunkt mot landets tradisjon av ideologiske omsyn, medan Trump tok eit standpunkt på linje med hans eigen tradisjon, som også tilfeldigvis korresponderer med hans eigen ideologi.
Den Vestlege versjonen av fridom
Då USA vart grunnlagd i 1776, 13 år før den franske revolusjonen, var grunnleggingsfedrane usamde om omgrepa fridom og menneskerettar. Til skilnad frå dei franske Voltaire-tilhengarane, tenkte dei ikkje på desse spørsmåla både frå eit individuelt og eit kollektivt synspunkt. For dei innebar fridom heilt enkelt at ein skulle kunne gjere som ein ville innanfor heimens fire veggar. Det er derfor dei til dømes er allergiske mot obligatorisk sosialforsikring.
Denne tenkemåten er ikkje utan ulemper. Til dømes står oppfatninga deira av «menneskerettar» i diametral motsetning til det franske konseptet «droits de l’homme et du citoyen» (menneske- og borgarrettar). Frå eit angelsaksisk perspektiv (som refererer til den britiske tradisjonen), handlar det berre om å vere beskytta mot statens vilje. Utifrå perspektivet til dei franske revolusjonære derimot, handlar det mindre om å ikkje bli torturert på ein politistasjon, og meir om å delta i utforminga av lover.[5].
Debatten om ytringsfridom blir forvrengd av overlappande tolkningar. Biden-administrasjonen meinte at den, utifrå eit woke-synspunkt, hadde ansvar for å informere folk om farane ved COVID og redde dei frå sjukdommen. Av den grunn bannlyste dei all vitskapeleg debatt og sensurerte alle avvikande synspunkt. I tradisjonen til «grunnleggingsfedrane» hadde den føderale regjeringa ikkje noko med å blande seg inn i utvekslinga som føregjekk i sosiale nettverk. Ifølge Voltaire-tradisjonen hadde staten rett til å ikkje forby noko, men til å få domstolar til å forby meldingar som villeidde internett-brukarar og skada helsa deira (i dette tilfellet var det meldingane om den universelle, obligatoriske plikta til innkjøp av visse legemiddel som skulle ha vore i målsiktet).
(Del 2 kjem seinare.)
Omsett av
Monica Sortland
[1] “After the United Kingdom, Germany and Denmark, the Trump team prepares an operation for France”, Translation Gregor Fröhlich, Voltaire Network, 18 January 2025.
[2] Donald Trump prøvde ikkje nekte for at nokre få, sjeldne medlemmar av menneskeslekta verken har kromosomkarakteristikken til menn eller kvinner. Han angreip det faktum at den føderale staten hadde tvinga samfunnet til å organisere seg som om desse tilfella var reglen, og ikkje unntaket.
[3] Les det som vart sagt på konferansen som vart organisert av Carr Center for Human Rights Policy: American Exceptionalism and Human Rights, Michael Ignatieff, Princeton University Press (2005).
[4] “A Plea for Caution From Russia”, by Vladimir Putin , New York Times (United States) , Voltaire Network, 12 September 2013.
[5]Briten Thomas Paine, som starta den amerikanske uavhengigheitskrigen, vart vald til representant for Pas-de-Calais til den franske nasjonalkongressen i 1792. Han nekta å røyste for å avrette kongen, for – som han sa – å gjere éin mann ansvarleg for all urett ville sette stopp for prosessen med å transformere samfunnet. Han skreiv ei bok om dei to motstridande oppfatningane av omgrepet Menneskerettar. Det var den boka som vart mest lesen under Den franske revolusjonen.
Forsidebilde: Innskipning av pilegrimene, maleri av Robert Walter Weir (1857), Brooklyn Museum i New York City.