Derimot: Larry Johnson: Noen prøver fortsatt å gi kunstig åndedrett til troen på ukrainsk seier.

Derimot.no

derimot.no:

Post mortem’ar byrjar dukke opp i Ukraina

Post Mortem betyr «Etter døden». (red.)

4 Januar 2024 av Larry Johnson

X-CIA analytiker

Krigen i Ukraina kvernar vidare, og ukrainske troppar trekk seg tilbake langs heile den hundre mil lange grensa. Ikkje nett nokon god start på det nye året for Zelensky, og framtida er i beste fall trist. Russland øydelegg metodisk ukrainske fabrikkar som er sette til å produsere militære klede, ammunisjon, dronar og køyrety.

Reparasjonsverkstadar har også blitt råka og utraderte. Likeeins for militære treningsleirar/basar. Ukrainas nylege bruk av klasebomber mot Belgorod og Donetsk drap nokre få sivile, men gjorde Putin og hans militære kommandantar rasande. Som respons har Russland sleppt laus rekker av missil-, drone- og rakettangrep heilt fram til vest-grensa av landet, og dei sver på å halde fram med det. Vesten kan berre gløyme håpet om å bygge fabrikkar for å halde Ukraina i krigen.

Ikke lett å trylle vekk et Na/ukrainsk nederlag.

Panikken blant vestlege analytikarar om dei ukrainske nederlaga har eskalert. Robert Clark, som skriv i britiske Telegraph, jamra sine klager i ein artikkel med tittelen Ukraine’s new year may end with a brutal Western betrayal (Ukrainas nye år kan ende med eit brutalt vestleg svik). Clark skuldar på Vestens leiarar for Ukrainas katastrofe:

Stemninga i 2024 er svært annleis. Motoffensiven gridde ikkje å gi eit avgjerande slag til Putins styrkar i sør. Russlands økonomi har stått imot Vestens sanksjonar, og militariserer raskt for å levere ein jamn straum av ammunisjon til fronten. Ukraina, på si side, gjennomgår eitt av dei største bombardementa frå lufta sidan krigen starta, og den sameinte fronten deira byrjar bli tynnsliten ettersom verneplikta krev sin pris. …

Å vende ryggen til det ukrainske folket no, så raskt etter månadar med brutale kampar, er ein moralsk fallitt og strategisk skjødeslaust.

Det er forståeleg, om ikkje tilgiveleg, at regjeringar har byrja stille spørsmål ved kor engasjerte dei skal vere i ein djupt destruktiv krig utan ende i sikte. I beste fall verkar det no vere små til middels lange periodar med stillstand langs mykje av den 1000 kilometer lange frontlinja.

I mellomtida kjempar Vestens økonomiar og budsjett enno for å gjenhente seg etter pandemien og fjorårets energi-sjokk. Globale forsyningskjedar er framleis i stadig endring, og medan Midtausten blussar opp, kan houthiane i stadig større grad diktere vilkåra for handel og passasje i Raudehavet, der dei leverer endå eit slag mot ein skjør global økonomi.

Og elefanten i det ukrainske krigsrommet – ein Republikansk administrasjon som kanskje returnerer til Det kvite hus om ein tolv månadars tid – reiser skremselet av bråstopp i USAs pengestøtte. Sjølv den noverande Biden -administrasjonen har slite med ein opprørsk Kongress. Og i EU har Viktor Orbán blokkert overføring av støtte.

Clark, som tidlegare har tenestegjort i den britiske arméen, lærte ikkje noko som helst under tida si i Irak og Afghanistan. Han kjempar ikkje mot sauegjetarar og kamel-jockeyar. (Når eg tenker meg om, så sparka desse kamelryttarane forresten godt ifrå seg). Han held fram, som mange andre forvirra Vestlege analytikarar, å insistere på at krigen no står i stampe, uavgjort. Korleis er det uavgjort når Russland produserer langt fleire tanks, artillerigranatar og dronar enn Ukraina og alle NATO-landa, og bygger opp sin ståande armé med rundt 42 000 menn i månaden? Medan Putins krigsmaskin er i siget, greier Ukraina ikkje ein gong å å legge fram ein fungerande plan for å verve nytt kanonfôr. Hei, Clark, dette er ikkje uavgjort stillstand.

Oberst Jacque Baud

Oberst Jacque Baud, ein sveitsisk offiser spesialisert på strategisk etterretning og tidlegare sjef for FNs fredsoperasjonsdoktrine, er ikkje belasta med dei analytiske manglane til herr Clark. Baud skreiv nyleg boka  The Russian Art of War: How the West Led Ukraine to Defeat (Russlands krigskunst: Korleis Vesten leidde Ukraina til nederlag), og presenterer ein detaljert analyse av Ukrainas håplause oppgåve. Han summerer kort opp problemet:

Problemet med den store majoriteten av våre såkalla militærekspertar, er deira manglande evne til å forstå den russiske tilnærminga til krig. Den er resultatet av ei tilnærming vi allereie har sett under bølger av terroristangrep – motstandaren er så tåpeleg demonisert at vi ikkje prøver forstå korleis han tenker. Det har ført til at vi er ute av stand til å utvikle strategiar, koordinere styrkane våre, eller i det heile tatt utstyre dei for krigens realitetar. Den logiske konsekvensen av denne tilnærminga, er at våre frustrasjonar av eit skruppellaust pressekorps blir omsette til eit narrativ som forar hat og aukar vår sårbarheit. Vi er såleis ute av stand til å finne rasjonelle, effektive løysingar på problemet. …

Grunnen til at russarane er betre enn Vesten i Ukraina, er at dei ser konflikten som ein prosess; medan vi ser den som ei rekke separate aksjonar. Russarane ser hendingane som ein film. Vi ser dei som fotografi. Dei ser skogane, medan vi fokuserer på trea. Det er derfor vi plasserer starten på konflikten på datoen 24. februar, 2022, eller starten på den palestinske konflikten den 7. oktober, 2023. Vi ignorerer all kontekst som vi ikkje er bekveme med, og fører konfliktar som vi ikkje forstår. Det er derfor vi tapar våre krigar. …

The Postil har lagt ut  første kapittel av boka han og det er eit must å lese for alle som vil forstå korfor Ukraine og Vesten får rundjuling i denne krigen. Kudos til Baud.

Det betyr ingenting om Kongressen i USA bestemmer seg for å helle nye 60 milliardar dollar i gapet på Ukraina. Pengar kan ikkje kjøpe Kiev trente soldatar. Pengar kan i kjøpe Kiev eit effektivt luftforsvar til å stoppe russlands hypersoniske missil. Det er dét Jacque Baud innser og Robert Clark ikkje har fått med seg.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/ukrainian-post-mortems-starting-to-appear/

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar