Derimot: Lekkete dokumenter forteller i klartekst: Ukraina lyger rutinemessig. De nedskalerer egne tapstall og overdriver russiske.

Derimot.no

derimot.no:

Noko av det som er lekka frå USAs militæretterretning, viser at Ukraina er i trøbbel – trass i at Austin & Milley insisterer på at alt går strålande

av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

Berre fordi noko informasjon er presentert i ei hemmelegstempla debrifing, betyr det ikkje nødvendigvis at den er sann eller presis. Mennene og kvinnene som organiserte desse debrifingane eller skreiv etterretningsrapportane er menneskelege, og kan gjere feil. Ha det i minnet når du les resten av denne artikkelen.

La oss sjå på to av BLUF’ane på tre av debrifingspresentasjonslysbilda. Hugs at BLUF er eit akronym for ’Bottom Line Up Front’ [kommunikasjonspraksis der den viktigaste delen av bodskapen (botnlinja) blir presentert først, mrk.]. Viss du skal førebu ei debrifing i U.S. military, må du ha god greie på akronymbruk. Dei to første bilda er daterte den 28. februar, 2023. Det er viktig å forstå at dette er eit augeblikksbilde, basert på informasjonen som Forsvarets etterretningsbyrå hadde i hende på den datoen.

BLUF #1 — Planen til Ukrainas luftforsvar (UKR Air Defense (AD)) no balanserer avgrensa ressursar for å beskytte kritisk nasjonal infrastruktur (CNI), befolkningssenter, frontlinja til troppane (FLOT), og andre nøkkelverdiar i Ukraina. UKRs evne til å yte mellomdistanse-luftforsvar for å verne FLOT vil bli fullstendig redusert innan den 23. MAI. UKR er vurdert til å kunne stå imot 2 – 3 fleire angrepsbølger. Når første lag med forsvarskrigsmateriell går tomt, vil forbruksratane av andre og tredje lag auke og redusere forsvarsevna mot russiske luftangrep frå alle høgder.

Dei raude blokkene på høgre side i bildet over, viser datoane når dei einskilde ukrainske luftvernsystema vill opphøyre å eksistere eller vere i stad til å respondere. 

Det neste lysbildet forklarer meir detaljert kva som ventar den ukrainske luftvernskapasiteten:

VURDERING

1. SA – 10 og SA – 11 utgjer 89% av Ukrainas Luftforsvars mellom/lang-rekkevidd, mellom/lang-rekkevidd forsvar (>20 000 fot) Basert på konsum av noverande avskjeringsutstyr:

  • BUK (SA – 11) vil vere fullstendig utarma innan 31. MARS 2023
  • S – 300 (SA – 10) vil vere fullstendig utarma innan 02. MAI 2023

2. AD-system med gjenverande lager av avskjeringsutstyr (SA – 3, SA – 12, NASAAM, IRIS – T, etc.) har ei avgrensa mengd system; det betyr at berre utvalde verdiar kan dekkast. Dei kan ikkje måle seg med dei russiske mengdene, og kan ikkje inngå i lagdelinga.

3. US/A&P SHORAD (Short – Range Air Defense System, luftvernsystem med kort rekkevidd)-bidrag (Stinger, Avenger, Gephard, Crotale, etc.) vil framlei avlaste forbruket avStrategiske and Taktiske bakke-til-luft-missil (SAMsurface-to-air missile,) Men system med kort rekkevidd og låg høgd har ikkje same avskrekkande effekt på trusselen frå russiske multi-funksjons-flyfartøy mot troppefrontlinja (FLOT) og kritisk nasjonal infrastruktur (CNI).

4. Avgrensa eller null ukrainsk luft-til-luft-forsvar (Air-to-Air Defense, A2AD).

5. Multiple avlastingssystem må søkast simultant for å auke gjennomslagskrafta til meir oppretthaldbare, berekraftige løysingar.

Meir folkeleg sagt: Ukraina har ikkje lenger luftforsvarskapasitet som kan skyte ned russiske missil og kampfly som kjem i ei høgd på over 20 000 fot. Det skulle vise seg å vere ei framtenkt vurdering. Under dei siste tre vekene har russarane brukt fleire luft-leverte bomber sleppte frå kampfly, og har nedskalert bruken av missil. Og nei, det betyr ikkje at Russland gjekk tom for missil, det er rett og slett berre meir kostnadseffektivt og dødbringande å sleppe bomber på 500 kilo og 1500 kilo på ukrainske posisjonar. Denne kjensgjerninga forklarer også noko av korfor dei ukrainske tapstala har auka.

Merk dykk nøye denne neste BLUF’en. Den handlar om ukrainske og russiske tapstal.

Vi har låg tillit til russiske (RUS) og ukrainske (UKR) nedslitingsratar og lagerlister på grunn av informasjonsgap, innsatsen til OPSEC (Operational security, sikkerheits- og risikostyringsprosess som skal hindre at sensitiv informasjon hamnar på feil hender) og IO (Information Operations), og potensielle feil i UKR informasjonsdeling. Vurderingar av tapstal, som varierer utifrå kven kjelda er, har informasjon frå RUS, Wagner, og UKR offentlege tenestemenn. I berekraftsvurderingane under, indikerer ’høg’ at styrkane kan oppretthalde operasjonar på alle domene, ’moderat’ indikerer at styrkane har problem med å oppretthalde operasjonar på eitt domene, og ’låg’ indikerer at styrkane ikkje greier å oppretthalde operasjonar på fleire domene.

Det denne vurderinga ikkje leverer, er ei detaljert forklaring om kjeldene for tala på drepne og skadde og andre tapstal. Det er sjokkerande. Forsvarets etterretningsbyrå, DIA, har overvakingskapasitet til å skaffe oversiktsbilde frå lufta, så dei kan telle opp øydelagde og skadde køyretøy, tanks og artilleri. Om dei hadde gjort det, ville eg tru det dokumentet hadde blitt stempla som topp-hemmeleg på grunn av systema brukt til å samle slik informasjon. I staden er dette dokumentet gradert som S/NF (Secret/No Foreign).

Eg trur informasjonen om russiske tap kom frå ukrainarane. Det er derfor dei russiske tapa er overdrivne, og dei ukrainske tapa er minimerte. Det er derfor debrifinga, i BLUF’en, spesielt nemner «potensielle feil i UKR informasjonsdeling». Det er berre ein fin måte å seie: vi veit Ukraina lyg, men politiske omsyn hindrar oss i å seie det.

Bortsett frå bedraget om Russlands reelle tap av personell og utstyr, målar desse debrifingane eit sørgeleg bilde av eit Ukraina som mistar si evne til å verge seg mot missil- og luftfartøy-angrep. Og det var nett det som skjedde.

Ein kjenning som eg respekterer, godtok under krigens første dagar velvillig dei ukrainske påstandane, som tilsynelatande sanningar. Ikkje no lenger. Han vedgår no at Ukraina lyg rutinemessig til USA om troppane sin styrke, kor parate dei er og kva dei til ei kvar tid oppnår på slagmarka.

USA og NATO snakkar framleis optimistisk om at Ukraina held stand og at Russland går tom for ammunisjon. Men mediekanalar som fullt ut støttar Bidens politikk i Ukraina, fortel ei anna historie. Avisa Washington Post rapporterte for fire dagar sidan:

Sjølv midt oppe i ein mangeltilstand, avfyrer Ukraina 7700 artilleriprosjektil eller bomber per dag, eller grovt rekna eitt kvart sjette sekund, ifølge ein ukrainsk militærtenestemann som snakka på vilkår om anonymitet, fordi dei ikkje har lov å uttale seg offentleg. Russland, som og kanskje har lite att, fyrer av meir – ifølge nokre estimat tre gongar så mange.

For å halde tritt med motstandaren og likevel spare på ammunisjonen, er det ukrainske militæret no meir kresne i utvelginga av mål, og dei prioriterer ofte utstyr over små infanterigrupper. Presisjon er nøkkelen, for bomskot betyr bortkasta eksplosiv. Og i undergrunns-verksemder rundt om i austre Ukraina, brukar soldatar 3D-printarar og resirkulerer ueksplodert tungt skyts til å lage alternativ ammunisjon.

Artillerirundar for Ukrainas våpen frå Sovjet-tida, som utgjer størstedelen av arsenalet deira, har lenge fått berre lite påfyll. Det har gjort dei avhengige av artilleriet som Kyiv (Kiev) sine allierte i Vesten leverer, fordi dei brukar 155mm-kaliber-patronar som Ukraina har meir av no, men til langt færre skytevåpen.

I lys av avviket mellom det Forsvarsminister Austin og sjefen for Joint Chiefs of Staff Milley fortel offentleg, og dei faktuma som er lekka, kan ein nok gå utifrå at nokon med klarering, som kjende avsky over all lyginga, bestemde seg for å blåse i fløyta og varsle utan å identifisere seg.

Somme har ymta om at Biden-administrasjonen lekka dette materiellet i eit forsøk på å samle støtte til meir hjelp til Ukraina. Det er latterleg. Noko av det topp-hemmelege materiellet som flyt rundt på nettet, er avslørande og skadeleg for USAs relasjonar med mange land og organisasjonar, som t.d. Israel, Sør-Korea, Ukraina og FNs generalsekretær. Storleiken og omfanget av denne lekkasjen overbeviser meg om at det vart gjort av nokon som agerer som varslar.

Eg trur Lloyd Austin og Mark Milley kanaliserer litt Leslie Nielson frå Naked Gun:

Artikkelen er omsett av Monica Sortland for derimot.no

Forsidebilde: derimot.no

Les artikkelen direkte på derimot.no