Derimot: Må vestlig idealisme lage en enda større ruinhaug? Når vil den politiske realismen vinne frem? – Derimot

derimot.no:

Den store illusjonen:

Ein tryggleikspolitisk orden?

Av Hans Olav Brendberg

Sommaren 1944 arbeidde tre menn med same problem: Korleis skulle verda organiserast når Tyskland tapte den pågåande krigen? Korleis skulle ein laga ein etterkrigsorden som var realistisk og fleksibel nok til å hindra ein ny katastrofe?

I Moskva hadde Maksim Litvinov vorte utnemnt til leiar for arbeidet med ein etterkrigsorden, men hadde berre fått svært vage retningsliner frå Stalin. I London skreiv Edward Haller Carr leiarartiklar i «The Times» om kva retning stormaktspolitikken burde ta etter krigen. Og i Washington freista ein av USAs mest leste spaltistar, Walter Lippmann, å ta tak i dei same problema i sine «Today and tomorrow»-artiklar.

Dei tre hadde nokså ulik bakgrunn. Litvinov hadde bakgrunn frå ein jødisk handelsfamilie i det gamle tsar-Russland, men hadde meldt seg inn i det sosialdemokratiske partiet rett etter hundreårsskiftet. Ved partikløyvinga følgde han bolsjevikane. Etter å ha blitt arrestert av styresmaktene rømte han – først til Sveits, og deretter til London. Han var i London då revolusjonen i heimlandet kom – og vart den nye statens uoffisielle representant i London. Etter dei dramatiske revolusjonsåra vende han heim, og hjalp Tsjitsjerin å byggja opp ei ny utanriksteneste. Som kommissar for utenrikssaker frå 1930 førde han ein vestvendt politikk som mellom anna førde til at USA anerkjente Sovjetunionen og oppretta ambassade i Moskva. Litvinov vart sett til side som utanriksminister rett før Molotov-Ribbentropavtalen, og vart ambassadør i Washington. Sommaren 1944 var han tilbake i Moskva, klar for nye oppgåver.

Maksim Litvinov

H. Carr hadde etter studia i Oxford byrja å arbeida i britisk utanriksteneste i 1916. Han hamna i «Nord»-avdelinga, og fekk difor ei rolle i politikken andsynes Russland under revolusjonen. Han støtta statsminister Lloyd George sin opposisjon mot Churchills intervensjonspolitikk – og var rundt 1919 sikker på at bolsjevikane kom til å halda på makta i Moskva. I mellomkrigstida gav han ut bøker om russiske intellektuelle som Dostojevsky og Herzen, og i 1936 vart han utnemnt til professor i internasjonal politikk ved det walisiske universitetet i Aberystwyth. Eit par år etter gav han ut «The twenty years crisis» – ei av dei grunnleggjande bøkene i den realistiske skulen i akademisk litteratur om internasjonal politikk. Under krigen vart han leiarskribent i «The Times», med utanrikspolitikk som spesiale.

Walter Lippmann hadde vore politisk vidunderbarn allereide som student ved Harvard, då han ein kort periode var innom det amerikanske sosialistpartiet. Under første verdskrig hadde han vore ein del av redaksjonen i «The New Republic», som fungerte som sendestasjon for politiske prøveballongar. Det var Lippmann som på denne tida mynta ut omgrepet «the Atlantic Community». Lippmann var i slutten av tjueåra då han var med og førebudde president Wilsons «14 punkt». I mellomkrigstida var han ein av dei sentrale, politiske kommentatorane i amerikansk presse, og skreiv fleire grunnleggjande bøker om pressa si rolle som framleis blir mykje lese. Frå 1939 var han ein av strategane bak USAs veg mot aktiv krigsdeltaking, og under krigen skreiv han klassikeren «US foreign policy – Shield of the Republic».

Sommaren 1944 sat desse tre og tumla med same problem:
Korleis unngå at sigeren i andre verdskrig vart følgt av ny katastrofe?

Sjølv om dei tre var forskjellige, hadde dei likevel ein god del felles. Alle tre var politiske realistar, sterkt kritiske til den rolla ideologi og idealisme hadde spela i mellomkrigsåra. Dei hadde skarpt blikk for den rolla makt til sjuande og sist spelar i internasjonal politikk, og meinte ei varig ordning måtte ta omsyn til dei fundamentale stormaktsinteressene. Difor hadde dei tre felles idear på viktige område – og Litvinov siterte Carr sine leiarartiklar i «The Times» i notata han skreiv i utgreiingsarbeidet sitt.

Desse ideane vart etter kvart til den etterkrigsordninga vi kjenner: FN som internasjonal organisasjon bygt på like og suverene statar, men med Tryggleiksråd og vetorett for å sikra dei sentrale interessene til stormaktene. Og likeeins eit system med interessesfærer der stormaktene må banka på plass sine klientar om ein er på veg ut i farleg landskap, eller når kontakten med tyngdelova og realitetane blir for veik.

Då freden kom i 1945 hadde sentrale folk i dei utanrikspolitiske miljøa eit knippe idear å byggja på – idear som hadde oppslutning både i Moskva, London og Washington. Og dette gav byggjetomt for ei verdsordning som langt frå var perfekt – men som gav ein viss balanse, og verktøy for å unngå dei største katastrofene.

Då Sovjetunionen braut saman tidleg på nittitalet gjekk vi inn i ein periode der USA i stor grad kunne ta seg til rette internasjonalt – og diktere vilkåra for internasjonalt samkvem. Dette vart kombinert med ein sterk ideologisk nyliberalisme som erklærte at historia var slutt, og at patentoppskrifta på framtida var funne. Dei utanrikspolitiske miljøa i vest vart einsretta — av ein ideologisk og sterkt moralsk liberalisme som såg utanrikspolitikken som eit verktøy til å laga ei ideell verd, bygt på universelle prinsipp. USA var også sterkt nok til å i praksis setja til sides Russlands vetorett — og kunne temmeleg risikofritt gå til krig mot russiske allierte som Serbia, sjølv utan mandat frå Tryggleiksrådet. Konsept som «maktbalanse» og «interessesfærer» var avleggs i dei humanitære intervensjonane sin periode.

Det vara så lenge det gjekk. Under Obamas andre periode byrja det bli ganske synleg at det liberale lukkeland var ei synkverving. Mot slutten av tiåret byrja sentrale akademikarar innanfor internasjonal politikk-feltet å ta eit oppgjer med den tenkninga som hadde dominert i eit par tiår. John J. Mearsheimer gav ut «The Great Delusion», Stephen Walt «The Hell of Good Intentions». Begge bøkene skarpt formulert kritikk av eit utanrikspolitisk regime som preika moral medan ein oversåg maktdimensjonen. Etterklangen av «The twenty years crisis» er lett å høyra.

Der er vi no – dagen før Trump og Putin held fram skorpiondansen. Denne gongen i Alaska. Spørsmålet er om det finst nok realistisk fellesgods til å få internasjonal politikk inn på tryggare grunn. Eller om vestleg idealisme må laga enno større ruinhaugar før nokon er viljuge til å gå den vegen.

Innlegget er henta fra Hans Olav Brendbergs Facebook-side 14.08.2025

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar