Derimot: Lege i Ontario advarer: Hold dere langt unna covid-vaksinene.

derimot.no:

Av Miranda Sellick, RAIR Foundation. Omsett av og henta frå saksyndig.

«Forsikrings- og gravferdsagentar seier at vi har hatt ein auke i dødsrate i verda på mellom 25 og 40%,» seier dr. Chris Alan Shoemaker.

dr. Chris Alan Shoemaker.

På to helgerally i Toronto heldt ein tidlegare covid-respons-teammedlem, dr. Chris Alan Shoemaker, alarmerande talar der han åtvara kanadiarar om farane ved den eksperimentelle mRNA-sprøyta.

Dr. Shoemaker, som er ein autorisert Ontario-lege med 45 års erfaring, har jobba i akuttmedisin, familiepraksis og på militærbasar. Frå 2020 til 2022 jobba han i direkte pasientomsorg ved West Ottawa Covid Care Clinic og var del av Eastern Ontario Response Team for covid-19. Han har fått kjennskap til biverknadene personleg gjennom erfaring og frå dataa.

«Desse injeksjonane kortar ned liv. Alle som får sprøyte etter sprøyte etter sprøyte av desse covid-19-injeksjonane kortar ned liva sine med kvar einaste dose. Covid-sprøyta hindrar deg ikkje i å få covid; den aukar faktisk risikoen for å få covid med tre til fire gonger,» sa han til folkeskaren som hadde samla seg utanfor AstraZeneca-kontoret i Mississauga. «Stopp dei no, seier eg til kvar einaste provins-/territorieminister i Canada. Gjer kva de kan for å få folket dykkar til å avstå frå desse vaksinasjonane.»

Studie etter studie kjem gjennom sensuren til hovudstraumsmedia – den nylegaste vart publisert i The Lancet 15.oktober, som viser at etter den fyrste oppfriskningsdosen har millionar av eldre i Storbritannia, dei med høg multimorbiditet, og dei med visse underliggjande tilstandar, framleis høgst risiko for covid-19-relatert sjukehusinnlegging og død – og beviser at genterapien ikkje hindrar infeksjon, viral formeiring og overføring, og beskyttar ikkje dei som er vurdert å vere i risikosona.

Dr. Shoemaker presenterte haugevis av sjokkerande statistikk. «Vi har no 80 legar mellom 25 og 55 år som har døydd i løpet av dei siste 60 dagane i Canada. Og det er berre legane som får tredje og fjerde dose som døyr brått,» sa han. Legar, forklarer han, tek sprøytene av alle dei rette grunnane; fordi dei blir bedne om å gjere det. Dei har blitt leia til å tru at det vil beskytte pasientane fordi dei vil redusere covid. Men ingenting av dette er sant.

Ifølgje dr. Shoemaker: «når du fyrst får tredje dose, og heilt sikkert når du får fjerde dose, er immunforsvaret ditt so utbrent og skadd at du får covid lettare. So, med andre ord, etter fyrste dose fell du nedover mot immunsvikt.»

Det som måtte finnast av effektivitet varer om lag tre månader, men biverknadene og dei immunøydeleggjande eigenskapane varer resten av livet.

Fallet mot immunsvikt fører med seg ikkje berre den auka risikoen for å få covid, men ei rekkje andre helseproblem. «Når du er på veg mot immunsvikt, har du større fare for å få kreft fordi immunforsvaret er ansvarleg for å hindre deg i å få kreft,» forklarte han. «Og du kjem til å få andre infeksjonar, frå apekoppar til hepatitt til kven veit kva; du er meir tilbøyeleg for desse tinga. Når du har teke tre og fire, gud forby, blir immunforsvaret endå meir skadd.»

Dr. Shoemaker forklarte den reine storleiken av kva som er i sprøytene på det mest basiske vitskaplege ingrediensnivået. Ein vanleg poliovaksine har rundt 80 virale agentar, medan desse covid-sprøytene inneheld 40 000 milliardar mRNA-ane levert via nanopartiklar. Kroppen vår har berre 30 000 milliardar celler. Og det er desse mRNA-ane som forårsakar problema sidan dei induserer ein pågåande immunrespons som oppmuntrar kroppen sitt eige system til å gå til åtak på seg sjølv. Dette manifesterer seg i hjarteskade (peri- og myokarditt, hjartesvikt), hjerneskade (slag), mislykka svangerskap og fruktbarheitsproblem, blant mange andre ting. «Desse glatte små nanopartiklane – dei må vere uhyre små for å få 40 billionar inn i kroppen din i éi lita sprøyte. So, desse partiklane er knøttsmå, og dei er temmeleg kinkige. Dei kryssar blod-hjerne-barrieren, og dei skaper long covid og skade på hjernen din. Dei kryssar eggstokkane og gjer deg ufruktbar. Dei går inn i testiklane og gjer deg steril i minst seks månader. Det tek seks månader å kome seg etter ei covid-sprøyte. Dersom du er ein vaksen mann og har teke den, går talet sædceller ned 50% i dei seks månadene etter sprøyta.»

«Denne sprøyta vart designa for å krysse inn i eggstokkane; denne sprøyta vart designa for å krysse hjernebarrieren. Denne sprøyta vart designa for å gå overalt. Og det er grunnen til at folk døyr under slike merkelege omstende, uforklarlege omstende, og tala er skrekkinngytande,» fortalde han publikum. «67% av dei som tok vaksinen då dei var gravide, miste fosteret.» Pfizer sine eigne tal viser at 28 av 29 gravide miste babyane sine.

Dr. Shoemaker refererte til ein anna studie utført i Storbritannia, som brukte data frå Kontor for nasjonalstatistikk [Office of National Statistics] frå 2020 til 2021, der dei samanlikna barn i alderen 10 til 14 år, vaksinerte og uvaksinerte. Resultat som vart offentleggjorde i februar i år viste at «Vaksinerte 10 til 14-åringar har 82 til 100 gonger større risiko for å døy enn uvaksinerte.»

Les: Stor overdødelighet av folk i arbeidsdyktig alder

På «golvet» er patologar, gravferdsbyrå og forsikringsselskap vitne til dei sterkt auka ratane av overtalsdødelegheit. Den auken er «ein stad mellom 25 og 40%. Forsikringsfolk og gravferdsagentar seier at vi har hatt ein auke i dødsrate i verda på mellom 25 og 40%,» sa dr. Shoemaker. «Vel, det er endå verre i dei vaksinerte landa.» Medan hovudstraumsmedia vil få dykk til å tru at Sudden Adult Death Syndrome, slag og hjarteproblem hjå barn er fullstendig nye og uforklarlege fenomen, vil medisinske profesjonelle over heile verda fortelje dykk at sprøytene forårsakar dei.

Nyleg skreiv 96 legar i Quebec eit ope brev der dei bad om ein slutt på mRNA-injisering av barn. «92 legar i Storbritannia leverte inn eit offisielt krav om at regjeringar stoppar all [covid-19-]vaksinering for alle menneske i Storbritannia,» fortalde dr. Shoemaker folkemengda. «Dette er autoriserte legar i Storbritannia, som har sett farane til desse vaksinasjonane, og som har pasientar som kjem til dei med vaksineskadar, med tap av normal gåevne, med tap av normal hjartefunksjon, og som no har hjartesvikt etter myokarditt; med alle slags forferdelege tilstandar, inkludert uregelmessig menstruasjon hjå kvinner. Fruktbarheitsproblem, eg meiner, legane ser blodbadet, legane rundt om i verda ser blodbadet forårsaka av desse vaksinane.»

«Det er ingen måte å gøyme seg frå det. Ein 10% auke av dødelegheit burde verre skje i verda éin gong kvart 300. år. Og dersom vi trur det er ille no, vil det berre bli verre. Verken tida eller auken i vaksinasjonar er på vår side.» Han valde ut pilotar og atletar for å illustrere eit døme; begge gruppene har vist ein auke på 1500% i brå død sidan sprøytene vart rulla ut.

assorted-color buildings near red boat docked on port during daytime
Takk til Danmark for å stoppe vaksinering av alle under 50 år.

Medan han heldt det danske flagget for å erkjenne at landet nyleg trekte tilbake covid-sprøyter for dei under 50, takka dr. Shoemaker landet for å bane vegen med sunn fornuft. «Danmark, vi frigjorde dykk med glede frå nazistisk undertrykking på 1940-talet,» sa han, og refererte til tapet av kanadiske soldatar i Andre verdskrig. «Vel, no seier vi takk til Danmark i dag for det dei gjer for oss. Danmark gjev oss eit fabelaktig døme. Danmark har innsett giftigheita.»

Dr. Shoemaker lovpriste deretter ivermectin – eit trygt, effektivt og ikkje-giftig legemiddel som beviseleg førebyggjer og behandlar covid, long covid og vaksinebiverknader, men som framleis er forbode i Canada. «Ta ein køyretur til New Hampshire [i USA] og få tak i det,» sa han. «Det var alltid det beviste legemiddelet. Det har vore bevist i 12 år. Ivermectin var legemiddelet ein skal ta i bruk når og viss det kjem ein ny covid-pandemi. Det var i trykk. Og på eit eller anna vis har alle gløymt at ivermectin, ein menneskemedisin som har blitt brukt aktivt i 40 år, var redninga om vi fekk ein annan covid-infeksjon.»

For å konkludere var dr. Shoemakers kamprop utvitydig. «Desse er dei giftigaste medisinske agentane ein har sett inn i menneske i historia,» sa han. «Sprøytene vil drepe dykk, anten raskt eller langsamt.»

Forsidebilde: Kenny Eliason

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 10

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...