Derimot: Ligger skyhøyt over i seertall. Tucker Carlson knuser det store mediene.
derimot.no:
Tucker Carlson øydelegg dei tradisjonelle media
10. februar, 2024 av Larry Johnson
Eg byrjar få dreisen på å lage videoar, men produksjonsverdien er framleis dårleg. Sorry. Uansett ser eg med avsky på angrepa på Tucker frå slike som Hillary Clinton, Jimmy Kimmel og heile MSNBC, men så innsåg eg at eg var vitne til profesjonell sjalusi på steroidar. Eg bestemde meg for å finne sjåartala til desse klovnane og samanlikne dei med talet på sjåarar som Tucker tiltrekte seg. Tala er sjokkerande. Tucker knuste dei. Alle saman.
Her er tala. Først telde eg opp sjåartala for hans Late Night Show.
Ifølge Nielsens rating, fekk spesielt Gutfeld! (https://www.foxnews.com/shows/gutfeld) flest sjåarar førre veke med 2 062 000, med CBSs The Late Show with Stephen Colbert rett bak med 1 984 000 sjåarar. Neste var ABCs Jimmy Kimmel Live! Med 1 625 000 sjåarar og NBCs The Tonight Show with Jimmy Fallon med 1 329 000. Fox News-programmet leia av Greg Gutfeld var også det mest sette programmet innan kabelnyheiter i aldersgruppa 25–54, med imponerande 302 000 sjåarar.
Så valde eg det mest sette programmet på dei tre største kabel-TV-nettverka:
Fox Five: 3071
CNN 733
MSNBC 1315
https://www.adweek.com/tvnewser/friday-feb-2-scoreboard-the-five-closes-out-the-week-as-fox-news-most-watched-show/
Til sist summerte eg opp tala for nyheitsprogramma til dei tre største TV-nettverka:
ABC
8 082 000
CBS
4 997 000
NBC.
6 746 000
https://www.adweek.com/tvnewser/week-of-jan-29-evening-news-ratings-world-news-tonight-continues-to-top-rivals/
Totalen for alle desse programma til saman er rett under 32 millionar. Hugs på at tilbake i 1968 trekte Walter Cronkite gjennomsnittleg 27 millionar sjåarar berre til si sending. Samanlikn det med tala til Tucker: klokka 9:06 laurdag kveld (eastern standard time) er det 186 millionar visningar. Med andre ord trekk Tucker 6 gongar fleire sjåarar enn ABC, CBS, NBC, Fox News, CNN og MSNBC til saman. Og han bruker ikkje eitt øre på reklame for å trekke tilskodarar.
CNN sine tal er verkeleg patetiske. «Topp-programmet» deira trekte berre 733 000 sjåarar. Tucker slo det talet dei første 30 minutta av intervjuet sitt med Putin. Når ein stoppar opp og tenker på kor mange hundretals millionar dollar som medieselskapa med så få tilskodarar bruker, så må ein berre undrast: «kor lenge kan dette halde fram?»
Ein kan også samanlikne med Super Bowl-kampen mellom Chiefs og Eagles i 2023, som hadde 115 millionar tilskodarar. Tucker har slått den store hendinga med 70 millionar. Dette er eit tydeleg teikn på at dei tradisjonelle media ligg på sotteseng. Gratulerer, Tucker. Du slapp unna akkurat i tide.
Fritt omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/tucker-carlson-destroys-legacy-media/
Heile intervjuet kan sjåast her (før det blir sensurert vekk): https://www.youtube.com/watch?v=fOCWBhuDdDo
Forsidebilde: Deedee Geli