Derimot: Månelandingen enda en gang. Var det en gigantisk PR-kampanje? – Derimot
derimot.no:
Vi har hentet dette innlegget fra Saksyndig fordi det tar opp et tema som sjelden diskuteres, til tross for at den teknologiske utviklingen gjør det stadig mer aktuelt. Hvis USA klarte å lande på månen i 1969 – hvorfor klarer de det ikke i dag? Hvor er dagens bilder fra landingsstedet? Utstyret skal fortsatt stå der, synlig og intakt.
Vi har tidligere stilt spørsmål ved den såkalte månelandingen, som i økende grad fremstår som en gigantisk PR-kampanje – altså dermed en bløff. For oss er spørsmålet om sannhet og løgn av avgjørende betydning. Løgnen springer alltid ut av ønsket om ufortjente fordeler, mens sannheten er den mest revolusjonerende kraften som finnes. Uten sannhet blir alt vi foretar oss usikkert – og i verste fall farlig.
Knut Lindtner
Redaktør
Bart Sibrel til Mike Adams: Månelandinga var ein BLØFF!
Sjå òg «NASA slepper ei bombe av ei anna verd: Innrømmer (visstnok) at månelandingane var forfalska», publisert 29.mars 2023.
Det er i våre dagar gode grunnar til å stille spørsmål ved dei offisielle narrativa, sidan dei ofte viser seg å vere falske eller i beste fall einsidig vinkla. Dette gjeld alt frå covid-19-«pandemien» til Ukraina-krigen, til Andre verdskrig, 11.september, 22.juli-terroren og no sist krigen mellom Israel og Iran. Dei ikoniske månelandingane i 1969 er sannsynlegvis iscenesette, sidan teknologien NASA hadde på 1960-talet ikkje var avansert nok til å frakte menneske trygt til Månen og tilbake. Dette meiner blant andre Bart Sibrel. I tillegg kjem vitnesbyrd frå folk som jobba på prosjektet om at Apollo 11-opptaka eigentleg vart spelt inn på ein flybase året før. Naturleg nok slår slike påstandar sprekkar i det offisielle narrativet, og den rådande makta har visstnok likvidert varslarar berre for å halde den store løgna i live.
Sjå òg «NASA-insider tilstår på dødsleiet: ‘Eg hjelpte til med å filme den falske månelandinga i 1969’», publisert 17.september 2022.
Om månelandingane viser seg å vere oppdikta, kvifor skulle NASA og den amerikanske regjeringa lyge om det? Truleg for å redde ansikt. Romkappløpet var fyrst og fremst eit politisk kappløp; den frie Vesten, representert av USA og astronautar, skulle vinne mot Sovjet-regimet og kosmonautane for ein kvar pris, om det so gjaldt å iscenesetje heile greia. Det sovjetiske maktapparatet fatta nok mistanke om at noko ikkje stemte, og i ettertid kan både dei og kinesarane ha brukt dette som politisk pressmiddel mot USA. Ei full avsløring vil i so fall vesentleg svekkje truverda til USA, og dermed endre den politiske dynamikken i verda.
Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I eit fascinerande intervju på Health Ranger Report, hadde Mike Adams [eigar av Natural News, òg kalla the Health Ranger («helse-patruljemedlemmen»); oms.an.] ein djup samtale med Bart Sibrel, ein anerkjent forskar og filmskapar. Gjesten til Adams har brukt fleire år på å avsløre det han påstår er eit av dei største bedraga i det 20. hundreåret: Den iscenesette Apollo-månelandinga.
Deira tankeprovoserande diskusjon dukka ned i bevismaterialet til Sibrel, implikasjonane til slikt eit fundamentalt bedrageri og grunnane til at andre nasjonar er stille om det. Det byrja med at Adams erkjende den veksande skepsisen mot offisielle narrativ, spesielt i kjølvatnet av Wuhan-koronavirus (covid-19)-pandemien. Han sette fokus på den aukande viljen folket har til å stille spørsmål ved historiske hendingar, og gjorde med dette scena klar for Sibrel sine påstandar om månelandinga.

Sibrel gjorde det tydeleg at skepsisen hans ikkje handlar om eksistensen til romutforsking eller forma på Jorda, men spesifikt om dei bemanna måneferdene. Den prislønte filmskaparen og forfattaren argumenterte at strålingsfaren til Van Allen-belta, som ingeniørar ved National Aeronautics and Space Administration (NASA) har vedgått er dødeleg for menneske, gjer at det er umogleg at astronautar kan ha overlevd reisa med 1960-talsteknologi.
Sibrel presenterte eit mangesidig argument som hadde sitt grunnlag i fotografisk evidens, historiske inkonsekvensar og nylege framsteg innan KI-teknologi. Gravejournalisten peikte på kor absurd det var at astronautar spelte golf på Månen, ein påstand han støttar med videoopptak som viser at astronautane bevegar seg tilsynelatande utan vanskar i eit miljø med låg tyngdekraft. […]
Eit av dei mest overtydande bevisa som Sibrel sette søkjelyset på, er videoen av Apollo 17 som lettar. Han stilte spørsmål ved tilstadeveringa av ein kameramann på Månen, med tanke på korleis opptaka zoomar og følgjer rørsler. Sibrel argumenterte at forseinkinga i kommunikasjon mellom Jorda og Månen ville ha gjort slikt presist kameraarbeid umogleg.
For å vidare styrke saka hans, sa Sibrel at Google sitt Neural Network, eit sofistikert KI-system, vart brukt til å analysere bilete frå Apollo-oppdraga og kinesiske månesondar. KI-en, som har eit perfekt rulleblad når det gjeld å fange opp deep fakes [KI-genererte eller manipulerte bilete eller videoar som ofte er so godt laga at det er vanskeleg å sjå at dei ikkje er ekte, oms.an.], identifiserte Apollo-bileta som falske, medan den bekrefta at dei kinesiske bileta var ekte.
Øydelegginga av bevis og ‘dødsleie-tilståinga’
Sibrel adresserte òg den bevisste øydelegginga av det originale opptaksmaterialet og teknologien til Apollo-oppdraga. Han viste til at NASA innrømte at originalopptaka hadde gått tapt eller blitt spelte over, eit faktum som han trur er bevis på ei tilsløring. Forfattaren av boka Moon Man spurde: Dersom amerikanske astronautar verkeleg reiste til Månen, kvifor skulle NASA ha øydelagt sjølve teknologien som gjorde det mogleg?
‘Om du utførde eit bedrageri, ville du øydeleggje alt. So, det faktum at dei øydela alt, er bevis på bedrageriet,’ slo Sibrel fast. ‘Dei øydela det med vilje for å skjule beviset på bedrageriet.’
Intervjuet tok ei dramatisk vending då Sibrel nemnde ei ‘dødsleie-tilståing’. Han skildra ein video der ein tidlegare luftforsvarsoffiser på sitt dødsleie tilstod at han var vitne til innspelinga av Apollo 11-månelandinga på Cannon Air Force Base eit år før den påståtte hendinga. Offiseren hevda at han var involvert i tilsløringa og avslørte at kollegaen hans vart myrda for å beskytte hemmelegheita.
Adams og Sibrel utforska òg grunnane bak det at andre nasjonar er stille om det, spesielt Russland og Kina. Sibrel antyda at desse landa kan bruke kjennskapen om bedrageriet som pressmiddel mot USA, og at dei utpressar NASA for å få romteknologi og andre fordelar.
Sibrel spekulerte òg rundt potensialet for ein ‘avsløringsfest’ der sanninga om månelandinga, saman med andre historiske hendingar slik som attentatet på John F. Kennedy og 11.september, kan bli avslørt som del av ein større strategi for å omforme global maktdynamikk.
Sanninga hastar og framtida til menneskeheita
Samtalen konkluderte at ein må handle. Sibrel la vekt på kor viktig det er å avdekkje sanninga, ikkje berre på grunn av historisk sannferdigheit, men for sjølve framtida til menneskeheita. Han argumenterte at avsløringa av slikt eit massivt bedrag kan vere ein utløysar for endring, og føre til ei reevaluering av tilliten til staten og behovet for gjennomsiktigheit.
Adams sa seg einig i denne ideen, og sette søkjelyset på den psykologiske krigføringa som er ført av regjeringar for å undertrykkje kritisk tenking. Han lovpriste Sibrel for motet sitt når det gjeld å stille spørsmål ved rådande status, og oppmuntra sjåarar til å tilnærme seg bevismaterialet med eit ope sinn.
Intervjuet er ei gripande utforsking av eit av dei mest kontroversielle temaa i moderne historie. Bevismaterialet til Sibrel, medan det er kontroversielt, utfordrar sjåarar til å revurdere trua si på ei av dei mest feira bragdene til menneskeheita. Om ein er einig med konklusjonane til Sibrel eller ikkje, tener intervjuet som ei kraftig påminning om kor viktig det er å stille spørsmålsteikn ved autoritet og søkje sanninga.
I ei verd der tillit til institusjonar er på veg nedover, tener arbeidet til Sibrel som ei påminning om kor mektig skepsis og jakta på sanninga er. Som han passande seier: ‘Vi kan ikkje gå framover som ein nasjon eller eit folk på Jorda før vi veit at vår største bragd var forfalska.’»
Forsidebilde: KI-generert