Derimot: «Long Covid». Øker vaksineringen sjansene for å få den?
derimot.no:
Studie viser at long covid er ein direkte konsekvens av «vaksinasjon»
Dette innlegget er hentet fra Saksyndig
Det underlege fenomenet kjent som «long covid» ser ut til å vere, i det minste i enkelte tilfelle, eit direkte biprodukt av det å bli «vaksinert» mot covid-19. Ny forsking publisert i PLoS One fann ut at folk som utviklar long covid ofte har blitt injisert med minst to dosar av ei covid-sprøyte enn ikkje, truleg mRNA-varianten sidan dei kjem i par. Dette skriv Ethan Huff i Natural News.
Huff skriv (mi omsetjing):
«Vitskapsfolk såg på data frå 487 og 371 personar ved høvesvis fire veker og seks månader, etter at nemnde personar vart smitta med SARS-CoV-2. Teamet såg spesifikt etter data for å hjelpe dei med å estimere førekomsten, karakteristikken og indikatorane på long covid sidan naturen til tilstanden og kva som forårsakar den framleis blir sett på som litt av eit mysterium.
Éin ting som vart tydeleg openbert heilt i starten, er det faktum at dess meir alvorleg ein person sin tidlegare covid-infeksjon er, dess større er sannsynet at long covid vil oppstå. På oppfølginga etter fire veker manifesterte dette seg som ein førekomstrate på 23,4% av long covid hjå menneske som tidlegare leid av ein mild eller moderat covid-infeksjon. Til samanlikning identifiserte dei ein long covid-rate på 62,5% hjå menneske som tidlegare hadde lide av ein alvorleg covid-infeksjon.
Etter seks månader var førekomsten av long covid betydeleg lågare i begge grupper, men framleis merkbart høgare blant dei som tidlegare hadde lide av ein alvorleg covid-infeksjon, samanlikna med dei som hadde lide av eit mildt eller moderat tilfelle av covid. Gruppa med alvorleg covid såg ein long covid-rate på 23,1% etter seks månader, medan gruppa med mild eller moderat [covid] berre såg ein long covid-rate på 7,2%. […]
Over heile linja viste det seg at folk med allereie eksisterande medisinske tilstandar av alle typar var meir tilbøyelege til å utvikle long covid, samanlikna med friske menneske. Ein oppdaga òg nyansar når det gjaldt lengda på ein tidlegare infeksjon, kor lenge eller om ein person måtte sjukehusinnleggjast og kva slags type covid-injeksjon ein person tidlegare tok, der alt dette ser ut til å spele ei rolle i kor sannsynleg det er at long covid oppstår.
Dei som tok mRNA-sprøyter i dobbeldoseserien viste seg òg spesifikt å ha større sannsyn for å utvikle long covid samanlikna med dei som tok enkeltdose-covid-sprøytene frå anten Johnson & Johnson (Janssen) eller AstraZeneca.
I konklusjonen til studien erklærte forskarane at dei var ute av stand til å finne ‘nokon interaksjonseffekt av covid-19-vaksinasjon og akutt covid-19-alvorlegheit ved long covid’. Ifølgje kardiolog [hjartelege] dr. Peter McCullough, impliserer denne erklæringa at tidlegare vaksinasjon ‘var uavhengig assosiert med førekomsten av long covid’.
Ei spørjeundersøking frå 2022 fann ut at nesten sju prosent av alle vaksne amerikanarar på eitt eller anna punkt leid av long covid. Definisjonar på long covid har ein tendens til å variere, men det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) definerer det som ‘teikn, symptom og tilstandar som held fram med å utvikle seg etter akutt covid-19-infeksjon’ som kan vare i ‘veker, månader eller år’.
På noverande tidspunkt har USA sine regulerande organ, inkludert CDC, bestemt at det å bli injisert mot covid hjelper til med å redusere risikoen ein har for å utvikle long covid. Den nye studien ser ut til å motseie dette, og viser at det å bli injisert mot covid gjer ein person meir tilbøyeleg for å utvikle long covid.
‘I min praksis finst dei mest alvorlege tilfella av long covid hjå vaksinerte pasientar som òg har hatt alvorlege eller fleire episodar av SARS-CoV-2-infeksjon,’ sa dr. McCullough på X (tidlegare Twitter). I eit nyleg Substack-innlegg tok dr. McCullough dette vidare, og forklarte trua hans på at long covid-symptom blir forårsaka av at SARS-CoV2-piggprotein blir verande i celler og vev etter infeksjon.»
Forsidebilde: Harry cao