Derimot: Mange tidligere ledende israelere advarer.Dette bærer utfor stupet. – Derimot

derimot.no:

Tar Israel nasjonalt sjølvmord?

av Larry Johnson , 25 August 2024

X-CIA-rådgiver

Krigen som rasar mellom Hizbollah og Israel intensiverast og ser ikkje ut til å ville avta i vekene som kjem. Laurdag og sundag bomba Israel sør i Libanon, og Hizbollah gjorde raskt gjengjeld med ein sperreeld av rakettar og dronar. Israel brukte eit stort tal Iron Dome-missil i forsøket på å skjerme seg mot Hizbollah-angrepet. Dei missila kan ikkje lett erstattast, og det er uklart om Israel har produksjonskapasitet til å erstatte dei på kort sikt.

Hizbollah hevdar at dei ikkje brukte noko av sine meir avanserte våpen, som inkluderer strategiske og presisjons ballistiske missil. Hizbollahs leiar, Sayyed Hassan Nasrallah, skildra Hizbollah-angrepet slik:

«

I dagens operasjon skaut vi for første gong ut ein drone frå Bekaa-regionen, og trass i den lange distansen, kryssa den inn på okkupert palestinsk territorium. Alle dronane skotne ut frå Bekaa kryssa den libanesisk/palestinske grensa trygt mot dei spesifiserte måla.

Ingen utskytingsplattform vart råka før operasjonen, og ingen droneutskytningsstadar vart skadde verken før eller etter operasjonen.

Dei spesifikke militære måla var den militære etterretningsbasen Aman og Unit 8200 i ‘Glilot’, og andre mål var luftvernbasen i ‘Ein Shemer’.

Våre data stadfester at eit betydeleg tal dronar nådde måla, men fienden skjuler fakta (på Telegram:https://t.me/Cultures_of_Resistance/33939). Dei komande dagane og nettene vil likevel avsløre sanninga om kva som skjedde der.

Vi identifiserte eit sett mål nær ‘Tel Aviv’ som stettar krava våre, inkludert ‘Glilot’-basen, som er ein sentral base for ‘israelsk’ etterretning og husar Unit 8200.

Kort sagt starta Hizbollah eit målretta angrep på ein sensitiv israelsk militærbase. Tenk på Glilot som den israelske versjonen av USAs NSA, US National Security Agency.

Itzhak Barik

I mellomtida blir Israels politiske situasjon på heimefronten stadig meir anstrengd. Den syttisju år gamle pensjonerte israelske generalen Itzhak Bariks artikkel i Haaretz nyleg, er berre eitt av mange åtvarande teikn på at den israelske einskapen er i ferd med å bli tynnsliten. General Barik kjempa som kompanikommandant i Yom Kippur-krigen, og han har i det siste vore ein frimodig kritikar av den noverande sionist-regjeringa. General Barik skreiv:

Eg går utifrå at forsvarsminister Gallant allereie innser at krigen har mista sin hensikt. Israel søkk djupare ned i Gaza-gjørma, mistar fleire og fleire soldatar ettersom dei blir drepne eller skadde, utan nokon sjanse for å oppnå krigens hovudmål: å jekke ned Hamas.

Landet galopperer verkeleg mot kanten av stupet. Viss utmattingskrigen mot Hamas og Hizbollah held fram, vil Israel kollapse før det har gått eit år. . . .

Netanyahu bestemde seg for å «døy med filistrane» – i dette tilfellet innbyggarane av Israel – berre for å bevare makta si.

Han har mista menneskelegheita si, grunnleggande moral, normar, verdiar og ansvarskjensla for Israels sikkerheit. Berre med å erstatte han og kumpanane hans kan ein redde landet. Israel har gått inn i ein eksistensiell panikk og kan snart kome til eit punkt der dei ikkje lenger kan vende om.

Det er ikkje berre ein pensjonert, gammal narr som fyrer av fornærmingar mot sionistregjeringa i Tel Aviv. Sjefen for Israels Shin Bet (ein slags FBI med ein snert av CIA) har gått kraftig ut og pådradd seg vreiden til Ben Gvir og Smotrich.

Israels Shin Bet-sjef Ronen Bar sa i eit brev til Netanyahu, Gallant og andre ministrar, som vart publisert på Kanal 12, at «jødisk terror» frå settlarane på Vestbanken og Ben Gvir sine fiendtlege innfall mot Al-Aqsa-moskéen gjer «ubeskriveleg skade på Israel.»

I svaret sitt på åtvaringane hans om settler-terror på Vestbanken, skal Ben Gvir ha kravd bortvising av Ronen Bar, og han trekte seg frå ministermøtet, ifølge radiostasjonen til den israelske arméen.

Når sjefen for Israels interne sikkerheitsteneste snakkar ope ut mot poitikken som sionistane fører no i krigstid, er det eit klart teikn på at Israel er i trøbbel. Og Ronen Bar er ikkje aleine. Sjefen for Mossad og IDFs øvste pressetalsmann – kontreadmiral Daniel Hagari – har og stanga ihop med Netanyahu. Hagari skapte rabalder for eit par veker sidan med denne offentlege ytringa:

«Hamas er ein ide. Alle som trur vi kan eliminere Hamas tar feil,» sa Hagari i eit intervju med den israelske kringkastaren Kanal 13. «Politikarane lyt finne eit alternativ – elles vil dei bli verande,» sa han, og refererte til Hamas.

Den evig skarpe Alastair Crooke åtvara om knipa til Israel i ein må-lese-artikkel publisert for tre veker sidan:

Moshe “Bogie” Ya’alon, tidlegare stabssjef for IDF, som også har tent som Israels forsvarsminister, hadde dette å seie i eit video-intervju om kreftene som tar over i Israel:

«Når det gjeld Smotrich og Ben Gvir: Dei har ein rabbi. Han heiter Dov Lior. Han er rabbien til Den jødiske undergrunnen, som ville sprenge Klippedomen – og, før det, bussar i Jerusalem. Korfor? For å framskunde «Den siste krigen». Kan du [ikkje] høyre dei snakke om Den siste krigen; eller om Smotrichs oppfatning av ‘undertvinging’? Les denne artikkelen som han publiserte i Shiloh i 2017. Først og fremst kviler denne oppfatninga på jødisk supremati: Mein Kampf i revers».

«Håra mine står rett opp når eg seier det – som han sa det. Eg lærde og vaks opp i huset til Holocaust-overlevande og ‘aldri meir’. Det er Mein Kampf i reverse: jødisk supremati; og derfor seier [Smotrich]: «Kona mi vil ikkje gå inn i eit rom med ein arabar.» Det er forankra i ideologi. Og det han eigentleg vil – så snart som mogleg – er å starte ein storkrig. Ein Gog og Magogs krig. Korleis tenner ein elden? Ein massakre som Patriarkanes grotte [1994]? Baruch Goldstein er ein elev av denne rabbien. Ben Gvir har hengd opp Goldsteins bilde [i huset sitt]».

This «Dette er det som går inn i avgjerdstakingsprosessen i den israelske regjeringa».

Rabbi Dov Lior har av Netanyahu blitt skildra som «elite-eininga som leier

 Israel», på grunn av innverknaden og kontrollen han har over settler-styrkane. Irgun av 1948, skodd på Mizrahim, gjenfødd?

Det rasar ein generasjonskrig i Israel, der baby-boomer-generasjonen som vann Yom Kippur-krigen blir sett oppimot dei yngre oppkomlingane som aldri har vunne nokon krig. Høyrest det kjent ut? Eg er einig med general Barik; den noverande sionisthopen er kjenslemessig knytt til ein politikk for nasjonalt sjølvmord. Det Israel som slike som Leon Uris såg føre seg, er døyande. Det einaste spørsmålet er kor mange andre som vil døy saman med dei.

Omsett av Monica Sortland

For korrekt og interessante kommentarar (på engelsk): https://sonar21.com/is-israel-committing-national-suicide/

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...